15 dager i Australia (Melbourne til Sydney) i april

Tråd i 'Reisemål' startet av Gullars, 09. jan 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Heisann! Eg kom jo nyss heim frå Kengurustan og vi køyrde frå Melbourne til Sydney for berre to veker sidan (langs Princes highway for det meste). Vi hadde fem dagar på turen og det vart tidvis lange dagsetappar.

    Dersom du ikkje er på Philips Island skumringstimen (og ein time eller to før) er det lite å sjå der. Pingvinane er berre aktive då. Vi var der på tidleg ettermiddag og då såg vi null, niks og nada. Eit kveldsbesøk trur eg hadde vore fint.

    Mykje skog på strekninga ut frå Melbourne mot grensa til New South Wales, nesten på grensa til kjedeleg. Etter å ha passert grensa, opnar landskapet seg meir og ein kan tidvis køyra langsmed kysten nordover mot Sydney.

    No skulle eg gjerne ha vore litt meir konkret, men med jetlag-hovud, så må eg bla litt i arkivet (både det mentale og det digitale).

    Få med deg ein tur på den koalaøya ikkje langt unna Lake Entrance, to minutts gratis ferjetur (utan bil) og to kilometers gåtur der du leiter etter ville koalabjørnar i trea langs ein oppmerka sti (ferje frå Paynesville til Raymond island).

    Elles ser det ut til at ruta er interessant. Gler meg til reisebrev :)
     
    Last edited: 10. febr 2019
    Gullars liker dette
  2. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Takk for tips! Tar gjerne imot flere detaljer når du har fått summet deg litt :)
     
    Kristian liker dette
  3. NilsernNilsen

    NilsernNilsen Aktivt Medlem

    Innlegg:
    315
    Likes mottatt:
    2,371
    Bonuspoeng:
    93
    Jeg var i Australia i slutten av påsken i fjor, og kjørte langs kysten fra Sydney til Melbourne. Jeg har skildret reisen her! Det er mye flott natur langs kysten, men i etterkant av turen er jeg av den oppfatning at det ble mye kjøring. Vi tenkte også med at det ville bli 2-3, kanskje maks 4 timer kjøring hver dag, men avstandene er store og det er en del å se underveis, så noen av kjøreturene ble betydelig lengre. Jeg skulle også ønske at vi hadde brukt en dag ekstra enkelte steder, blant annet i Jervis Bay (anbefaler stopp der). God tur! :)
     
    Gullars liker dette
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    @Gullars, du har allereie fått ei mengde gode tips og kanskje er turen allereie meir eller mindre spikra. Likevel tek eg sjansen på å nemna nokre ting frå min eigen køyretur mellom Melbourne og Sydney no i månadsskiftet januar/februar 2019.

    Mornington Peninsula stod på ønskelista, men dette vart skrota fordi vi måtte redusere køyrelengda då vi hadde fem dagar totalt på turen mellom Melbourne og Sydney.

    Phillip Island som er mest kjent for sine pingvinar er ein fin stad, men som nemnd er pingvinane berre kveldsaktive. Foreldra returnerer frå havet ikkje så altfor lenge før solnedgang og etter det vi forstod har dei no ungar på land. Difor er det bra med liv i kveldstimane. Vi hadde sjølvsagt ikkje tenkt på dette og hadde overnatting mange mil frå 'Pingvinparaden' og då vi var innom rundt klokka 15 var det ikkje ein einaste luffe å sjå

    Wilsons Promontory nasjonalpark er ein nydeleg stad, men her treng ein litt tid fordi den beste opplevinga av nasjonalparken får ein dersom ein har tid til å bruke nokre timar på fotturar. Vi hadde eit problem med å få ut leigebilen vår i Melbourne, så den første dagen vår vart litt amputert, difor hadde vi heller ikkje mykje tid i Wilson Promontory, men Squeaky Beach var vi innom og der var det slett ikkje ille.

    Buchan Cave Reserve stod på planen, men grunna kraftige skogbrannar var området rett og slett avstengt. Utifrå omtalar kan dette vere fascinerande.

    Raymond Island vart eit brillefint alternativ. Køyr til Paynesville, parker doningen på fastlandet, ta ferja (gratis for fotgjengarar) over til Raymond-øya og følg koalastien. Vi glante og leita og fann ganske mange koalabjørnar rundt omkring i eukalyptustrea. Turen er berre på eit par kilometer, men dersom ein synst at koalaen er fascinerande, går tida fort. Dei har god mat på den restauranten som ligg rett ved vatnet i Paynesville.

    Lake Entrance og 90 Mile Beach (vi hadde sett den sørlege delen av stranda i strålande sol) var vi innom i gråvêr. Vi såg selar som leika seg i straumen som blir skapt der havet møter Lake Victoria, så det var jo fint. Turen til denne staden er på omtrent 2 km langs ein ganske sandete sti i tett skog. Vi tok returen via 90 Mile Beach i tidvis laus sand.

    Cape Conran skulle bli eit forsøk på å ta ein avstikkar vekk frå Princes highway for å sjå litt av havet, men vegen mellom Marlo og Cape Conran går parallelt med sjøen, men òg her køyrer du i skog, som for det meste på strekninga frå Melbourne til grensa mellom Victoria og New South Wales. Innimellom opnar landskapet seg litt og ein ser jorder og tidvis sjøen, men for det meste er det skog – tett innpå vegen.

    Genoa Peak er ein fin og ganske kort tur (300 høgdemeter oppover og rundt tre kilometer lang) som tar deg over skoggrensa og gir utsikt utover landskapet. Denne turen ligg ikkje så langt unna Malacoota heilt aust i Victoria. Diverre hadde vi gråvêr, men ein fin tur som gir utsikt utover landskapet.

    Bournda Lagoon vart eit stopp der vi strekte på labbane. Altså, lagunen er ingenting å sjå på, men det er ein fin gåtur der på omtrent tre kilometer gjennom skog og liknande. Har det regna mykje, kan det vere vanskeleg å gå. Retur via stranda som innbyr til bading.

    Tilba Tilba vart vår neste haldeplass. Dette er ein av få stader (ok, ta den kommentaren med ei god klype salt) i Australia som faktisk ser litt tradisjonell ut. Her er alle husa i gamal stil og dei har god iskrem her.

    Murramang nasjonalpark er mest kjent for si strand med kenguruar. Vi kom hit seint på ettermiddagen og då vi parkerte bilen såg vi berre eit par kenguruar, men i løpet av den neste timen spratt det fram fleire titals kenguruar frå skogen omkring for å beite på graset og plantane ved stranda Pebbly Beach.

    For strekninga mellom Jarvis Bay og Sydney må eg kome meg litt meir til hektene for å skrive noko fornuftig om. Rop ut om det er av interesse :)
     
    Last edited: 13. febr 2019
    drsyk, Travellingalf, SInn and 4 others like this.
  5. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Takk for gode tips, begge to! Setter stor pris på tydelige anbefalinger, @Kristian. Og dette gjør noen valg litt enklere for oss. Jeg ser at vi sparer en del kjøretid på å ta ruten rett fra Yarra Valley til Lake Entrance med koalabonanza. Da ryker Phillip og Wilsons, men det blir uansett veldig hektisk, og slik du beskriver det ville det blitt vanskelig for oss å få med oss pingvinopptoget.

    Jeg skal leke meg litt med oppdatert reiserute i kveld, og kommer tilbake om det dukker opp eventuelle spørsmål! :)
     
    Kristian liker dette
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Det er ikkje alltid lett å sy saman ei optimal reiserute. Det dukkar jo opp eit og anna skilt og tips undervegs på reisa òg, og plutseleg er den nøye uttenkte planen fullstendig kasta om på. Det var vel det som skjedde oss mellom Jervis Bay og Sydney.

    Huskison er den staden der vi overnatta og ikkje langt unna ligg stranda Hyams beach og Jervis Bay. Dette er ei krittkvit og nydeleg strand som slett ikkje er som mange andre australske strender der understraumar riv og slit i deg for å dra deg til havs (her samanlikna med strendene ved Gold Coast og Sydney).

    Kangaroo Valley vart neste stopp. Dette vart ein impulsavstikkar frå Princes valley. Vi gjekk ein tur oppi dalføret, men eg skulle gjerne hatt meir tid, m.a. til Upper Kangaroo Valley. No vart det såpass varmt at lange turar ikkje hadde vore tilrådeleg, det var nesten +40 og steikande sol. Vegane ut og inn av Kangaroo Valley er ganske artige med ein del hårnålssvingar.

    Kiama blowhole vart neste stopp, men dette var etter mitt bondske syn lite imponerande. Mest truleg bør ein stopp her gjerast i samsvar med flo sjø og litt pålandsvind.

    Royal national park ikkje langt utanfor Sydney var neste planlagte stopp, men vi hadde tenkt litt dumt med tanke på levering av leigebil, så turen gjekk rett inn til Avis-kontoret.

    I etterpåklokskapens lys hadde vi truleg vald levering av leigebil dagen etter ankomst Sydney berre for å ha ettermiddagstimane til disposisjon. Kan hende burde vi ha kutta ned på eit eller anna berre for å få seks køyredagar mellom Melbourne og Sydney òg, men ein kan vel ikkje få med seg alt, rett og slett.
     
