Star Alliance opnar eigen lounge på Amsterdam Airport Schiphol

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Som internasjonal flyplass og hub, har Schiphol hatt eit mindre bra loungetilbod for reisande med Star Alliance. Sjølv om ein fekk tilgang til ein kontraktslounge når ein flaug med SAS Plus eller hadde SAS Eurobonus Gold eller høgare, så var den ikkje noko å rope hurra for. No er det nye tider for loungebesøk på AMS.

Loungen opna 7 mars, og ligg på flysida på Departures 2 Schengen området, tett på der alle Star Alliance flygninger i Schengen er.  Loungen har plass til 150 gjester og vil vera open dagleg frå 05:30 til 21:30. Litt avhengig av flygninger for Star Alliance partnere i Schengen. Loungen er primært for selskap som handterer flygninger i Schengen som Adria Airways, Aegean Airlines, Austrian Airlines, LOT Polish Airlines, Lufthansa, SAS, Swiss, og TAP Air Portugal. Gjester som skal lenger ut i verda er velkomne til å bruke loungen, men må tenke på at dei må gjennom passkontroll.

The new Star Alliance lounge at Amsterdam AMS airport

Loungen er designa i samarbeid med D-Dock, som er eit Amsterdam-basert arkiktekt og design firma. Dette har gjort at ein kan få litt lokale toner i den nye loungen. Dei har henta inspirasjon frå den nederlanske himmelhvelvingen og lanskapet. Loungen har innslag av møbler og dekorasjoner med orginal nederlandsk design.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Nummer åtte i rekken

Fasilitetene vil inkludere eit baggasje oppbevaringsområde, individuelle arbeidsplasser, felles arbeidsbord, spiseområde, bar, avslappingsområde og ein vinbar.  Loungen vil ha ein betjent bar på ettermiddagen, fatøl, ein buffet med varm og kald mat, og det ein normalt finn i ein lounge. Eg har ikkje klart å finne ut om dei har ein dusj.

Loungen er den 8. i rekken av eigne Star Alliance Lounger, og dei andre 7 er i Buenos Aires (EZE), Los Angeles (LAX), Nagova (NGO), Paris, som straks skal pussast opp (CDG), Rio de Janeiro(GIG), Roma (FCO) og Sao Paulo (GRU)

Forfattaren skal fyrst innom AMS i starten av mai. Det vil bli ein litt fyldigare rapport når ein kjem seg innom for ein betre titt.

Alle bilete er henta frå Star Alliance sine nettsider

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *