Velkomen til Club 1 Hotels, klubben som gjev deg rimelegare prisar på hotell – Få eit gratis medlemsskap gjennom Insideflyer!

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Kunne du tenkt deg eit medlemsskap i ein klubb som gjev deg sjansen til å bestille hotell til dei rimelegaste prisane? Vanlegvis kostar dette $ 149 i året, men no kan du få det gratis.

Alt du treng å gjere for å få tilgang til desse prisane er å registrere deg hjå Club 1 Hotels her innan 31. desember 2017. Det er gratis og det gjev deg sjansen til å finne rimelegare prisar enn du til dømes finn på Expedia.

Kva får du i dette tilbodet?

Club 1 Hotels skal selje hotell til dei rimelegaste prisane som er mogleg å få til. Dei skal operere med prisar som er lik dei volumprisane som Expedia og andre reisebyrå har tilgang på.

Club 1 Hotels tenar pengane sine på den årlege medlemsprisen, og dei kan difor gje deg tilgong på dei rimelegaste prisane.

Du får også $25 i rabatt på di første bestilling dersom du handlar for over $250, sjå korleis her.

Eksempel

Vi kan ta eit eksempel der vi samanliknar prisane mellom Club 1 Hotels, kjøp via Booking.com og direkte via Rosewood Hotels.

Eksempelet er 5-stjernershotellet Rosewood Carlyle i New York og vi har vald tre netter.

Inngangen til hotellet Rosewood Carlyle i New York

Prisane vi fann var følgjande:

Club 1 Hotels, total (inkludert skattar og avgifter): $1,070.48

Direkte på Rosewood, total (inkludert skattar og avgifter): $1,721 – inkludert frukost

Booking.com, total (inkludert skattar og avgifter): $1,903.88

Det er viktig å vere merksam på at du ikkje kan nytte dei fordelane du vanlegvis får dersom du bestiller via hotellet si eiga heimeside. Du får heller ikkje bonuspoeng for overnattinga.

Prisgaranti

Dersom du ikkje fin dei rimelegaste prisen på Club 1 Hotels, so har dei ein interessant Best Rate Guarantee. Den er slik:

“We guarantee our members the best rates every time! While we work hard to ensure we provide the best rates, there will be instances when better rates are offered elsewhere. If you do find a better rate, refundable or non-refundable, for the same hotel and room type, we want to beat that rate by:

  • $10 per night guaranteed savings at 3-star hotels up to $100.00
  • $20 per night guaranteed savings at 4-star hotels up to $100.00
  • $25 per night guaranteed savings at 5-star hotels up to $100.00

Simply email the link to memberservices@club1hotels.com and we will confirm your booking the same day!
*Reservations within 10 days of arrival are excluded from our Best Rate Guarantee Policy”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *