Accor Hotels: Ten opptil 6000 ekstra reward points på tre opphald

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Le Club Accor Hotels lanserte akkurat ein kampanje der du kan tene opptil 6000 reward points. Du treng tre opphald for å få maks utteljing.

Le Club Accor Hotels er Accor Hotels sitt bonusprogram. Kjeden omfattar mellom anna hotellkjedane Pullman, Sofitel, Grand Mercure, Novotel og Ibis.

No kan du tene opptil 6000 reward points i tillegg til den vanlege oppteninga. I dette programmet er 2000 reward points verdt €40, og du kan dermed spare opptil €120 ved å nytte deg av dette tilbodet. For å få maks utteljing må du ha tre opphald som omfattar minst to netter kvar.

Skjermbilete frå kampanjesida

Du må gjennomføre bookingane i perioden 25. april til 23. mai og fullføre opphaldet mellom 09. mai og 03. september.

Du finn kampanjen her.

Tips

Visste du at Accor Hotels har eit av dei beste tilboda i Storbritannia? Kvar måndag og tysdag kan du bestille hotell for dei to påfølgjande vekene på ein kampanje dei kallar Happy Mondays. Du kan lese om kampanjen her.

Vilkår

Eit utval av vilkåra, du finn alle vilkåra på kampanjesida.

  • Book mellom 25.04.17 og 23.05.17.
  • Fullfør opphaldet mellom 09.05.17 og 03.09.2017.
  • Kampanjen omfattar følgjande hotellkjedar: Sofitel, MGallery, Pullman, Grand Mercure, The Sebel, Novotel, Mercure, Mama Shelter, Adagio, ibis, ibis Styles and Adagio Access

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *