Starwood Preferred Guest annonserar vilkår for status challenge

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Starwood har annonsert vilkåra for ein status challenge i sitt program, Preferred Guest. Kampanjen vil vare ut 2017.

Vilkår

For å kunne få tilbodet må du ha ein elitestatus i eit konkurrerande program. Starwood har ikkje annonsert kva program dei vil godta for denne kampanjen. Dersom du har hatt status med SPG dei siste 5 åra vil du ikkje kvalifisere for dette tilbodet. Om du trur at du kan kvalifisere for denne kampanjen kan du sende ein e-post til SPG via kampanjesida.

Kampanjen

Om du vert akseptert for kampanjen vil du få tilbodet om å velje eit vindauge på tre månadar, til dømes mai, juni og juli 2017. So vidt vi kan forstå av vilkåra vil du kunne velje både Gold-challenge og Platinum-challenge.

For å oppnå gullstatus må du gjennomføre ni kvalifiserande netter, for å oppnå platinum må du gjennomføre atten. Bonusovernattingar tel ikkje med, alle må vere betalte. Dersom du klarar krava vil du oppnå gyldig status fram til 28. februar 2019.

Du kan lese dei fullstendige vilkåra her.

Med tanke på at dei vanlege krava for å oppnå gullstatus er 10 opphald i løpet av eit år, og tilsvarande 25 for platinum, vil dette vere ein interessant kampanje dersom du skal ha lengre opphald på ein Starwood-eigedom i løpet av 2017.

Dette er inga enkel utfordring, men den kan vere attraktiv for enkelte. Lukke til!

Denne artikkelen vart først publisert av Craig Sowerby på vår systerside, Insideflyer.co.uk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *