Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Singapore Airlines lanserte i dag eit stort sal på billettar i både økonomi-, premium økonomi og businessklasse.
Det er alltid interessant når Singapore Airlines kjem med ein ny kampanje, spesielt har dei ofte kome med attraktive prisar til Australia og New Zealand. Prisane denne gongen ser ut til å vere omrent dei same som under kampanjen dei hadde i september. Det som er dumt er at dei no har lagt inn i vilkåra at det er «minimum stay» på sju dagar, tidlegare har det vore nok å vere vekke natta frå laurdag til søndag. Denne kampanjen har ein sjenerøs bestillingsperiode, du kan bestille billettar til kampanjeprisen heilt fram til 2. februar.
Denne kampanjen vart annonsert i e-posten der Singapore Airlines for nokon dagar sia ynskte god jul. Det er allereie oppretta ein tråd på forumet der du kan diskutera tilbodet.
Prisar i businessklasse
Til Søraust Asia kan du mellom anna finne følgjande prisar, ingen av desse prisane er ekstraordinære men kan vere verdt å vurdera med tanke på det gode produktet du får hjå Singapore Airlines. Det kan også vere verdt å merke seg prisen til Moskva. Dersom du har tenkt deg på VM i fotball til sommaren kan dette vere ein behageleg måte å koma seg dit.
Dei mest interessante prisane finn du til Singapore Airlines sine destinasjonar i Australia og New Zealand.
Her snakkar vi gode prisar, omtrent på linje med dei vi har sett tidlegare. Som inspirasjon kan vi vise til reisebreva frå to av våre forumdeltakarar, weekendtur til Aukland og ein tur til Christchurch. Hugs også at du opptenar 200% poeng i SAS Eurobonus når du flyg businessklasse med Singapore Airlines. Ein tur til New Zealand vil difor gje deg gullkort på ein tur.
Her kan du lese vår test av Singapore Airlines A350 frå då Insideflyer var med på første tur frå Singapore.
Prisar i økonomi og premium økonomi
I premium økonomi finn du mellom anna desse prisane:
I økonomi finn du mellom anna desse:
Også her kan det vere verdt å merke seg prisen til Moskva, dersom du skal til VM i fotball har du her eit fint alternativ også i økonomiklasse.
Billettar i premium økonomi gjev 100% opptening medan oppteninga i økonomi varierar frå 10% til 100%.
Du finn ei fullstendig oversikt over kampanjeprisane her.
Første klasse
Vi kan også nemne at Singapore Airlines har gåande ein kampanje i første klasse. Prisane her er noko stive, men dersom du verkeleg vil slå på stortromma kan det vere å sjå på desse. Desse prisane kan du bestille heilt fram til 31. mars. Her slepp du også unna dei strenge krava til «minimum stay» og det er også rimelegare å endra billetten.
Vilkår
Bestillingsperiode: 26.12.2017 til 02.02.2018.
Reiseperiode: 01.04.2018 til 14.12.2018.
Minimum stay: 7 dagar
Maximum stay: 3 månadar
Avgift ved kansellering: Kansellering ikkje tillete
Avgift ved endring: USD 300.
Dette er igjen ein fin kampanje frå Singapore Airlines, men det er synd at dei har lagt ei strengare begrensing på «minimum stay». Det er også synd at dei no ikkje tillet kansellering, ved førre kampanje kunne du kansellera mot ei avgift på USD 300.
Har du tenkt å nytte deg av kampanjen? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.
Oppdatering: Ein forumbrukar har påpeika at du får opp nye vilkår når du går vidare til bestilling og at det då vert oppgjeve at du kan kansellere mot ei avgift på USD 300. Det er kun på billettar utstedt etter 20. januar du ikkje kan kansellera mot avgift. Dette er i forbindelse med at Singapore Airlines fasar inn nye billettreglar. Du kan sjå desse her.
Legg igjen en kommentar