Førstereisgut til Aten

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 30. april 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Nokre dagar i Aten
    Dette reisebrevet tar føre seg ein hausttur til Aten i november 2022.

    Fokuset blir på det eg hugsar av observasjonar og tankar frå turen. Sidan eg ikkje gjorde meg eit einaste notat undervegs, så er det fullt mogleg at det er mogleg å finna både feil og manglar i dette reisebrevet.

    Mitt inntrykk er at 'alle' har vore i Aten, men eg kan ikkje hugsa å ha sett noko reisebrev her på forumet derifrå.

    20221118_092243.jpg
    Akropolis, Aten
     
    pgaa, Calling, ArthurDent and 16 others like this.
  2. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,439
    Likes mottatt:
    62,249
    Bonuspoeng:
    293
    Jeg har ikke vært i Aten. Faktisk er Hellas er et av få land i Europa jeg ikke har vært i, så her kan jeg plukke noen tips! :)
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Første dag i den greske hovudstaden
    Når eg no i etterkant ser gjennom bileta mine frå Aten slår det meg at Akropolis figurerer på svært mange av dei. Det er kanskje ikkje så rart, for Akropolis stikk seg ut med sine 150 m.o.h.

    20221117_165837.jpg
    Akropolis, Aten

    Sidan overnattingsplassen var sentralt plassert i bydelen Monastiraki, eit namn som betyr 'eit lite kloster', var det gangavstand til alt som kunne vera av interesse i Aten.

    Etter innsjekk og slikt var det berre å ta turen ut i byen og det fall seg naturleg å tusla opp mot ei høgde som gav fin utsikt over den greske hovudstaden.

    Det naturlege samlingspunktet for dei som ønskjer eit bilete eller sju av Akropolis og Aten i solnedgangstimen er Areopagos, Ares' høgde, ein stad som fungerte som den viktigaste domstolen i klassisk tid (frå 500 før Kristi til 323 før Kristi). Det var ein rusletur på knappe halvtimen frå hotellet.

    20221117_165022.jpg
    Sola er på veg ned over Aten

    20221117_165837.jpg
    Akropolis sett frå Areopagos

    20221117_165150.jpg
    Akropolis i forgrunnen og Lykabettos i det fjerne
     
    Last edited: 30. april 2023
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 14 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Eg kan ikkje lova så mange tips, men kanskje finn du litt inspirasjon i dette skribleriet likevel! Lufthansa og Aegean flyg stadig vekk til Aten, så du får berre sleppa laus bookingfingeren på eit gunstig tidspunkt :)
     
    ArthurDent, Eddie47 and holmen like this.
  5. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,075
    Likes mottatt:
    14,700
    Bonuspoeng:
    183
    Er heller ikke medlem i "alle", men det har dere sikkert skjønt :). Derimot har jeg vært på Kreta, og der var det i hvertfall mange oliventrær!

    Nok en gang takk for at du reiser og forteller, @Kristian
     
    ArthurDent, OyvindN, Eddie47 and 2 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Sidan det hadde vore ein litt stillestijande dag, så vart det litt meir rusling rundt på høgdene som gav utsikt utover Aten. Nærmast tilfeldig snublar ein over oldtidsminner her i byen, slik som dette fengselet:
    20221117_171319.jpg

    Sokrates' fengsel. Vi har vel alle eit inntrykk av kven Sokrates var, denne filosofen som er rekna som ein av dei viktigaste tenkjarane i vestleg filosofihistorie. Sokrates vart dømt til døden skulda for å nekta å tru på Atens gudar og for å ha innført eigne gudar og med dette forderva byens ungdom.

    Det var ei nesten aparte kjensle å stå andlet til andlet med ei svært fjern fortid, men med ei flyreise i bagasjen og ein smarttelefon i handa framom Sokrates' fengsel. Vi har vel alle høyrt nok om Sokrates til å nærmest føla at han lever framleis, men han vandra rundt på jorda for 2 600 år sidan...
     
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 12 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    20221117_171831.jpg
    Akropolis

    Ikkje langt unna Sokrates' fengsel ligg ei høgde som gir fin utsikt utover Aten og Akropolis. Som den observante lesar kanskje allereie har skjønt så er det mykje i den greske hovudstaden som dreiar seg om Akropolis, i alle fall for ein førstereisgut.

    Då mørket senka seg var det på tide å eta litt mat. Turen gjekk til Diodos som baud på god utsikt mot – ja, du har vel gjetta det – Akropolis og ikkje minst god mat.

    20221117_182015.jpg
    Akropolis i kveldslys

    20221117_183159.jpg
    Solid porsjon!

    20221117_193411.jpg
    Gresk dessert – nydeleg!

    Dagen vart konkludert med 16 000 skritt innanbords.
     
    Last edited: 30. april 2023
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 12 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Fleire selskap med nokså ålreit C-klasse (til Europa å vera) tilbyr reiser til Aten, så det er vel berre å sjekka kalenderen for å finna eit høveleg tidspunkt! :)
     
    ArthurDent and Berlioz like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Andre dag i den greske hovudstaden
    Sidan eg har gått frå forstanden til vanvitet, ein ganske kort tur, vil kanskje mange tru, så starta denne dagen med ein joggetur rundt i Aten.

    Det er nesten umogleg å unngå vegkryssingar og slikt i Aten, men atenarane vaknar til live først etter åtte, så då kan ein ganske usjenert kryssa mange vegar før den tid.

    Ein får no sett litt av byen på dette viset òg. Ein fin start på dagen!

    20221118_074205.jpg
    Hadrians boge, Aten
     
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 12 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Planen for denne dagen var å sjå Akropolis. Det hadde vore mogleg å førehandsbestilla billettar, men såpass utanfor sesongen som november jo er, så var det ikkje nødvendig.

