Ethiopian Airlines kjøper seg opp i afrikansk flyselskap

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Flyselskapet Ethiopian Airlines har kjøpt 45% av aksjane i det afrikanske flyselskapet Zambia Airways.

Det er berre to månadar sia Ethiopian Airlines meldte at dei forhandla om å kjøpe seg opp i Arik Air, det er Nigeria sitt største flyselskap. Med desse oppkjøpa håpar Ethiopian Airlines å nå målet om å etablere hub’ar i dei sentrale og dei sørlege delane av Afrika.

I 2013 kjøpte Ethiopian Airlines også 49% av Air Malawi. I følgje check-in.dk er Ethiopian Airlines «det mest økonomisk stabile flyselskapet i Afrika». Ethiopian Airlines har også eit utvida samarbeid med ASKY Airlines, som har base i Togo.

Det er tydeleg at Ethiopian Airlines har planar når dei kjøper 45% av eit flyselskap som ikkje har hatt drift på 20 år. Dei håpar nok å få stabla selskapet på føtene i nær framtid.

Zambia Airlines vart grunnlagd i 1964, men i 1994 kasta den zambiske regjeringa inn årene og la ned flyselskapet. Den zambiske regjeringa har no 55% av aksjane og vil vere ein partner i prosjektet med å få flyselskapet på føtene igjen.

Har du fått med deg at Ethiopian Airlines nyleg kutta i bonusoppteninga for dei som krediterar til Eurobonus?

I mars 2017 byrja Ethiopian Airlines å fly frå Oslo Lufthavn Gardermoen. Dei har vore eit populært selskap på InsideFlyer.no det siste året. Dette er etter at dei slo til med særs gode prisar i businessklasse for eit år sia. Har du erfaring med Ethiopian Airlines? Del dei gjerne på vårt forum.

Denne artikkelen vart først skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside InsideFlyer.dk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *