Familien Sunnfjordingen til Filippinene med Singapore Airlines

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 18. juni 2023.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Her i Puerto Princesa er det blitt kveld og yngstemann er alt sovna. Det vart godt krydra kylling med ris til middag. I morgon tidleg dreg vi til Port Barton. I følge Google er det 158km og tek litt over 3 timar. I følge den lokale helten i skysstenesta er det over 300km og tek berre 2 timar. Eg håpar EDB’en har rett… No skal eg justere væskebalansen litt før det vert ein tidleg kveld.
     
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    God kveld frå Port Barton på Palawan. Vi ankom her ved lunchtider og etter innsjekk vart det mat på naboresorten før det var badetid for store og små. Vi bur på Teteng’s Home som er ein liten resort med fem rom og seks hytter (trur eg). Vi har fått eit familierom som held rimelig bra standard, men som dessverre er litt sparsomt møblert. I natt er vi dei einaste som bur her, so då hadde vi bassenget for oss sjølv.

    Det medførte at vi etter ankomst har ete lunch, bada, ete middag og bada.

    Port Barton ser førebels greit ut, men det er i overkant mange hundar som rek rundt her. Meir enn eg er vand med frå tidlegare vitjingar til landet her. I morgon skal vi visst ut på øyhopping og sjå havskilpadder.
     
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 26 others like this.
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då var nok ein dag over. Det var øyhopping og bading. Ikkje ein gong to rundar med «water resistent» solfaktor 50 var nok for å forhindre at underskrivne vart solbrend som f. Jaja.

    Vi får tru morgondagen vert betre. Då skal vi vitje ei privat strand ute i øyane her som opererer med inngangspengar. Trur nok eg vil bli godt tildekt store delar av dagen.
     
    Kristian, AirMags, NorFlight and 20 others like this.
  4. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    God ettermiddag frå Port Barton. Føremiddagen gjekk med i bassenget på miniresorten. No ligg madammen og snorksøv medan ungane ser på fargefjernsynet. På tide med mat snart kjenner eg.

    Gårsdagens tur ut til ei privat strand var veldig bra. Fine forhold for vaksne og born og ei heil sandstrand for (nesten) oss sjølv. Det merkast at ikkje turistsesongen er i gong her, sjølv om det er overraskande mange med europeisk utsjånad her.
     
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    God aften! Då er familien attende i PPS. Turen frå PPS til Port Barton tok tre timar, men berre to timar tilbake. Det skuldast ein veldig ivrig sjåfør som ikkje sparte på havren til hingsten. Det gjekk so fort og humpete for seg at Fitbiten min registrerte omlag 5000 steg i løpet av dei to timane turen tok. Solide saker. På Vestlandet er det berre to legitime grunnar til slik køyring; (1) du skal rekke ferga eller (2) du skal rekke Vinmonopolet. Det var dårlig med ferger på turen, men det kan jo alltids tenkast at sjåføren skulle rekke eit polutsal som stengte ved lunchtider på ein fredag?

    Uansett er alle framme friske og raske. No får vi sjå kva PPS har å tilby. I følge madammen har eg «jumped the gun» når det gjeld attraksjonar. Vi får tru det vert meir å rapportere om den neste veka enn barnepass og kjøpesentercaféar.
     
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 20 others like this.
  6. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    God kveld frå Puerto Princesa. Her er det late dagar med mykje strandliv og låg puls. I dag har eg fått testa det filippinske alternativet til toalettpapir; tabo. Det er ei ause som ein ausar vatn med. Meir er det ikkje å seie om det. Eg har konkludert med at dassrullen neppe er avleggs endå.
     
    Kristian, pgaa, AirMags and 17 others like this.
  7. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Ny oppdatering frå oss her på Palawan. I dag er det litt sightseeing, litt kjøpesenter og litt fotspa. Dagen starta på ein krokodillefarm der vi mellom anna fekk sjå denne krabaten.
    IMG_1302.jpeg
    Han har omlag same ansiktsuttrykk som ein nyfrelst bonusnisse som har vore innom Viatrumftråden på IF og sett at han lyt vente eit halvt år på å få trumfen sin frå Hotels.com

    IMG_1303.png
    Det er visst ikkje lov å ha med ishakker på kjøpesentera her. No veit du det!

    Fint nede på strandprommenaden, sjølv i Austlandsveir.

    IMG_1301.jpeg
    IMG_1299.jpeg

    Jammen ser det ut til at arbeidsgjevaren til @Kvalvaag har ei ferge gåande her nede. Eg observerte denne ute i havnebassenget med lemmen nede.
    IMG_1298.jpeg

    No kjenner eg at eg snart er klar for middag.
     
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 28 others like this.
  8. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    Ikke ulikt Svarbard, der må du sette våpenet utenfor ....
     
    Sunnfjordingen liker dette
  9. melind

    melind Medlem

    Innlegg:
    139
    Likes mottatt:
    215
    Bonuspoeng:
    43
    Mye god og fersk sjømat på promenaden anbefales om dere ikke allerede har vert og spist der på kveldstid
     
    Sunnfjordingen liker dette
  10. Shanker

    Shanker Medlem

    Innlegg:
    69
    Likes mottatt:
    143
    Bonuspoeng:
    33
    Sunnfjordingen liker dette
  11. Kvalvaag

    Kvalvaag Senior Medlem

    Innlegg:
    736
    Likes mottatt:
    6,018
    Bonuspoeng:
    163
    Funfact !
    Det var lenge eit prosjekt på gang der det skulle startes hurtigferje fra USA til Cuba, dette ble skrinlagt når Trumparn kom til makten :rolleyes:

    Imidlertid kan eg påpeike at ferjetrafikk på filipinenene er plaga av mange ulykker og kantringer :confused:, i Norge derimot er innenriksferje er det statistisk sikreste en kan reise med :p
     
    AirMags, EndreD, phileas and 3 others like this.
  12. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Den låge ulukkesstatistikken skuldast jo at Fjord1 har ein mykje større marknadsandel enn konkurrentane ;)
     
    Kristian and snus_mumrikken like this.
  13. Kvalvaag

    Kvalvaag Senior Medlem

    Innlegg:
    736
    Likes mottatt:
    6,018
    Bonuspoeng:
    163
    Heldigvis ingen som peiker seg ut i positiv eller negativ forstand ;)
    Forutenom eit sikkerhetstyringssertifikat på eit rederi som ble inndratt for rundt 2år siden :rolleyes:
    Ikkje Norled og ikkje Fjord 1 men en av de 2 andre store :cool:
     
  14. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    Er dette en avsporing?
    Eller skal vi lenger ut på fjorden?
    Går det ferge mellom Malaysia og Bangkok?
    Spør for en venn ..
     
  15. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, ei ferge som har spora av :p
     
    Kristian and Eddie47 like this.
  16. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Ny nyheitsrunde frå Palawan. Madammen har kjøpt inn ny koffert og rikelig med pikkpakk å fylle den med. Nyfarga hår som skjuler dei grå håra hennar har ho og :p Eg har kjøpt ei flaske «brandy» (20 %) med kaffismak til ca 25 kroner som skal vere med på lasset. Det er godt filippinarane er hjelpsame, og at det er kort veg frå terminalen til av/pålessingsområdet på BGO.

    I dag har dagen stort sett blitt brukt ved bassenget, etter at yngstemann vakna akkurat tidsnok til lunch…

    Bassengområdet er standsmessig pynta.

    IMG_1341.jpeg

    Eg har forresten begynt å glede meg til flyturen heimover.
     
    Last edited: 06. juli 2023
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 17 others like this.
  17. themichael

    themichael EBD

    Innlegg:
    1,573
    Likes mottatt:
    4,160
    Bonuspoeng:
    113
    Det er jo det beste med å være flybegeistret - man gleder seg faktisk til turen hjem.
    Takk for flott reisebrev så langt!
     
    Sunnfjordingen liker dette
  18. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Det nærmar seg heimreise. Eg gledar meg allereie til å heimturen. I natt norsk tid (0140) går flyet til Manila og i morgon føremiddag norsk tid (1040) går Boeing 787’en til Singapore. Det vil seie at det truleg vert råd å slå ihjel nokre timar i SQ-loungen på MNL. Eg kryssar fingrane for at det ikkje skal bli krøll med flighten til Manila, men vi har lagt inn bra med margin, so det bør gå bra.

    Vi rundar truleg 100 kg med innsjekka bagasje. Madammen har kjøpt inn ein ny koffert og uhorvelige mengder pikkpakk som skal med heimover. Av fire koffertar som skal sjekkast inninneheld ein koffert mine ting, ungane sine og litt av husfrua sina. Dei tre andre inneheld berre hennar saker. Jaujau.
     
    Stuttfeiten, Kristian, pgaa and 22 others like this.
  19. Jorge

    Jorge Fastboende

    Innlegg:
    5,340
    Likes mottatt:
    7,724
    Bonuspoeng:
    293
    Blir ikke det her greit med overvekt på PPS-MNL?
     
  20. Gribb

    Gribb Aktivt Medlem

    Innlegg:
    474
    Likes mottatt:
    1,071
    Bonuspoeng:
    93
    4 koffert med ca 100 kilo til sammen, Cebu selger 20 eller 32 kg, så jeg regner med 2 stk 20 hver og 2 stk 32 hver.
     

Del denne siden