Test: Clarion Collection Hotel Folketeateret

Clarion Collection Hotel Folketeateret

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Eg har vitja litt ulike hotell i Choice kjeda i Oslo det siste året, men no var tida inne for å flotte seg litt med å teste Clarion Collection Hotel Folketeateret! Eg har jobba litt for å komme meg opp på gull-status hos Nordic Choice, og eg var spent på om det innebar noko spesielt. Eg vart litt skuffa.

Belligenheit

Clarion Collection Hotel Folketeateret ligg som namnet tyder ved Folketeateret, eller kvar Den Norske Opera og Ballett held til før dei fekk seg eit fantastisk bygg ved fjorden. Hotellet har inngang frå passasjen mellom Storgata og Youngstorget, og ligg særs sentralt til for det meste som skjer i Oslo, og det er lett å komme hit frå buss- og sentralstasjon. Det er litt meir knotete om du kjem med bil, spesielt med vegar som ikkje var stengt av når ein valdris budde fast i byen.

Bestilling og innsjekking

Hotellet vart valt då det ligg sentralt, har ein eigen «lounge» i 7. og 8. etasje, der me planla og halde eit uformelt møte før eit styremøte dagen etter. Me booka det litt i seinaste laget for å få god pris, men nettsidene til Choice er enkle å bruke og me booka to rom enkelt.

Eg ankom hotellet rundt kl 14 og i resepsjonen låg det klart ein konvolutt med namnet mitt på. Frå før hadde eg sjekka at det var rom i superior, deluxe og til og med suiter tilgjengelege, og eg rekna då med at eg vart oppgradert. Eg får også informasjon om at loungen er der for vårt bruk og at det vart servert kaffi og noko attåt(søtt) frå klokka 15-18, og kveldsmat frå 18-21 der oppe. Litt kald og overflatisk sørvis, men godt innafor det eg forventar.

Rommet

Rommet eg får er eit flott rom med dobbeltseng og i mørke farger, men det føltes litt lite. På veg ut til ein litt sein lunsj tek eg turen innom resepsjonen og spør kva kategori rommet er, og eg får beskjed om at oppgradering var veldig vanskeleg. Eg svarer at eg synes det er rart, då eg finn alle kategoriar tilgjengeleg for booking, og får eit diffust svar.  Då eg er svolten, stresser eg videre. Når me returnerer til hotellet så vil me ta i bruk loungen på toppen og finn då ut at her står det lapp om at den er stengt for privat arrangement. Eg blir då særs skuffa då dette var ein av grunnene til at eg booka hotellet.

Resepsjonen er lite behjelpelege. Det verkar som om dei ikkje har fått nokon informasjon om dette og verkar hjelpelause. Me får eit bruke eit mørk bord borte i ein krok og då sender eg ein epost til gullmailen til Nordic Choice Club. Då skjer det faktisk noko. Svar kjem på 10 minutt og eg får beskjed om at hotellet tek kontakt. Det ironiske no er at hotellet ringer til meg på ein telefon som ikkje verkar og når eg tek telefonen så hører eg ingen ting, og eg tek det for ein telefonselgar. Eg tek telefonen to- tre gonger, men høyrer ingen ting og vel å ikkje svare. Det tikkar inn ein epost der eg får beskjed om å ta kontakt. Gullmailen ber meg stå på krava og bekrefter at eg skal ha beste rom tilgjengeleg ved innsjekking.

Oppgradert rom

Eg jobbar i sørvisbransja, og eg seier frå når eg ikkje er nøgd, men eg forventar då å få eit ærleg svar. Når eg møter ein særs hyggeleg resepsjonist så får eg det som eg ikkje opplever som ærlege svar. Han seier at dei nett har fått inn ein kansellering og at eg skal få det rommet, og at han kan ta på seg all skyld då han er ny. Han opplevdes ikkje som fersk og eg viste eg kunne booka dette rommet rett før eg sjekka inn. Han blir litt spak når eg seier dette. Det verkar då også som om det var noko teknisk med loungen. Det er ein grunn eg kan akseptere betre en at den var stengt på grunn av eit privat arrangement.

Men då kan ein seie at eg fekk eit rom. Eg fekk rom 714 som er eit deluxe rom med stor veranda og separat soverom. Her var det også ei stove, der me kunne fortsette møtet. Og med ein varm haustkveld så var dette eit perfekt rom! Dette rommet står til 5, mens det eg originalt booka var meir rundt 4.

Mat og drikke

På Clarion Collection er afternoon tea(kaffi og pannekake denne dagen), kveldsmat og frukost inkludert, og du kan klare deg med dette på ein dag.

Eg har budd på nokre Clarion Collection Hotell og synes at kveldsmaten er veldig kjekk når ein har vore ute og ete ein større lunsj og gjerne litt smaksprøver(eg jobbar mykje med mat), sjølv om den ofte ber preg av billige karbohydrater. I dag overraskar kveldsmaten positivt. Den er ikkje metta med billige karbohydrater, men inneheld ganske få gode rettar, tre salatar, ein varmrett og ei suppe i tillegg til brød.

Ingen ting verkar å vera masseprodusert. Me finn ein grøn salat, ein salat med bakt lauk og ein gresk salat, saman med Chili Con Carne med oksekjøt, og ei haustsuppe som ikkje var frå pose. Kvaliteten er ikkje topp, men det er ærlig mat. Ikkje berre rørt saman etter ein instruksjon på baksida av boksen. Haustsuppa er litt tam i smaken, men inneheld ferske grønsaker.

Sist eg budde på Clarion Collection Hotel Folketeateret, så var eg litt skuffa over frukosten. Den ville så mykje men ikkje klarte å gjennomføre. Denne gongen klarte dei å gjennomføre det og sjølv om ein må finne seg bestikk og te/kaffi sjølv, så er det bra kvalitet på varene og det vart rydda jamt og trutt. Kaffi frå ei manuell espressomaskin kan du også få. Frukosten bognar ikkje over av varer, men eg følte at det som var der var ekte. Sjølv om settingen i grilleriet er litt mørk, så er det ein unik setting for frukost.

Fasilitetar og funskjoner

Clarion Collection Hotel Folketeateret framstår som eit fullsørvis hotell med treningsrom og gode fellesrom. Om alle romma hadde vore tilgjengelege, så har dette hotellet det eg treng. Internett er gratis og fungerte fint til Netflix og anna bruk. TVen på rommet har ein Cast-funksjon som gjer at du kan bruke pc/telefon for å få litt større skjerm. Einast eg irriterte meg over var ein litt treig heisknapp i 7. etasje

Lojalitetsprogram

Nordic Choice Club er eit hotell som gjer ganske god verdi for meg. Med NAF-rabatt, Viatrumf, NCC MasterCard, gjer eit rom for 1000 kr fort over 2000 poeng med alle fordeler. Det er ganske greitt å få rom på Comfort hotell for 10 000 poeng.

For min del, så håper eg at hotellet her gleppa på oppgraderinga, og at dei ikkje har dette som fast instruks. Eg føler at resepsjonen ikkje var ærleg og det er noko eg ikkje liker. Sei det som det er! Det har også komme fleire varsel om andre som føler det same, så her må det skjerpast inn Nordic Choice.

Konklusjon

Resepsjonen øydelegg eit elles bra produkt for meg.

Både rommet eg originalt fekk og oppgraderinga er flotte rom, og Clarion Collection Hotel Folketeateret er generelt eit flott hotell. Det har vore ope nokon år og det merkes litt, men ikkje veldig mykje. Det generelle sørvistilbodet var bra utanom resepsjonen, men føler ikkje meg godt ivaretatt som statuskunde her. Maten overraska meg, men eg hadde litt nedjusterte forventingar frå tidlegare opphald. Hotellet har god verdi om du vil nytte deg av det komplette sørvisetilbodet, men om du ikkje har tenkt til det, så finnes det betre hotell.

Clarion Collection Hotel Folketeateret

Oversikt

Fordeler

Plassering
Generelt sørvistilbod av mat og drikke
God frukost

Ulemper

Resepsjonspersonell

Sørvise

Beliggenheit

Rom

Mat og drikke

funksjoner

verdi

Overall Rating

Konklusjon

Resepsjonen øydelegg eit elles bra produkt for meg.

Både rommet eg originalt fekk og oppgraderinga er flotte rom, og det er generelt eit flott hotell. Det har vore ope nokon år, og det merkes litt, men ikkje veldig mykje. Det generelle sørvistilbodet var bra utanom resepsjonen, men føler ikkje meg godt ivaretatt som statuskunde her. Maten overraska meg, men eg hadde litt nedjusterte forventingar frå tidlegare opphald. Hotellet har god verdi om du vil nytte deg av det komplette sørvisetilbodet, men om du ikkje har tenkt til det, så finnes det betre hotell.

3.7

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *