Sjølvbetent registrering av tapt bagasje hjå KLM

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Passasjerar som reiser til Amsterdam med KLM og ved ankomst ikkje finn sin bagasje på bandet kan no sjølv fylle ut ein Property Irregularity Report (PIR).

I ankomsthall 2 (Schengen) på Schipol lufthamn ved Amsterdam er det stilt opp seks blå automatar der du sjølv kan melde din bagasje tapt hjå KLM. Via automaten må passasjeren svara på ei nokre spørsmål, som informasjon om flyreisa og skildring av kofferten. Etter at rapporten er levert vil etterlysninga av kofferten starte.

Trass nye tiltak forsvinn det framleis bagasje får ei tid til ei anna

Passasjeren har kontroll

Det nye tiltaket føljer tendensen der passasjeren får stadig fleire sjølvbeteningsmoglegheiter på reisa. Automatisering av registreringa av PIR vil sørgje for kortare køar ved skrankane. Skrankane vil framleis halde opent, også det separate området for SkyPriority-passasjerar. Air France har i lenger tid tilbydd sjølvbetent registrering av tapt bagasje.

Lufthamnene og flyselskapa gjer sjølvsagt alt dei kan for å unngå tapt bagasje. Vi har samla nokre tips som du kan ta med deg dersom uhellet skulle vere ute.

Denne artikkelen vart opphavleg skriven av The Flying Dutchboy på vår systerside, Insideflyer.nl.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *