Drone lamma Stockholm Arlanda i ein time

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Sverige si største lufthamn vart for eit par dagar sia stengt i ein time grunna drone.

For andre gong på nokon dagar vart Stockholm Arlanda lufthamn stengt av sikkerheitsmessige årsaker, grunna ulovleg droneflyging.

Fly måtte fly i sirklar rundt lufthamna og fleire vart omdirigert til andre lufthamner – dette er dyrt for flyselskapa.

Frå 1. august i år vart det lovleg å flyge med drone i Sverige, utan å ha sertifikat. I følgje SVT er det mange som misforstår denne regelen og trur at dei kan fly i nærleiken av flyplassane.

Dette skjermbilete frå Flightradar 24 viser korleis fly ventar medan problemet med drona utspelar seg, fleire har også blitt omdirigerte til andre flyplassar.

I Danmark treng ein i mange tilfeller dronesertifikat for å kunne styre droner. I Noreg treng ein ikkje sertifikat men det er ein del reguleringar. Luftfartstilsynet har laga ein guide for brukar av droner. Her går det mellom anna fram at ein ikkje kan fly nærare enn 5 km frå lufthamner. Du må også kunne sjå drona heile tida og maksimal flyhøgde er 120 meter over bakken. Du skal også halde ein avstand på 150 meter frå folk, bygningar og trafikk.

Skjermbilete frå luftfartstilsynet.no

Har du fått med deg Gratis Fredag-kampanjen til Club Carlson? Du har framleis 1,5 månad på å sikra deg gratis overnattingar.

Denne artikkelen vart først skriven av Peter Krogh Frausing på vår systerside Insideflyer.dk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *