MR i etterpåklokskapens lys -- 1 Det er på sin plass med ei slags oppsummerande synsing kring fenomenet MR. Var det verdt det? Blir det ein ny runde? Er det galskap? At MR-et medførte nokre timar på Kastrup var eit stort pluss. Elles hadde nok dette vore litt meiningslaust for meg. Flyplassar er jo ofte kjekke, i alle fall med loungetilgang osv. Allereie dagen etter MR-et fekk bonusnissen full tenning. Då ramla det inn grunnpoeng, statuspoeng og kvalifiserande flygingar. Eg er nesten sikker på at telefonen vart litt tyngre når alt dette kom inn på EB-kontoen...! Då var det plutseleg veldig stas å ha vore på MR!
MR i etterpåklokskapens lys -- 2 Mitt neste MR blir det nok ei stund til. Mykje kjem sjølvsagt at prismessig er ikkje det aktuelt når ein bur ved kortbanenettet. Lommeboka mi er ikkje botnlaus. Som du som les dette kanskje har skjønt, er eg litt ambivalent til konseptet MR. Dette var mitt jomfru-MR og erfaringsmessig treng ikkje fyrste gongen å vera den beste gongen (dersom det er lov å seia?). Kan hende blir eg med IF-gjengen på MR (eller LR (lounge run)) ein gong i framtida. Inntil då trur eg at eg kjem til å vera veldig nøgd med å få til ei ekstra mellomlanding her og der på veg til ein destinasjon som eg skal mysa på eit par dagar eller meir. Det trur eg blir min endelege konklusjon.
Forhåpentlegvis skuffa eg ikkje for mykje, men reisebrevet vart nok meir sjølvgranskande enn eg hadde trudd på førehand
Eg var frekk nok til å definera MR som ein type tur der ein for alle praktiske føremål ikkje er utanfor transittområda under heile reisa, så dei reisene du listar her er heilt fine, spør du meg, sjølv om HKG kanskje var litt knapp etter mitt ringe syn, men du opplevde nok litt meir av destinasjonen enn dei som snudde i flydøra
LAX hadde vore fint, sjølv om at for meg står både SEA og SFO lenger opp på lista, men kven veit kor haren hoppar? Her har undertegnede kun én kommentar: Sku ei hunden på dens hår Andre skal få bedømme om din observasjon er virkelighetsfjern eller ikke
Eit slags PS eller ein etterbrennar Det vart så vidt nemnd, men eg vil få understreka det ein ekstra gong: Sjølv om MR kanskje ikkje er noko for meg, så har eg med denne jomfruturen fått eit innblikk i kva det handlar om, noko som har gitt meg ei god forståing for at mange meiner at MR både er kjekt og verdt tid- og pengebruk. Det har eg ikkje noko problem med. Køyr på, folkens!
Burde nesten fått laget et klistermerke "This MR is endorsed by Kristian" (ja, skriver på ny-nynorsk )