EVA Air Royal Laurel Class 777-300ER LHR-BKK-TPE

EVA Air Rohyal Laurel Busines Class

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Pysj, 2 meter seng og Icon Champagne er noko som ein normalt får i fyrste klasse, men hos EVA Air får ein dette i Business Class, eller Royal Laurel Class som dei kaller det.

Me booka oss tur til Taipei og Bangkok med Eurobonuspoeng og ein American Express Companion Ticket, og me klarte å finne ein tur med EVA Air på utreise. Turen innebar at me måtte innon BKK for å komme til TPE, og TPE for å komme til Bangkok. Det var ikkje mogleg å booke EVA Air kun LHR-BKK, og dermed måtte med fyrst via BKK for å komme til BBB. Me fekk då moglegheiten til å teste EVA så lenge som mogleg, og me angrar ikkje.

London Heathrow loungerun

Me flaug til LHR med SAS Plus, og hadde ein fin tur over, og ca 3 timer på LHR før neste avgang med EVA. Før avgang tok me ei runde innom loungene, og etter å ha sjekka ut at Lufthansa sine lounger var gode og fulle, så tok me turen ut på B piren for å sjekke ut dei andre. United Loungen var nesten heilt tom, og me brukte mesteparten av tida her. United Loungen har ein lang bar, og sjølv om betjeninga ikkje stod heilt i forhold til baren, så fekk eg laga meg ein Whiskey Sour med eigne instruksjoner. Me avslutta med å ta ein tur innom Singapore sin lounge, og her fekk med betre mat og ekte Champagne, som dei tek fram på kvelden. Mens det var stille og rolig på United sin lounge, så var det fullt hus hos Singapore Airlines, som har to avganger denne kvelden.

Flyet og setet

På grunn av stengt luftrom over Pakistan, så vert rutetidene til EVA litt forskjøvet, og me går til gaten på oppsatt tid, og då kjem beskjeden om at me er ca 30 minutt forsinka

Me skulle ta ein Boeing 777-300ER til TPE via BKK, og dette er ein massiv fogl. Den har vore med nokre år, og no er den forbigått av 787 og A350. EVA driv å sett inn 787 Dreamlinere, og har satt opp denne frå Wien seinare i år.

Ca 10 minutter etter oppsatt avreise startar boarding, og den starter samstundes for Premium og Eco, frå dør L2 og L3. Me har sete i den andre businesskabinen, men går inn på første flybrua

Fyrste kabin er full, mens var kabin er 2/3 dels full. Me finn plassene våre på rad 9, og får nokre kommentarer frå ecofolket (om setet og ironiske kommentarer mens dei går gjennom heilagdommen) mens dei går bakover. Får også tatt turen innom Premium Economy i BKK, og setene ser ganske bra ut!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Men det er betre foran gardina!

EVA Airways har reversert fiskebein, reversed heeringbone, oppsett i sin businessclass, og dei har betre avstand mellom seteradene en på andre tilsvarande. Eg har ikkje mykje erfaring med dette oppsettet, men samanlikna med Thai sin i 789, så var den litt breiare og vesentleg lengre. Når ein samanlikner med Singapore Airlines, så er det eit vesentleg smalare sete, og mindre oppbevaringsplass. Men det er ei rettare og mykje lengre seng. Senga kan samanliknas litt me SAS sine Business seter, sjølv om desse er satt opp på ein litt anna måte. Det me synes var litt negativt med setene var oppbevaringsplass, og at det var vanskeleg å ha ein samtale med reisepartneren. Me synes også at det var vel mykje støy i andre kabin, samanligna med fyrste kabin, og trur me ville valgt lengst fram ved ein seinare høvet.

Toalettene ombord er store, og samanlikna med Singapore sine i 77W, så var dei i allefall 50% større. Dei var alltid velholdt og det var amenities tilgjengeleg mellom LHR og TPE.

Amenitykit og pysj

Amenity-kits er ganske vanleg på business class. Eva har tidligare hatt Rimowa-kits på alle sine flygninger over natt, men no får ein dette kun på flygninger ut frå TPE. På vår flight var det eit sett frå Salvatore Ferragamo, der det var ein EVA merka pose utenpå ei lita toalettmappe.
Min reisepartner seier at dette er topp kvalitet, og ein kjent merke, og det kjennes og føles fint ut. Men det er ikkje Rimowa…

Pysjen var frå ein designer frå Taiwan, Jason Wu, og dette var ein veldig behageleg pysj. Den var ikkje så verst å sjå på heller, og XL var meir en stort nok til ein på 194 cm og 105 kg.

Flyet var meget velholt, dei tilsette har glimt i auge, og elles er alt på topp. Me set oss til rette, og tek boblevatn, selters, før avreise, då me veit at dei ikkje serverer gode bobler før ein er i lufta.

Maten

Personalet presenterer seg, og prøver å uttale mitt namn, og me blir som vanlig einige om å kun bruke fornamnet. Me får utdelt menyar, som er dei mest forseggjorte eg har sett ombord på eit fly, og dette ser veldig lovande ut.

