Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Juneyao Airlines vart forrige veke det første flyselskapet som utvida Star Alliance-nettverket som Connecting Partner. I samsvar med alliansen sitt nye partnerkonsept tilbyr no det Shanghai-baserte flyselskapet Star Alliance-passasjerar nye transfermoglegheiter via ein av Shanghai sine to lufthamner – Pudong International og Hongquao International
Dette er heilt klart ein fordel for reisande med SAS frå Noreg, då det gjev betre moglegheiter for å reise vidare frå Shanghai.
For alle passasjerane med tilslutningsfly vert det tilbydd innsjekka bagasje i begge retningar, og alle passasjerar med Star Alliance Gold vil nye godt av desse privilegia på Juneyao Airlines:
- Loungeadgang
- Fast Track
- Ekstra bagasje
- Priority check-in
- Priority boarding
- Priority standby
- Priority bagasje
Jeffrey God, CEO for Star Alliance seier følgjande:
Med Juneyao Airlines som Connecting Partner har vi oppnådd to viktige mål. For det første at vi som allianse kan tilby regionale flyselskap å knytte seg til oss på ein attraktiv måte, utan at dei må bli fullverdige medlemmar. Framover vil dette gje oss moglegheita til å utvide vårt nettverk strategisk. For det andre styrkar vi med Juneyao Airlines vår marknadsposisjon i Shanghai, ein by som allereie er betjent av 17 av våre medlemsselskap, som no vil tilby endå betre tilslutning for våre kundar.
Shanghai
Flyselskapa i Star Alliance – Air Canada, Air China*, Air India, Air New Zealand, ANA*, Asiana*, Austrian, Ethiopian Airlines, EVA Air*, Lufthansa, SAS, Shenzhen Airlines, Singapore Airlines, SWISS, THAI, Turkish Airlines og United handterar meir enn 1600 flygingar i veka (874 innanriks og 811 internasjonale) inn og ut av den kinesiske millionbyen og betenar 64 destinasjonar (25 innanriks og 39 internasjonale) i 19 land. Juneyao Airlines tilbyr no Star Alliance-kundar moglegheit for tilslutning med meir enn 1700 flygingar i veka til 69 destinasjonar i åtte land og regionar via Shanghai.
Wang Junjin, formann i Juneyao Airlines uttalar:
I vår 11-årige historie har vi vakse til eit mellomstort flyselskap som nyttar 62 Airbus A320-fly. Å verte utvald som Connecting Parter til Star Alliance for å tilby ytterlegare tilslutning via Shanghai er ei anerkjenning av vårt fokus på service. Vi håpar at Star Alliance-kundar vil sette pris på vår gjestfridom.
Connecting Partner-modellen
Connecting Partner-modellen gjer det mogleg for regionale-, lavpris- eller hybridflyselskap å få ein forbindelse til Star Alliance-nettverket utan å vere fullverdig medlem. For kundane gjev dette tilgong på 1300 flyplassar som vert betjent av alliansen sine 28 medlemmar. Connecting Partners vert nøye utvald og skal overhalde dei høge standardane som alliansen krev.
Connecting Partners kan dessutan inngå bilaterale, kommersielle avtalar med utvalde Star Alliance-medlemmar som kan omfatte fordelar basert på lojalitetsprogramma. For Juneyao Airlines vil medlemmane av lojalitetsprogramma til Air Canada, Air China, EVA Air, Singapore Airlines og United kunne opptene og nytte poeng/miles på reiser med det kinesiske flyselskapet.
Merk * = Desse flyselskapa betenar både Hongqiao og Pudong, alle øvrige betenar utelukkande Pudong.
Har du fått med deg at du kan vinne 1 million Star Alliance miles?
Denne artikkelen vart skriven av Henrik Olsen for vår systerside, Insideflyer.dk
Legg igjen en kommentar