Test: Scandic Flesland Airport

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Den 1. april 2017 opna Vestlandets største, og Noregs nest største, konferansehotell. Vi har no testa Scandic Flesland Airport og det innfrir på mange områder.

Eg kom til Scandic Flesland Airport med bil og kunne difor køyre rett ned i garasjen under hotellet, der var det god plass, i tillegg finn du mange parkeringsplassar utanfor hotellet. Frå garasjen i kjellaren kan du ta heis opp til resepsjonen.

Innkøyring til garasje

Eg kom hotellet rundt kl 09 for ein konferanse, og eg gjorde ingen forsøk på å sjekke inn på dette tidspunktet. Hotellet har flotte konferanselokaler, omtrent slik det kan forventast av eit heilt nytt hotell.

Litt etter kl 14 gjekk eg til resepsjonen for å sjekke inn, dette gjekk ganske smertefritt. Vi var 5-6 personar som kom samtidig og det tok litt tid før meir enn ein skranke vart bemanna, men i løpet av eit minutt eller to var tre skrankar bemanna. Eg vart teke godt i mot og fekk utdelt romnøkkel saman med ein voucher på 50 kr som kan nyttast i baren, restauranten eller andre plassar på hotellet. Bak skranken finn du ei informasjonstavle med oversikt over flyavgangar, klokkeslett og vêrmelding. Scandic har fjerna minibaren frå hotella sine og erstatta denne med ein kiosk som du finn i resepsjonen.

Resepsjonen, bilete er ikkje teke når eg sjekka inn

Rommet

Før eg kom til hotellet sendte eg ein mail der eg bad dei leggje inn Scandic Friends-nummeret mitt, eg bad også om å få «eit fint rom litt høgt oppe». Scandic er ikkje den hotellkjeda eg nyttar mest og eg har berre nivå 2 (2nd Floor) i fordelsprogrammet. Eg fekk eit rom i tredje etasje.

Velkomsthelsing

På rommet låg der eit handskrive velkomstbrev, slikt sett eit personleg preg på opphaldet og det set eg alltid stor pris på.

Rommet var fint, ryddig og hadde ein grei størrelse.

Fasilitetar

Hotellet har treningsrom, eg testa ikkje dette. Hotellet har ikkje symjebasseng. Hotellet reklamerar med ein takterrasse som har utsikt over rullebana på Flesland, det var eg ikkje klar over og eg fekk heller ikkje undersøkt dette – det skal eg i alle fall gjere ved neste besøk.

Eg var som nemnd på hotellet i forbindelse med ein konferanse, her fekk vi både frukost og lunch servert som buffet og middag servert i porsjonar. Maten på hotellet heldt god standard.

Her kan de sjå ein promo-video for hotellet:

Oppsummering

Eg hadde eit fint opphald ved Scandic Flesland Airport. Hotellet har gode konferansefasilitetar, gode rom og gjev eit generelt godt inntrykk. Einaste som trekk ned er at dei kunne bemanna innsjekkingsskrankane litt kjappare, ellers var all service ved hotellet upåklageleg. Eg kjem ikkje til å nøle med å bestille dette hotellet dersom eg skal ha eit hotell nært Flesland. Med den nye terminalen vert det endå kortare gåavstand frå flyplassen.

Har du lest vår guide til Scandic Friends?

Del gjerne dine erfaringar med Scandic på vårt forum.

Oversikt

Fordeler

Kort avstand til flyplassen
God mat
Nytt og fint hotell
Hyggeleg personale

Ulemper

Ikkje symjebasseng

Service

Beliggenhet

Rom

Funksjoner

Verdi

Overall Rating

Konklusjon

Fint og nytt hotell som absolutt kan anbefalast.

4.4

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *