Thai Airways Business Class TPE-BKK med Boeing 787-9

Thai Airways Business Class Boeing 787-9

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Nytt fly, nytt flyselskap og ny flyplass! Etter ei fantastisk reise til Taipei TPE med EVA Air, så kan det kanskje bli urettferdig å reise med ein dagflight med Thai?

Natta er tilbrakt på eit Love Motel i Taipei. Etter litt sightseeing i byen med ein veldig lokal frukost, streetfood, brukbar kaffi og litt bubbletea, så var det tid for å gjera det ein eigentleg reiser på tur for. FLY!!

Me finn ein taxi, og har ein fin tur gjennom det taiwanske landskapet til flyplassen, og kjem inn til ein flott terminal. Me finn kjapt Thai sitt innsjekkingsområde, og på Business sjekkinn er det ingen kø, og det er fort gjort. Me går videre inn mot sikkerhets- og grensekontroll, og må då stå saman me alle andre, då me ikkje finn eit eige område for fast track. Uansett så går det kjapt gjennom sikkerheit, og sjølv om det er lang kø på grensekontrollen, så har dei innført automatikk og me venter kun få minutt.

Lounge

Me er ikkje på EVA sin hovudterminal på TPE, og me får difor ikkje besøkt EVA sine lounger. Thai har heller ingen eigen lounge, og me blir difor henvist til ein tredjeparts lounge, Plaza Premium, og me får invitasjon frå Thai.

Flyplassen er full av ganger, men alt er rent og velholdt. Me kjem etterkvart til loungeområdet, og opp ei trapp, forby Cathay ligg Plaza Premium Loungen. Lounger er ikkje altfor stor, men det er god plass, god variasjon i sitteområder, og den er velholdt. I eit av hjørnene, bak ein skillevegg, finn me matområdet. Her er det ein liten buffet med overkokt vestlig mat, samt nokre asiatiske val. Ein kan også få nokre retter som dei lagar mens du venter, og då er det ulike supper, nuddel og risretter, og dei smaker brukbart. Det er litt industriell feel over det, men betre en det du får i vesten. På den andre veggen er det drikke tilgjengeleg, og her finn du det du måtte ha behov for. og på ein liten knapp på spritedispenseren er det vatn me bobler. (Av andre bobler var det kun ein industriell Proseco)

Me har hyggelege 90 minutter her i loungen, og då tek me turen ut for å sjå på flyplassen.  Flyplassen er lagt opp som ei handlegate, med trapper ned til gatene frå handlegata. Me finn vår gate og finn flyet vårt, og er på gate når boarding skal starte, men det tek lang tid før ein er igang. På gaten er det to innganger, ein til premium og statuspassasjerer, og ein til eco. Økonomikøen startar opp ganske fort, men me tek det med ro. Og fyrst på oppsatt avgangstid startar boarding. Me kjem fort inn og tek til venstre på dør L2.

Flyturen

Eg har floge 787-8 før, men aldri 789. Det er vel ikkje dei største forskjellene, men den er 6 meter lengre og dermed er det vel ei ny flytype! Dreamlineren er for meg eit ganske pent fly, og taggene på Rolls-Royce motorene er eit godt kjennemerke. Sist eg flaug ein dreamliner var til Doha, og då bak i flyet. Huksar då at flyet var særs stille og behageleg, men setene var for tronge 🙂

No var det litt betre plass

Me kom frå EVA sin 77W, og ein kan samanligne setene med dette flyet. Dei var noko meir spartanske, litt smalere og litt kortere, men eigentleg veldig gode. Dei kan leggast ned 180 grader, og me fekk sokker, tøfler, puter og teppe, men ingen amenity kit.  Eg fekk lagt føttene på forskammelen når me var på bakken, men fruen rakk ikkje fram. Me rekna med at me ville kose oss her i 4 timer. Kabinen er lys og pen, og du merker at du kjem inn i eit nytt fly. Det er eit og anna panel som er litt laus, og det overrasker meg at Thai ikkje berre fikser dette med ein gong. Det bør ikkje ta lang tid.

Mat og drikke

Mannskapet tar godt i mot oss, og før avgang får me tilbod om litt å drikke. Det blei ei normal gul enke, som var ein liten nedtur etter den store dama kvelden før, men uansett ganske godt. Dei tek også imot matbestilling, og de må tilgje meg for at eg ikkje har så mange bilete av meny eller mat.

Boarding går ganske effektivt, og me kjem oss i vegen 30 minutt etter oppsatt tid. Straks etter at me var på marsjhøgde, så kom det meir Champagne til setene våre og litt varme nøtter. Livet er flott. Serveringa kom også etterkvart igang, og me fekk servert eit godt måltid på ferdige brett, men alt var pent lagt opp på porselen, skikkeleg bestikk og stetteglass.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg hadde valgt ein fiskecurry, og det smakte godt, sjølv om det var litt tamt i smaken. Forretten var ein salat som ikkje gjorde noko inntrykk. Me fekk ein liten pudding til dessert og litt sjokolade til kaffen. Alt i alt eit brukbart måltid, men ikkje noko som imponerte eller overraska. Mannskapet var flinke og me fekk god sørvis gjennom heile flyturen, men den verka litt mekanisk.
Det som imponerte meg mest var flyet. Det var særs lite støy fremst i kabinen, lite risting og veldig behagelig lys. Kabinen var litt over halvfull, og det var nokre ledige vindaugeseter, og eg angra litt på at eg ikkje satt her, men satte meg på eit av setene ved landing. Vindauga var mykje større en normalt og har ein innebygd automatikk for solblending og blending.

In-flight entertainment

Siden det var ein dagflight, og eg ikkje trengte så mykje søvn no, så fekk eg sett gjennom underholdssystementet. Det var godt utval av filmer, og eit brukbart utval av serier. Skjermen var ein touchskjerm, men var litt for langt unna til at det var nyttigt. På dette flyet så var det ikkje med støydempende øyreklokker, men flyer støya lite, og det var veldig rolig i kabinen, så det var lite behov for det. Dei fungerte greit, men det var ikkje imponerande kvalitet, og mine Beats og fruens Sony var særs mykje betre på lyd.

Men det var godt med nye og gamle filmer, og eg fekk sett blant anna Bumblebee og Fantastic Beast, Grindwall.

Me landa på tida på BKK, og kjem oss raskt av flyet, og kjem oss mot grensekontrollen. Her var me ikkje sikre på kvar me skulle inn, og begynner å fylle ut skjema på Visa on arrival, men får veldig raskt beskjed om at me kan berre gå rett til immigration, og blir også henvist til Thai fast track. Dette tok nøyaktig 20 sekunder i kø, og me var gjennom og fekk kofferten ganske kjapt, og etterkvar var me klare til å møte trafikkkaoset i Bangkok sine gater.

Alt i alt ein fin tur!

Oversikt

Fordeler

Nytt, flott fly
Gode seter
Gjennomgående god sørvis ombord, kjapt på BKK

Ulemper

Litt trangt toalett, men det vart sett etter.
Dårlege øyreklokker
Ingen Amenity-kit, men det var vel for kort tur.

Komfort

Mat og drikke

Service

Verdi for p(o)engene

Overall Rating

Konklusjon

Alt i alt ein tipp, topp flytur i eit veldig behagelig fly. Mannskapet er godt til stades, men utmerker seg ikkje. Maten er brukbar, og vinen er brukbar. Toalettene var fine, men litt trange.

3.9

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *