Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Air France-KLM har inngått eit samarbeid med Singapore Airlines på ruter til Søraust-Asia og Australia.
Codeshare-avtalen omfattar også europeiske ruter frå Paris. Gjennom samarbeidet håpar selskapa å styrke deira rutenettverk og gjenvinne marknadsdelar.
Samarbeidet liknar på det nyleg annonserte samarbeidet mellom Lufthansa og Cathay Pacific. Konkurransen på ruter mellom Europa, Asia og Australia er stor på grunn av den sterke posisjonen til selskapa frå Midtausten. Både dei asiatiske og europeiske selskap merkar dette presset.
Det har vore ein avtakande etterspurnad etter reiser til Asia den seinare tida. Ved å arbeide saman prøvar dei europeiske og asiatiske selskapa å vinne tilbake deira marknadsdelar. At ein kryssar dei tidlegare sterke grensene mellom alliansane vert her underordna. Singapore Airlines er medlem av Star Alliance medan Air France-KLM er eit viktig medlem av Skyteam.
Codeshare Air France og Singapore Airlines
Frå den 27. april vil Air France sette deira rutenummer på flygingar frå Singapore til Sydney og Melbourne. Dei vil også sette sitt rutenummer på fleire regionale ruter i Søraust-Asia. Desse rutene vert operert av SilkAir, eit dotterselskap av Singapore Airlines. Dette inkluderar mellom anna ruter til Kuala Lumpur, Penang og Phuket.
Det interessante er at Air France for to år sia avslutta si eiga rute til Kuala Lumpur, ettersom denne ikkje svarte seg økonomisk.
Singapore Airlines vil plassere deira rutenummer på ti europeiske Air France ruter frå Paris, mellom anna Bordeaux, Edinburgh, Lisboa, Madrid og Marseille.
Air France har per i dag daglege avgangar med ein Boeing 777-300 frå Paris til Singapore Changi, medan Singapore Airlines dagleg flyg med ein Airbus A380 til Paris.
Utviding til KLM?
På dette tidspunktet har samarbeidet inga betyding for KLM og Singapore Airlines sine flygingar mellom Amsterdam og Singapore. Både Air France-KLM og Singapore Airlines har antyda at samarbeidet kan bli utvida til også å omfatte dei andre selskapa innanfor sine konsern. KLM vart ikkje eksplisitt nemnd i denne samanhengen, med tanke på Singapore Airlines sine operasjonar på Amsterdam Schipol kan dette vere ein naturleg antaking.
Denne artikkelen vart først publisert av Roij Scholten på vår systerside, InsideFlyer.nl
Legg igjen en kommentar