Egotrip OSL-FRA-MEX-FRA-OSL på 36 timar, 24 timar ombord i LH F

Tråd i 'Reisebrev' startet av oleredv, 26. nov 2019.

  1. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    "No vil æ færra til Mexico" syng Lynni Treekrem, og det var akkurat den tanken som slo meg ein grå og halvmørk tysdag ettermiddag i starten av november.

    På dette tidspunktet blir Expertflyer og Awardfares benytta hyppig for å prøve å danne seg eit bilde av tilgjengelighet på LH F til og frå FRA. Ein av tinga som er observert er at tilgangen på reiser FRA-MEX-FRA er jamt over god og plutselig slår det meg at her kan eg forlenge turen som opprinnelig skal gå til hytta med ein tur heilt til Mexico og tilbake!

    I forkant av dette har det blitt diskutert om heile familien skulle bruke ein CT vi har med utløp i januar 2020 til å komme oss på vinterferie, utallige timar har blitt brukt for å finne alternativ, men etterkvart vart det klart at dette ikkje kom til å bli aktuelt. Så dermed sat ein der med ein CT som nærma seg utløp, greit med poeng på konto og eit ønske om å fly LH F ut frå Frankfurt, og då gjerne i 747! Lat oss spole tilbake til tysdagen.

    Eg sat med Awardfares og Expertflyer oppe og såg til mi store glede at joda; 19.11 var ein fin dag for å fly FRA-MEX-FRA. Kona blei konferert og når autorisasjonen fall på plass der var det berre å kaste seg på telefonen til Tallinn. Veit ikkje om det er gullstatusen hos SAS som gjorde susen, men her tok det ikkje meir enn noken sekund før ein fekk svar og joda, dei fann tilgjengeligheita på alle flightane eg hadde leita fram på førehand. Det var dog ei hake: I MEX var det kun 2 timar mellom landingstidspunktet og avgangstidspunktet, kunne dette holde?

    Etter nokre pinefulle minutt på hold mens agenten sjekka hos supervisor så fekk eg den glade nyheten om at MCT i MEX er 2 timar, så då kunne billetten bookast! 87 500 poeng og ca 2000 kr fattigare tikka det kjapt inn billettar i SAS-appen: LH865 til Frankfurt, drøye 5 timar i FCT så LH498 til Mexico og LH499 på returen 2 timar etter. Ca 1.5 time i Frankfurt før LH tok meg tilbake til Oslo.

    Bli med på tur!
     
    Last edited: 01. des 2019
    milehigh, pgaa, jonss and 32 others like this.
  2. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Etterkvart begynte det å danne seg litt uro for akkurat desse to timane på bakken: https://insideflyer.no/forums/threads/snu-i-døra-på-mex.14638/#post-327275

    Men konklusjonen etter nitidig speiding på youtube-videoar og lesing på diverse forum var at dette var gjennomførbart.


    Normalt flyttar ein seg frå hytta til Gardermoen på ca 4 timar inkl litt «snyltelading» ved Valdresporten. Denne natta gjekk det betydelig treigare pga enorme snømengder godt nedover Valdres, takk og lov for marginar! Ankom Gardermoen 0445 og tenkte at eg måtte innom innsjekken til Lufthansa berre for å få på plass førsteklassemappa umiddelbart, men neidå. Her var det berre ei remse med boardingkort (fekk til alle 4 flightane i det minste). Gadd ikkje stresse med å endre på dette sidan eg visste at dette kom til å ordne seg i FCT uansett. Gardermoen rett før 5 om morgonen er ein meget roleg plass å vere, så litt før 0500 var vi ein fin bukett som stod klar og skrapa på døra inn til SAS-Loungen for å krafse i oss litt frukost. I forkant av avreise hadde eg fått justert seteplasseringane så no hadde eg 1A, 1A, 1K, 1A. I tillegg var eg innom LH-appen rett før boarding og då kunne eg til mi store glede observere at gate var endra til ASW, ergo remote parking! Sjølve turen til Frankfurt var rimelig begivenhetslaus i ein 1 år gammal A320 Neo, noke eg antar @Wiolenze kan bekrefte sidan han satt på 2D.