Ein kan også velge andre retter på førehand, men eg har valgt å gå for det ein har ombord. Me får også spørsmål om kva me vil ha å drikke når me kjem i lufta, og eg har valgt dette for fleire veker siden

La Grande Dame 2006 frå Veuve Clicqout. Dette var ein særs positiv overrasking, som det er ei stund siden eg har smakt. 2006 var ikkje eit supert år, men her har dei klart å lage ein god Champagne. Den er ganske fyldig champagne, med preg av modent eple og lette autolyse/gjær aromaer, men den avsluttes friskt og har ein fast, lang ettersmak. Denne gjekk til dei fleste retter, og eigentleg det meste av flyturen

Maten på EVA var betre en eg hadde forventa, og det var gjennomgåande høg kvalitet, pen presentasjon og meir en store nok porsjoner. Når eg må hoppe over egg og bacon til frukost, og går for skinke og ricottasalat, så var det nok mat til middags for forfattaren.

På vår flight så var det tre måltid. Ein middag ved avgang, frukost før ankomst til Bangkok og nok ein servering mellom BKK og TPE. Den beste kvaliteten opplevde me mellom LHR og TPE, men det var bra elles også. Vinutvalet var det same heile vegen. EVA sin servering er gjennomgåande meget bra, med eiget design på duker, flotte menyar og delikat oppdekking. Me starta ballet med ein liten brie med toast, foie gras kule, så fortsatte me med ein lakseforrett, og hovedrett og tilslutt ost og dessert.

Dei små appetittvekarane var godt laga, og var reine og fyldige smaker. Laksen var litt kald, og vart fort dominert av grapefrukten, men kom seg når den stod litt. Eg valgte Svinefilet, kamskjell og seafood chowder til hovudrett. Kvifor er eg usikker på, men eg hadde lyst til å sjå om dei klarte å få til kamskjell, og eg var forberedt på å bytte, noko eg også gjorde, men ikkje på grunn av kamskjella. For kamskjella hadde overraskande god steikeskorpe, samstundes som dei var saftige. Men svinefileten var tørr og seig, og eg gjekk over til kyllingen, som var saftig og god. Tilbehøret var også bra, og eg fekk den beste risen eg har smakt på eit fly fram til no. Avslutningsvis, så vart det ost, dessert og frukt. Ostene hadde ein viss modenheit, og sjølv om geitosten med pepper var noko eg ikkje syntes var spesielt godt, så var det andre bra. Kaka hadde ein litt industriell kjensle på nøttekrispen, men var elles god. Eg valgte ein portvin til dette, og det var ein Late Bottled Vintage, som vart servert i shotsglass. Eg klarte å få meg eit skikkeleg glass, og vart nøgd.

Før ankomst så var det val mellom kinesisk eller vestleg frukost, og sjølv om eg gjerne vil eta lokalt, så får eg meg ikkje til å ete asiatisk frukost. Eg valgte spekeskinke og ricotta salat, og hadde ikkje heilt forstått at det ville komme full frukost etterpå. Det held lenge med yoghurt, salat, frukt og litt brød, samt ein kaffekopp. Alt saman var av god kvalitet.

Innimellom alt dette, kunne me også velge anna mat under flygningen, og eg hadde også inntrykk av at me kunne utsette serveringa om me ville det. EVA set også opp ein liten bar i mellom kabinene, men eg hadde aldri behov for å hente meg noko her, då mannskapet var på plass før eg viste eg hadde behov for noko.

Ein kjapp stopp i BKK for å kjenne på det varme været og sjekke ut den flotte EVA loungen

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Me hadde ikkje plass til mykje mat, og etter litt over ein time var me på plass att. Når me var kommet opp på nokre 1000 fot, så fekk me pånytt påfyll av vår La Grande Dame! Me hadde det ikkje travelt med serveringa, og koste oss med litt nøtter og Champagne. Denne serveringa var også tipp topp, og me fekk ein fylt blekksprut som fyrste rett, stirfried reker til hovedrett og frukt og dessert til slutt. Eg hoppa over osten.

Alt i alt, så vart eg imponert over maten ombord hos EVA Air. Det var godt levert på flyet, og flott presentert ombord, og saman med overraskande gode viner ombord, så vart dette heilt topp. Det var nokre få ting som ein kan bli betre på, men alt i alt så trur eg dette er noko av det beste ein kan få i lufta!

EVA har også for den observante lesar også ein skjerm på flyet! Her var det ganske godt utval av filmar, og litt mindre utval av tv-seriar. Eg fann meg godt med filmer å sjå på, og det er milevis over SAS sitt tilbod. Eg kan samanligne med det eg fann på Singapore og Thai sine fly. Øyreklokkene var også gode, sjølv om våre eigne var betre.

Oppsumert så var dette min beste flytur fram til dette tidspunktet. Fantastisk sørvis ombord, flotte amenities som er mykje betre en det eg har fått før, og faktisk betre en Thai First class, gode seter, sjølv om dei blir litt smale, og velholdt fly.

Oversikt

Fordeler

Laaang seng
Champagne, pysj, gåselever, maten!
Topp personleg sørvis, sjølv om det er ganske mange fremst i flyet

Ulemper

Litt smal seng
Ikkje topp for par, men var det nokon som så at når ein reiser på ferie, så er det godt med litt avstand?

Komfort

Mat og drikke

Service

Verdi

Overall Rating

Konklusjon

EVA leverer fantastisk, og maten er faktisk over forventninga mi, og eg er langt over middels oppteken av mat. Godt gjennomtenkt på kva som fungerer på fly.
Litt trongt sete, men det er langt.
Business Class, veldig nærme fYrsteklasse!

4.4

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *