Familien Sunnfjordingen til Filippinene med Singapore Airlines

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 18. juni 2023.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då er vi omsider framme på hotellet (Heritage Hotel) i Manila. Helseproblema ser ut til å vere over. Eg var litt uvell på flighten frå Singapore, men det gjekk bra etter nokre timar i horisontalen. Kan det hende at folk som jobbar på/med ferger ikkje tåler satay, @Kvalvaag?

    Vi tok ein tur innom loungen på veg til rommet og fekk litt å bite i. Heilt kurrant mat og drikke prisnivået tatt i betraktning. Vi måtte ut med vel 2500 NOK til saman for to netter, og då er ca 400 betaling for skyssen frå flyplassen.

    Rommet er reint og pent og passeleg storleik. Langt betre enn rommet eg fekk i IAD i mars som kosta vesentleg meir.

    IMG_1132.jpeg
    IMG_1131.jpeg I morgon skal vi nok sjekke ut bassenget.
     
    Kristian, pgaa, kjeeli and 36 others like this.
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Etter å ha reist hit er det ingen tvil om at det er vesentleg betre å fly business enn økonomi når ein skal langt avstad. Dette er fyrste langturen min til Asia i business og på tidlegare turar i øko (KLM og China Southern) har eg berre hatt lyst til å legge meg so snart eg kjem fram. I dag vart det øl og mat i staden
     
    Kristian, veeegard, McBuljo and 22 others like this.
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Dei har Baby Shark på fargefjernsynet i MNL og…
     
    Kristian, MissX, Flymunda and 4 others like this.
  4. Kvalvaag

    Kvalvaag Senior Medlem

    Innlegg:
    736
    Likes mottatt:
    6,018
    Bonuspoeng:
    163
    Einaste fruen ikkje spiste som eg spiste den gang var tunfisk og blåskjell, samt skalldyrsaus, har en mistanke om at det var en av synderene :rolleyes:
     
  5. ordnetseg

    ordnetseg EBG saved my life!

    Innlegg:
    427
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for herlig reisebrev :)

    :confused: Du har min dypeste sympati!
     
  6. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    I følge statistikken et det det mest nedlastede på YouTube i verden ..
    Mine barnebarn i Bergen er over det, men minste i Trondheim er akkurat begynt ..
     
    Kristian, anders82 and Finnks like this.
  7. runese

    runese “Chewie, we’re home.”

    Innlegg:
    113
    Likes mottatt:
    85
    Bonuspoeng:
    28
    Dette er så velskrevet at det er en fryd å få være med fra sidelinjen! Gi oss mer!
     
    holmen liker dette
  8. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,301
    Bonuspoeng:
    183
    Så godt og sjå dei har byrja med det igjen!
     
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Mat må ein ha! Etter at ungane og eg har sove frå ca 1900 til ca 1200 lokal tid er vi oppe og klare for lunch. Det blir burger og øl, med halo halo til dessert.

    IMG_1141.jpeg
     
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 26 others like this.
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Hotellrestauranten har oliven på nesten alt. Her skulle @Stuttfeiten ha vore.

    IMG_1143.jpeg
    IMG_1145.jpeg
     
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 33 others like this.
  11. CAM

    CAM Nytt Medlem

    Innlegg:
    13
    Likes mottatt:
    57
    Bonuspoeng:
    13
    Sunnfjordingen liker dette
  12. Jeanette

    Jeanette Veteran

    Innlegg:
    2,380
    Likes mottatt:
    5,339
    Bonuspoeng:
    183
    Sunnfjordingen, holmen and Berlioz like this.
  13. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då er vi omsider kome til Puerto Princesa (PPS) på øya Palawan. AirAsia stod for skyssen frå Manila med ein godt brukt A320. Setedelar var lause og avstanden mellom setene var ikkje dimensjonert for staute karar frå Sunnfjord. Rett før landing gjekk to frå CC ned midtgangen med ei vogn med ymse AirAsia-«merch» (som ungdommen seier); caps, drikkeflaske etc. Eg stod over.

    Gårsdagen gjekk med til å sove lenge og vitje ei dame som i mange år budde i heimbygda, men som pensjonist har flytta attende til Filippinene. Med på flyttelasset hadde ho med seg kioskveltaren til dotra til tremenningen min.

    IMG_1178.jpeg

    Elles var det mykje rart å sjå i trafikken i Manila.

    IMG_1179.jpeg
    På den venstre skvettlappen på denne farkosten står det «Airbus A350»…

    IMG_1180.jpeg
    Det er ikkje særleg tvil om kva kjønn ungane til restaurantdrivaren her er av.

    Her i Puerto Princesa er det ytterst ymse med WiFi-tilgong, so det kan bli dårlig med oppdateringar dei neste dagane. Planane våre er (i følge madammen) å bli her nokre dagar for so å reise vidare til Port Barton. Puerto Princesa ser ikkje ut til å ha all verdens spennande å tilby, men resten av øya har fleire typiske stranddestinasjonar. For utan Port Barton er nok El Nido og Coron dei mest vidgjetne. Øya Amanpulo som ligg eit stykke ut i Sulusjøen er og populær, men helst for folk med noko større ramme hjå American Express enn det underskrivne har. Mellom anna skal Bill Gates og mange Hollywoodstjerner frekventere øya.
     
    Last edited: 23. juni 2023
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 37 others like this.
  14. magnusant

    magnusant LTG

    Innlegg:
    719
    Likes mottatt:
    1,007
    Bonuspoeng:
    93
    Takk for reisebrev. Puerto prinsessa er vel fint for folk som liker å svømme under vann med luft i tank på ryggen, om jeg husker riktig?
     
    Lnbre liker dette
  15. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Det kan godt hende. Eg har berre vore her nokre timar. Vi får snakkast i vyrdsemd ved høve ;)
     
    Kristian and RoadKing like this.
  16. Jeanette

    Jeanette Veteran

    Innlegg:
    2,380
    Likes mottatt:
    5,339
    Bonuspoeng:
    183
    Ble dere matforgiftet på SQ eller var dere sjuke? :confused: Alltid bittelitt skeptisk til flymat - he he
     
  17. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Usikker. Yngstemann trur eg ikkje åt noko særleg. Kasta berre opp vatn. Kan ha vore turbulensen.
     
  18. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Ny rapport frå turen. Dagen i dag gjekk med til å sove før vi svinsa bort til det som nok er det mest fancy kjøpesenteret i byen; Robinson. Her fekk ungane leike og køyre leiketog medan madammen gjekk rundt og glodde i det meste av butikkar. Trur ikkje ho kjøpte noko. Jaja… Måndag set vi kursen for Port Barton. Null planar for morgondagen utover at ungane nok lyt bli litt våte. Og det lyt nok han far og.
     
  19. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    Husk væskebalansen ....
     
    Kristian, Sunnfjordingen and MissX like this.
  20. Flyingdutchman

    Flyingdutchman Veteran Moderator

    Innlegg:
    3,754
    Likes mottatt:
    23,553
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig rapport, gleder meg til fortsettelsen. (Dette på tross av at jeg sliter litt med språket iblant, men det er mitt problem :p)
     

Del denne siden