    20191119_073910.jpg

    20191119_055941.jpg
     
    Last edited: 26. nov 2019
    pgaa, Insomnia4u, Kristian and 18 others like this.
  3. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    I Frankfurt blei det remote parking, og ei hyggelig dame stod plassert ved trappa med eit Lufthansa First Class skilt i handa og ei flott Porsche Cayenne

    [​IMG]

    Det intressante med denne turen var at ho fortalte at ho hadde fått instruks om at eg skulle i First Class Terminal, så eg blei sluppe av under hovedterminalen og blei låst inn ei dør som gjorde at eg kunne gå rett gjennom tollen og var så ute av terminalbygget på 2 minutt. Her var det berre å ta den berømte venstresvingen og begi seg ut på nokre minutt med vandring før eit av bonusjegarane sine Mekka dukka opp:

    [​IMG]


    Når eg steig inn i den ubemanna resepsjonen på gateplan så brukte eg litt tid på å organisere litt ting, og det framstår tydleg for meg at dei oppe held denne plassen under oppsikt, for plutselig kom det ein heis ned utan at ein hadde bedt om det. Førsteklasses!

    Vel oppe vart eg ønskt varmt velkommen av min assistent for dagen, som andre har nevnt før så gir man fra seg pass og boardingkort, passet blir beholdt av assistenten under heile oppholdet, mens boardingkortet returnerte i si korrekte form:

    [​IMG]
     
  4. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,314
    Likes mottatt:
    12,246
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig! Gleder meg til å lese resten :)
     
    oleredv liker dette
  5. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,196
    Likes mottatt:
    17,194
    Bonuspoeng:
    293
    Dette blir bra :)
     
    oleredv liker dette
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,047
    Likes mottatt:
    68,587
    Bonuspoeng:
    293
    Dette er å bølle med oss som er sluttet å fly!
     
    Kristian, Earl, OyvindN and 3 others like this.
  7. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Etter ei kjapp omvisning spurte eg om det var mulig å låne eit av soveromma, men dei var dessverre oppatt. Så på med headset og slenge seg nedpå ein av liggestolane i stadenfor! Vipps hadde man døsa bort ein god time! «Det var ikkje sånn det skulle vær, det var ikkje sånn det skulle bli…»

    No er klokka rundt lunsjtid, så då passe det godt å oppsøke restauranten. Valget var gitt på forhånd, det måtte bli Schnitzel. Servitøren anbefalte ein Riesling til, og eg var ikkje vond å be!

    [​IMG]

    På dette tidspunktet kunne eg høyre at det blei snakka på norsk på andre sida av lokalet, så her følte ein seg heime! Eg avslutta måltidet med nok eit glass Riesling og ein god sjokolademousse!

    [​IMG]

    Etter middag starta søken etter badeanda! Badekaret var ikkje tilgjengelig, men fekk ordna meg dusj, greit at man er flidd når man tross alt skal ut og reise med queen of the skies! Fekk også ei anledning til å benytte 747-sokkane frå Amenity-kitet til United frå nokre år tilbake

    [​IMG]

    [​IMG]

    Det nærmar seg avgang. Berre ein time igjen!
     
  8. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Etter ein dryg time inntak av Bollinger, H2O og gummibjørnar kom assistenten og plukka ein svenske, ein amerikaner og meg opp. Det var tid for biltur igjen! Denne gong i ein VW Multivan, så det blei ikkje dokumentert. Følelsen av å køyre rundt inne på flyplassen mellom desse enorme flya er jo i seg sjøl surrealistisk, og berre det å stå nokre meter unna vingespissen på denne enorme fuglen, med dei gigantiske motorane er vanskelig å få dokumentert gjennom ei linse. Som dei fleste som les dette allereie veit om så er boardingprosessen i FCT enkel. Før du går om bord i bilen boarder du i praksis flyet, det betyr at du får igjen pass. Så når du kjem ut til flyet er det berre å ta heisen opp i sjølve gaten, og så er det berre å ta nokre steg så er ein inne i flyet. Vidare er det den berømte venstresvingen og vipps så er ein inne i «bobla».

    [​IMG]

    [​IMG]

    På denne flighten var vi totalt 5 stk i First-kabinen. Nøttene stod klar når vi kom om bord og det gjekk ikkje lang tid før champagnen også var på plass. Etterkvart kom kabinsjefen og handhilste på kvar enkelt gjest og både pysj, menyar og Flynet-voucher (særdeles positivt overraska over nettet)vart delt ut. Det vart også servert eit par glass til med champagne før vi etterkvart fekk start på motorane og bega oss i veg. Vel ute på rullebana la vi merke til at det var fleire dronningar som skulle ut på tur:

    [​IMG]
     
  9. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Etterkvart blei det tid for mat. Starta med kamskjell, fulgte på med kaviar, så en mindre rett med kalv av storfe. Kastanjesuppe i midten før Hokaido Gnocchi med grasskarsaus var hovedretten. Avslutta måltidet med lime yoghurt mousse med passjonsfrukt og pistasj, og heeeilt til slutt eit par bitar med trøffelsjokolade. Har dessverre ikkje bilde av alle rettane, men det som fenga mest er med:


    [​IMG]

    [​IMG]


    Etter middag bad eg om å få en G/T og sette meg godt til rette for å nyte siste Mission Impossible. Å sjå Kristoffer Joner spele mot Tom Cruise i starten av filmen samt å sjå Preikestolen på slutten av filmen føltes på mange måtar like absurd som det faktum at eg på det tidspunktet satt ein plass vest av Island på veg mot Mexico på første klasse!

    [​IMG]


    Noke eg lærde meg i forberedelsane til Singapore-turen eg var på mars i første klasse var at pysjen bør på tidleg. Så når eg no navigerte meg bakover til toalettet iført pysj for å pusse tennene så var kabinpersonalet diskre på plass og ordna stolen til seng. Og vipps hadde ein sove ca 5 timar! Når eg vakna hadde vi eit par timar igjen til ankomst MEX og desse vart brukt til å sjå litt meir film og drikke litt alkoholfritt. Det var tross alt ikkje mange timane til ein skulle gjenta heile balletten med champagne og kaviar etc!
     
    milehigh, Kristian, Earl and 27 others like this.
  10. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Etterkvart starta vi på innflyginga mot Mexico City:

    [​IMG]

    Sjølve innflyginga og landinga gjekk som smurt, vi landa ca 30 minutt før tida, men sidan gaten vår ikkje var tilgjengelig umiddelbart vart vi ståande i 10-15 minutt og vente før vi kunne taxe inn. Som førsteklasse passasjerar kom vi først av flyet og her hadde eg forventa at ein representant frå Lufthansa tok i mot oss. Sånn var det ikkje. Sidan eg hadde undersøkt ein del på førehand hadde eg rimelig god kontroll på kva som måtte gjerast, eg hadde også sjekka kva fly som var på veg inn til flyplassen og eg trur nok dei 20 minutta vi var tidleg ute hjalp godt på når det kom til immigrasjon. Her stod eg maks 2 minutt og venta før eg vart stempla inn i landet. Vidare gjekk eg til det området der transittbagasjen dukka opp (mulig feilnavigering) før eg så gjekk gjennom tollen. Der scanna dei kofferten og så fekk eg etterkvart peila meg inn på international departures. Etter ca 5 minutt gåing stod eg i innsjekken til Lufthansa, og i deira First-skranke var det ingen kø. Fekk ny mappe og ein egen tag på handbagasjen om at den var approved by Lufthansa. Så fekk eg ein assistent som fulgte meg via passkontroll og sikkerhetskontroll til American Admirals Club loungen. På dette tidspunktet var det ein stk letta nordmann som visste at no var returen sikra. Dette vart umuddelbart feira med to stk Bohemia. Bartenderen i lougen ville gjerne servere Tequila, men lot den sjansen passere :D

    [​IMG]

    Etter ein liten time i loungen kom assistenten og henta meg, det viste seg at dei to andre i First på LH499 tilbake til Frankfurt også hadde tilhold i loungen så dei blei også henta no. Dog av ein anna assistent. På vei mot gate fikk vi gå gjennom nokre hemmelige dører og trapper som gjorde at turen blei veldig behagelig. Dog ingen golfbil e.l. Etter ca 5 minutt var vi ved gate og assistenten opna diverse band og sørga for ei smidig boarding. I dette tilfellet gjekk vi om bord frå den bakre av dei to fremste dørene, så vi fekk med oss store delar av Businessklassen også (som var tom) før vi kom fram til «bobla».

    [​IMG]

    På denne turen var det 1K som var mitt sete. Nøtter på plass og champagne kort tid etter. Også her var det behagelig betjening og når eg blei spurt om kor lenge eg hadde vore i Mexico greide dei ikkje holde maska når dei høyrde at det var ca 2 timar. Faktisk kom ei av flyvertinnene fra business fram for å prate med meg sidan ho var svensk og hadde høyrt om denne gale nordmannen på 1K. Veldig hyggelig å snakke morsmålet både for meg og ho.
     
    Last edited: 26. nov 2019
  11. Scrooge

    Scrooge Medlem

    Innlegg:
    197
    Likes mottatt:
    628
    Bonuspoeng:
    93
    God tur! Hvilken champis serveres på flyet?
     
  12. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Kort tid etter avgang vart middag organisert og rettane denne gongen var som følger:

    Tunfisk tartar
    Kaviar
    Avocado
    Biff-medaljong
    Creme Brulee

    Også her må eg innrømme at desserten var det som var høgdepunktet, biffen var kanskje litt i tørraste laget for ein som likar at den er stekt medium. Når CC forsøkte seg på å servere trøffel-sjokolade etter desserten var det sluttkjørt for underteikna som måtte pent be om å få den utsatt til post frukost, noke som naturligvis skulle la seg gjere.

    Etter at maten var overstått så var klokka ca 0600 norsk tid og det var på tide med søvn. Eg spurte CC om det var greit at dei redde opp 2K som seng og det var det naturligvis. Det tyske paret som sat på hhv 1A og 2A fekk redd opp midtseta på 3. rad. Her fekk eg knappe 6 timar med søvn og eg vakna eit kvarter før CC uansett ville ha vekt meg til frukost! Kort tid etter at eg hadde forflytta meg fram til 1K fekk eg spørsmål om eg hadde lyst på noke spesielt til frukosten, og eggerøre/bacon blei bestillt. Ikkje lenge etter kom tralla fram med alskens godsaker:

    [​IMG]

    [​IMG]

    Ei kanne grønn te, eit par juiceglass og rikelig med mat etterpå var frukosten fortært og ein kunne god og mett speide ut over den engelske kanal i forkant av at innflyginga starta. Før landing kom kabinsjefen tilbake og håndhelste på alle i F og kort tid etter det var det berre å seie farvel til «bobla»

    [​IMG]

    [​IMG]

    [​IMG]
     
  13. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    Med ein drøy time transfer i FRA var min konklusjon at FCL som er plassert ved gate A13 ville vere optimalt sidan flyet til OSL skulle gå frå A14. Passkontroll og sikkerhetskontroll var kjapt unnagjort og snart var eg på plass i FCL. I etterpåklokskapens lys så hadde eg nok tjent på å bli verande her litt lenger, gate blei nemlig endra til remote parking og i tillegg vart flyet forsinka. Antar at eg berre kunne blitt verande for så å bli køyrt ut til flyet. Jaja, smellen måtte jo komme så det var sikkert like greit den kom med busstransport ut til flyet.

    I tillegg var det ein sliten 737-800 frå Sun Express som stod for siste etappen. Til tross for dårlig utgangspunkt var både crew og mat meget oppegåande og eg hadde glatt valgt dette foran SK i Plus. Dei greide også å fly inn halve forsinkelsen, så ved landing var vi berre ca 15 min etter skjema.


    Oppsummering:

    Først og fremst takk for at du har holdt ut gjennom heile dette lange reisebrevet!

    I 2019 har eg vore så heldig at eg har fått oppleve tre selskap i first og eg skal prøve å oppsummere mine betraktningar rundt desse. Å komme med ei rangering er ikkje enkelt, så eg lar kvar enkelt gjere opp si eiga meining

    Første tur i first: SQ351 CPH-SIN
    Meg og kona på tur til Singapore. Første tur i første klasse for oss begge og denne turen hadde vi booka 6-7 månader før avreise. Spesielt for min del var forventingane til denne turen enorme! Mange timar hadde blitt brukt i forkant til å lese bloggar og reisebrev samt youtube-videoar. Sjølv om bakkeproduktet på Kastrup berre innebærer tilgang til gullstova til SAS så var det i seg sjøl ein god start for oss, vi hadde uansett ikkje mange timane på oss, men nok til å få roa ned og inntatt eit par glass med sprudlevatn. Lenge såg det ut til at vi skulle berre vere oss to i førsteklasse på denne flighten, men i siste liten kom det ein kar til. Så 3 av 4 seter var tatt på denne flighten. Og umiddelbart etter at vi var komt om bord (som dei første) så fekk vi denne utrulig gode følelsen. Både service, mat, sete og kabin var etter vår vurdering heilt nydelig. For min eigen del som ikkje greier å sove sittande var berre det å kunne ligge og sove i 4-5 timar ein fantastisk opplevelse.

    Andre tur i first: TG930 BKK-CDG

    Returen frå nevnte tur til Singapore gjekk med Thai i biz til BKK og så retur derifrå med A380 i første klasse til CDG. Dermed fekk vi prøvd bakkeproduktet til TG som jo er fantastisk i BKK. Golfbil, førsteklasse lounge med mulighet for massasje, eige «hotellrom» i loungen og god oppvartning. Det einaste negative her var at flyplassen i BKK var veldig støyete og dette gjaldt også inne i loungen sidan det ikkje var sperra av på noken måte i forhold til lyd. Her blei vi fulgt til døra og det å sette seg i andre etasje i ein relativt liten kabin på eit så stort fly er i seg sjøl ein fantastisk opplevelse. Vår flight var ein nattflight så vi merka godt at betjeninga var litt stressa med å få unna serveringa og gjort kabinen om til nattmodus. Men maten var god og betjeninga var vennlig, dog veldig varmt i kabinen for ein nordboar!

    Tredje tur i first: LH 498/499 FRA-MEX-FRA

    Det skal godt gjerast å toppe opplevelsen det er å reise i first med Lufthansa frå Frankfurt. I mitt tilfelle der eg hadde remote parking ved ankomst starta denne opplevelsen allereie i det eg forlot flytrappa og satte meg i Porscha. Den gode følelsen vedvarte (med unntak av litt pause mens eg unnagjorde immigrasjon etc i Mexico) for mitt vedkommande i ca 30 timar frå eg blei henta i trappa til eg forlot FCL på veg tilbake til Oslo.

    I lufta vil eg seie at SQ var vel så gode som LH, spesielt på maten. Eg merka meg også at den tyske betjeninga brukte meir tid på å konversere med sine tyske gjestar enn oss som ikkje var tyske. Dette skjedde på begge flightane med to forskjellige crew.

    Skal eg driste meg til ein konklusjon så må den bli at det å reise i first er ein særdeles minnerik opplevelse! Eg har no fått kryssa av for å ha reist i first med dei to største passasjerflya i verden i løpet av 2019 og eg har fått oppleve Lufthansa sin First Class Terminal i Frankfurt. Gjer dette at ein metta? Absolutt ikkje! Om berre nokre veker går turen til Tokyo, for øyeblikket booka med SAS i C, men Expertflyer gir forhåpningar om en ny tur innom Frankfurt!
     
  14. oleredv

    oleredv Senior Medlem

    Innlegg:
    799
    Likes mottatt:
    3,173
    Bonuspoeng:
    93
    På desse flightane blei det servert 2004 Pommery Cuvee Louise.
     
  15. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,583
    Likes mottatt:
    32,370
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig :)
     
    oleredv liker dette
  16. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,047
    Likes mottatt:
    68,587
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen!!!
     
    oleredv liker dette
  17. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    16,763
    Likes mottatt:
    57,033
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig galskap!
    Dette er jo mulig å gjøre på en helg, så da trenger man ikke ta fri fra jobben, en gang! :p
     
    drsyk, Gullars, Eddie47 and 2 others like this.
  18. Arvid1410

    Arvid1410 Veteran

    Innlegg:
    1,529
    Likes mottatt:
    6,686
    Bonuspoeng:
    183
    Hahaha, genialt for diskusjon med kollegene over kaffekoppen på mandags morgen... "Hva gjorde du i helgen?" "Jo du ser... jeg ville så gjerne færra ein tur te Mexico, så da gjorde jeg det..."
     
    Grooo, drsyk, OyvindN and 7 others like this.
  19. tfo

    tfo Aktivt Medlem

    Innlegg:
    322
    Likes mottatt:
    1,211
    Bonuspoeng:
    93
    Herlig tur... og hva skal man si... inspirerende!
     
    oleredv and Eddie47 like this.
  20. Points4Fun

    Points4Fun Senior Medlem

    Innlegg:
    550
    Likes mottatt:
    3,872
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for herlig reisebrev:)
     
    oleredv liker dette

Del denne siden