    Gullars liker dette
  7. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Dette er rett og slett herlig. Tusen takk for fantastisk mange strålende tips! :)
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,309
    Likes mottatt:
    35,204
    Bonuspoeng:
    293
    Det blir nok ein fin tur, vi hadde det i alle fall. Rett nok føler du at avstandane er større enn det Google si kartteneste gir inntrykk av, men det er jo fordi ein tar ein og annan avstikkar som blir planlagt på sparket eller fordi det er vegarbeid og difor 40-sone i staden for 100-sone osv. Så får du ha in mente at vi nok køyrde forbi mange fine plassar óg :)
     
    Gullars liker dette
  9. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Kjenner jeg vurderer å kjøre en ganske «løs» agenda på denne turen, der vi bare ordner leiebil fra 9. til 18., og ellers bare fikser hotell mens vi er på veien. Pleier det å funke eller er det normalt veldig høy etterspørsel etter hotell rundt påsketider?
     
  10. Hallstein

    Hallstein Nytt Medlem

    Innlegg:
    8
    Likes mottatt:
    5
    Bonuspoeng:
    3
  11. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Nærmer seg avreise nå - drar i morgen :)

    Noen med anbefalinger på prepaid sim-kort? Sist vi var på tur (i et annet land riktignok) valgte vi feil og endte opp med et kort med praktisk talt ingen dekning utenfor storbyene...
     
  12. mariusbb

    mariusbb Senior Medlem

    Innlegg:
    561
    Likes mottatt:
    1,057
    Bonuspoeng:
    93
    Hva er flyruten deres?
     
  13. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    OSL-CPH-SIN-MEL
    SYD-ICN-FRA-OSL
     
  14. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    Sim-kort i Australia?
    Sjekk kva som er på tilbod, og gå innom ein orginal butikk med pass, så registrerer dei alt. Skal du mykje uttafor storbyer, så gå for Telstra. Optus er litt dårligere og vodaphone hakket under. Skal du kun vera i byer, så har det ikkje så mykje å seie

    Me gjekk for vodaphone, då dei hadde ein el 100 minutt(meiner eg)gratis ringetid til Norge. Og dei var billigst, men fungerte ikkje heilt optimalt på vegen, men eg veit at det kan vera vanskeleg i Australia uansett
     
    Gullars liker dette
  15. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Herlig svar. Takk!

    Det blir jo en del kjøring mellom Melbourne og Sydney, så da høres Telstra mest aktuelt ut.
     
  16. mariusbb

    mariusbb Senior Medlem

    Innlegg:
    561
    Likes mottatt:
    1,057
    Bonuspoeng:
    93
    Trodde ikke jeg måtte spesifisere at jeg lurte også på selskap+klasse på dette forumet...:eek: Men jeg får vel tippe.
    Singapore F CPH-SIN, Singapore biz SIN-MEL?
    Asiana biz SYD-ICN, Asiana F ICN-FRA?
     
    Gullars liker dette
  17. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Haha, er det ikke underforstått at man har F der man kan få F? ;)

    Helt korrekt tippet! :)
     
    mariusbb liker dette
  18. ValdresBjarne

    ValdresBjarne Om eg går på jakt? Ja, bonusjakt

    Innlegg:
    3,241
    Likes mottatt:
    9,350
    Bonuspoeng:
    183
    A350 til Melbourne?
    Fantastisk fly! Og eg saknar Australia, så du får helse "gamlelandet" og ta ein sparkling shiraz for meg!
    Elles må du reise innom ein drivethrough bottleshop. Er ei cool oppleving
     
  19. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Er gammel A380. Skal hilse, og absolutt teste bottleshop! :)
     
  20. Gullars

    Gullars Veteran

    Innlegg:
    3,091
    Likes mottatt:
    4,801
    Bonuspoeng:
    113
    Da var vi på plass i Melbourne! Har booket de tre første nettene (6.-9.) på Park Hyatt (takk til @milehigh!), og har booket oss inn på Emerald Ridge b&b i Yarra Valley fra 10.-12..

    9.-10. var planen å avlegge Twelve Apostles et besøk (plukker opp bilen den 9.), men jeg lurer på om vi skal legge overnattingen nærmere Melbourne også denne natten for å redusere kjøretiden til Yarra Valley neste dag. Noen tanker om det?

    Har ellers de to neste dagene i Melbourne, og har notert meg følgende:
    - Naked for Satan (kul bar i bydelen Fitzroy)
    - Rooftop cinema. Kul bar og utendørskino.
    - laneways
    - South Melbourne Market
    - Queen Victoria Market

    Andre tips?
     
    milehigh liker dette

Del denne siden