    På veg frå hotellet opp mot Akropolis var det naturleg å passera den romerske agoraen. Dette området er framleis under utgraving. Her ligg òg Vindanes tårn.

    Det er unekteleg litt snurrig å tenkja på for rundt 2 000 år sidan budde vi i jordgammer her på røysa vår, medan i Aten var det heilt andre boller!

    20221118_091419.jpg
    Den romerske agoraen med Vindanes tårn, Aten

    20221118_092203.jpg
    Aten på morgonkvisten
     
    Calling, OyvindN, Earl and 10 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha løyst billett var vi kjapt inne på området som omkransar Akropolis. Dette er eit platåfjell som har fungert som tilfluktsstad, som festning, som heilagdom for Atens skytsgudinne Athene, familieheim og tempelområde. Å få sjå dette omrrådet med eigne augo i fantastisk solskin var nydeleg. Akropolis er imponerande!

    20221118_101016.jpg
    Du er aldri åleine på Akropolis

    20221118_101414.jpg
    Etter å ha kome opp på toppen av Akropolis
     
    Last edited: 30. april 2023
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 10 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Det største blikkfanget på Akropolis er sjølvsagt Parthenon. Templet stod ferdig i år 432 før Kristus. Ekspertane er litt usikre på kva for funksjon templet kan ha hatt, men like fullt er det eit imponerande byggverk, og den dag i dag pågår restaureringsarbeidet.

    20221118_103212.jpg
    Parthenon-tempelet på Akropolis
     
    Calling, OyvindN, Earl and 6 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Det viktigaste templet på Akropolis er sjølvsagt Erekhtheion, som er via Athene, byens skytsgudinne. Templet stod ferdig i år 407 før Kristus. Å sjå til er Erekhtheion mindre imponerande enn Parthenon, men det var like fullt verdt å rusla bortom Athenes tempel.

    20221118_111510.jpg Erekhtheion-templet på Akropolis
     
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 7 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    20221118_093946.jpg
    Eit flott amfiteater ved Akropolis

    20221118_104831.jpg
    Lykabettos sett frå Akropolis
     
    Calling, OyvindN, Earl and 7 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    På tur ned frå Akropolis vart ruta nærmast automagisk lagt forbi den romerske agoraen og Vindanes tårn. Det er altså mogleg å løysa billett for å gå inn på dette området, men det vart i staden prioritert å få i seg litt lønsj like i nærleiken.

    20221118_120148.jpg
    Vindanes tårn, Aten

    20221118_121157.jpg
    Den romerske agoraen under sola og Akropolis

    20221118_124646.jpg
    I Hellas er vel all salat gresk?
     
    Calling, ArthurDent, OyvindN and 8 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein nokså moderne (?) lønsj var det på tide å på ny gå tilbake til oldtida. Neste post på programmet vart, nærmast litt tilfeldig, Atens agora. I antikken var dette det sentrale torget i byen.

    Her ligg det fleire tempel, men det mest imponerande av dei, fordi det er så godt ivaretatt, er templet som er via Hefaistos. Templet stod ferdig i år 415 før Kristus. Då blir den greskortodokse kyrkja inne på området frå 900-talet ganske ny til samanlikning...

    20221118_135118.jpg
    Dei heilage apostlars kyrkje, Aten

    20221118_141936.jpg
    Atens agora

    20221118_142105.jpg
    Hefaistostemplet

    20221118_151413.jpg
    Akropolis sett frå Atens agora
     
    Calling, Earl, drsyk and 6 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Aten er ein ålreit by å rusla omkring i, kanskje spesielt i området rundt Monastiraki, Akropolis og i retning høgdedraget Lykabettos. Her er det eit triveleg 'gamlebyområde' og parkar.

    Denne ettermiddagen vart vandreturen tilfeldigvis lagt forbi Hadrians boge, eit nybygg på berre 1 900 år. Deretter rusla vi over Syntagmaplassen framføre det greske parlamentet. Ein ålreit rusletur på måfå før middag.

    20221118_155037.jpg
    Hadrians boge, Aten

    20221118_163112.jpg
    Hellas' parlament på Syntagmaplassen, Aten
     
    Calling, OyvindN, Earl and 7 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,515
    Likes mottatt:
    36,894
    Bonuspoeng:
    293
    Middagen vart inntatt på ein stad med utsikt til Akropolis, sjølvsagt. Denne gongen på ein triveleg liten plass med namnet A little taste of home restaurant. 0ongen skal eg ikkje skryta på meg at eg hugsar namnet på plassen, men ved hjelp av eit lite Google-søk, så er det ofte ganske lett å finna ålreite matplassar i nærleiken av der du er.

    20221118_184924.jpg
    Atens Agora og Akropolis

    20221118_192741.jpg
    Igjen ein salat, som eg trur er gresk....

    20221118_200254.jpg
    Dessert må til, god gresk dessert!

    Totalt vart det denne dagen tilbakelagt rundt 33 000 skritt.
     
    Last edited: 03. mai 2023
    Calling, Earl, Upsaker and 7 others like this.
  19. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,987
    Likes mottatt:
    33,144
    Bonuspoeng:
    293
    Som du reiser unge mann…
     
    ArthurDent and Kristian like this.
  20. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,685
    Likes mottatt:
    872,245
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig @Kristian , nok en gang på tur!
    Ikke liveoppdateringer her heller, men kjekt å bli med.
    Jeg var i Athen en gang på 1990 tallet med bonuspoeng med KLM, opptjent med Braathens hvor jeg var Royal Wing (gull).
     
    ArthurDent and Kristian like this.

Del denne siden