Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Etter å ha køyrd toget som på dansk kallast Himmelekspressen mellom Beijing og Lhasa i Tibet, en togreise som tok 41 timer, var det no tid for å fly Air China attende til Beijing. Der togturen nesten tok to døgn, tok returreisa ikkje meir en tre og ein halv time om bord hos Air China.
Per Danielsen er medlem av «De Berejstes Klub» og har besøgt 117 land. Om ikkje han er ute på reise, kan ein ofte møte han på Café Globen, der han er dagleg leder av reisecaféen. Me var med han på tur frå Tibet til Beijing.
Air China er ein Star Alliance medlem, noko som betyr at ein kan utnytte fordeler som eit SAS EuroBonus gullkort gir.
Lhasa Gonggar Airport ligg 62 km fra Lhasa. Det er ein av verdens høgaste beliggende flyplassar, med ein høgde på 3.570 meter over havet.
Når ein kom inn på flyplassen og til Check-in, så var det tre køar. Ein for First Class, eit anna området med skilte Economy Class og lang kø. Inne mellom desse to avdelingane med blåe band, så var det eit tredje område med raude band der det sto noko på kinesisk som eg ikkje kunne lese. Så eg gjekk hit, der det ikkje var noko kø, med håp om at den var for Star Alliance Gold kunder og eg blei vennleg sjekka inn.
Deretter kom eg hurtig gjennom security, etter at eg måtte av med skoa mine.
Boarding
Når eg kom til gaten, var det ein stor hall for ventene flypassasjerar. Eg forsøkte og komme meg inn i loungen, men blei informert om at den berre var for fyrste klasse og diamantmedlemmer. Eg ende derfor opp med å oppsøke den nærliggande coffeeshoppen, men den selde ikkje kaffi eller andre drikkevarer.
Priotity boarding starta 40 minutt før oppsett avgangstid. Ein pussig detalj er at ein godt kan sjekke inn med mobilen om ein er kinesisk. I gaten scanner dei koda og printer samstundes ut eit bording kort ut med stempel på. Deretter rivast del lille slippen omhyggeleg av, og den legges samen med dei andre frå dei som har fått printa ut dette tidlegare. Ikkje akkurat ein hurtig metode.
Kabinen
Flyet var ein eldre Airbus A319 med 8 plasser i First fordelt på to rekker i ein 2-2 konfigurasjon. Dei resterande 120 setene var økonomi. Eg hadde ved bestillinga reservert vindaugsplass 15A, like over den fremste vingekanten.
Beinplassen med ein seteavstand på 30 tommar er ok for meg som er 172cm høg. Flyet vart heilt fullt, og før avgang delte ein ut tepper til dei som ønsket det.
Sikkerheitsdemonstrasjonen var både på kinesisk og engelsk, der ein panda var en del av videoen.
Pushback begynte 10 minuttar før oppsett avgangstid, og deretter tok det 10 minuttar før me tok av på tiden. På veg til rullebanen kunne ein sjå at det var ein travel lufthamn for ein by med rundt 200 000 innbyggarar. Her var det fly frå blant anna Tibet Airways, Air China og Sichuan Airlines.
Drikkevogna kom etter rundt ein halv time, med kalde og varme drikker. Eg valte eit glas med appelsinjuice.
Kort tid etterpå starta serveringa der eg valte kylling som hovudrett. Til denne vart det servert ris og ein herleg krydra saus. I tillegg var det eit beger med ein type fromasj og ein pose med sylta frukter, samt ein klementin.
Etterpå kom drikkevogna på nytt, og eg fekk meg ein kopp kaffi.
Underhaldning
Underhaldninga om bord, bestod av to kinesiske filmar på skjermane over setene, men det blei ikkje delt ut headset. I stollomma låg det eit flymagasin som heiter Wings of China, som blant anna hadde ein artikkel om det å besøke Danmark på tre dagar. Denne er særs relevant, ettersom Air China har opna direkterute frå Beijing til København. Artikkelen fokuserte på å selje Danmark som eit romantisk HC Andersen-land, med den Lille Havfrue, Tivoli, HC Andersens hus, Den Fynske Landsby, Legoland og Velje Kunstmuseum.
På den siste delen av turen var det ein del turbulens, men me kom fram til Beijing ein halv time før ruta. Etter at me køyrde til terminalbygget, vart me vist veg ned til ein buss, og denne kjørte oss nesten heilt fram til bagasjeutleveringa.
SAS ankommer slik som Air China til Terminal 3, men her skal ein etter passkontrollen fyrst med tog og deretter ein lang spasertur til bagasjeutleveringa.
Det tok nesten ein halv time før bagasjen kom opp på bandet, men heldigvis kom bagasjen merka med Priority fyrst. Det gjorde den ikkje når eg ankom Beijing med SAS frå København veka før.
Billettane var bestilt på Air China sin svenske heimeside, www.airchina.se, som er på engelsk. Prisen var 4.237 SEK (ca. 3.019 DKK), noko som er omtrent det same som eg betalte for ein returbillett København-Beijing med SAS Go.
Legg igjen en kommentar