Familien Sunnfjordingen til Filippinene med Singapore Airlines

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 18. juni 2023.

  1. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då er vi omsider tilbake i gamlelandet. På austlandet er alt ved det vande; grått og trasig veir og flya er forseinka. Ungane er i fyr og flamme og masar konstant. Jammen skal det bli godt å komme heim no.

    Berre vi får plass til alt pikkpakket til madammen i herregårdsvogna.
     
  2. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,313
    Likes mottatt:
    33,888
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
    Sunnfjordingen liker dette
  3. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,873
    Likes mottatt:
    64,789
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen!
    Hvis det ikke blir plass i bilen, så kan vel barna løpe etter?
     
    Sunnfjordingen liker dette
  4. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då er vi komne til solbyen Bergen. Ute skin sola og inne ventar vi på bagasjen. Snart biling heimover :)
     
    Kristian, themichael, paron and 6 others like this.
  5. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,029
    Likes mottatt:
    875,518
    Bonuspoeng:
    293
    Velkommen til solkysten og takk for turen!
    Hvis du ikke får plass til alle pakkenelikkene kan du lagre skoene her!
    Hun klarer seg sikkert uten dem til neste gang du skal innom solkystens perle.
     
    Kristian and Sunnfjordingen like this.
  6. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då er vi komne til ferga. Norled legg ned bommen og hevar lemmen på minuttet for å følge rutetabellen. Slik skal de gjerast, veslebror!
     
    Kristian, Earl, FlyTax and 6 others like this.
  7. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,828
    Likes mottatt:
    21,956
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen!
     
    Sunnfjordingen liker dette
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då var vi omsider i hus. Skal seie ugraset har vekse medan vi var på ferie. No skal det sovast før eg skal luke ugras og skrive litt meir om turen.
     
    Kristian, Earl, themichael and 10 others like this.
  9. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Då var det på tide å dele litt meir om turen, og vi får vel begynne med det viktigaste; flyturane.

    Singapore Airlines var eit veldig kjekt bekjentskap. Intra Asia stiller dei og med eit heilt anna biz-produkt enn det vi finn på fly i Europa. Flytypen både på SIN-MNL og MNL-SIN var 787-9. Setet minna litt om ein kraftig modernisert og oppgradert versjon av det LH har på sin IC-biz. Samanlikna med SQ long haul var seta merkbart mindre, både når det kom til breidde og beinplass.

    IMG_1630.jpeg

    Av flyturane til og frå Europa synst eg nok at A380-turen nedover frå LHR var best. A350-turen heimover var absolutt veldig bra, men flyet virka både gammalt og slite. Skjermane på IFE hadde ikkje touchfunksjon og støynivået var overraskande nok høgare enn på A380. Men A350’en sine seter var suverene i storleik. Kjentes ut som eg sat på ei trone (nei, ikkje «trone» i overført betydning).
     
    Last edited: 14. juli 2023
    Kristian, pgaa, Brukernavnet and 28 others like this.
  10. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Andre observasjonar når det gjeld Singapore Airlines:
    - Maten varierer veldig. Dei traff blink på turen ned, men bomma dessverre stygt på biffen på heimturen.
    - Veldig bra crew som alltid er serviceinnstillt og kjem med det du ber om innen rimelig kort tid. Alltid med eit smil om munnen.
    - Crewet på eine sida var veldig mykje tregare enn på den andre under måltida på heimturen.

    SilverKris-lounge på LHR T2
    Rimelig bra tilbod av austleg og vestleg frukostmat, men loungen var overraskande liten. Fekk med meg ein Singapore Sling i dusjen då eg ba om det. Testa elles ikkje drikkeutvalet, sidan eg måtte prioritere å slite ut ungane på leikeplassen før ein lang dagflight. Baren såg uansett veldig bra ut.

    SilverKris-lounge på T2 i SIN
    Litt avsidesliggande lounge som tok ei tid å få komme fram til etter ein lang flight. Det skuldast nok delvis at madammen ikkje var heilt i strok, men eg synst uansett at loungen burde vore lokalisert nærare gatane. Loungen hadde litt større buffet enn i London, men eg var stappmett etter super servering på flyet nedover, so det vart ikkje noko meir avansert servering enn frukt, vatn og cola. Ganske stort sitjeområde. Pluss for eige «leikerom» med fargefjernsyn og små, gjennomsiktige plaststolar (men ingen leikar). Minus for absolutt ingen utsikt. Hadde eg visst det eg no veit om Changi og loungane ville eg heller tatt toget til Terminal 3 og gått i loungen der. Den var vesentleg betre. Meir om den seinare.

    SilverKris-lounge på MNL
    Ein positiv overraskelse. Omlag på størrelse med loungen i London, men eg likte denne litt betre. God blanding av både vestleg og austleg mat. Minus for dårleg utval alkoholhaldige drikkevarer, men det gjorde ikkje noko sidan det var familietur. Den er sentralt og fint plassert nokre minutt frå både sikkerheitskontroll og den meir eller mindre faste SQ-gaten. Loungen hadde som so mykje anna på Filippinene veldig høg bemanning. Til og med ein eigen kar som vaska dassane mellom kvart einaste besøk.

    Dette er for øvrig den einaste Star Alliance loungen på MNL. Flyr du ANA har du tilgang til ein lounge som ikkje ville ha meg og SQ-boardingkortet mitt på vitjing, men som hadde både ANA og China Southern rollups utanfor.

    SilverKris-lounge T3 på SIN
    Dette var den desidert beste loungen på turen. Enormt stor og eit voldsomt utval med god mat. Vi var her og åt frukost før vi gjekk til gate. Det vart både egg, pylser, hashbrowns, croissant og siopao. Stort pluss for den fancy dassen med fjernkontroll og oppvarma sete. Dei hadde til og med eigne klossett og servantar for ungar.

    Lufthansa Panorama Lounge
    Denne var eg på i mars, og det var lite nytt. Fin lounge med typisk Lufthansaservering.

    Flyplassane elles:
    - MNL er ein rotete flyplass. Filippinarane er flinke til å lage mat, yte service og brygge sterkøl, men logistikk er dei ikkje verdsmeistrar i. Berekn god tid! Ved terminalbyte må du ut i Manilatrafikken. Vi fekk mail med oppmoding om å møte tre timar før oppsett avgangstid.
    - Vi fekk ikkje sett the Jewel på Changi. Hadde aldri veldig lang layover.
    - Toga (trikk?) mellom terminal 1, 2 og 3 går ofte og tek kort tid, so det er uhyre enkelt og raskt å skifte terminal. Vær obs på at dørene lukkar seg utan forvarsel og let seg ikkje opne før toget er på destinasjon, so pass godt på ungane.
    - På grunn av dei gode togforbindelsane er det ingen grunn til å velge ein annan lounge på SIN enn den på T3, med mindre du har veldig knapp connection.
     
    Last edited: 14. juli 2023
    Kristian, Earl, Flymunda and 19 others like this.
  11. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,301
    Bonuspoeng:
    183
    Har motsatt erfaring av deg på SQ A380 vs A350.
    Utanom eingong på A380 der service var heilt fantastisk så har A350 vore mykje betre.
    Eg har dog ikkje møtt eit meir utslitt A350 endå….
     
    Sunnfjordingen liker dette
  12. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Det var det eg forventa og. Sjølv om det berre var seks år gammalt so virka det meir utslitt enn A380’en. Det var langt høgare støynivå enn i dei to A350’ane til SAS som eg har reist med. I følge internetten er faktisk A350’en eit svangerskap eldre enn A380’en.
     
    Kristian and snus_mumrikken like this.
  13. ccurrahee

    ccurrahee Jobb jobb jobb

    Innlegg:
    10,344
    Likes mottatt:
    37,159
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for både at vi får være med og en fin oppsummering av opplevelser og inntrykk av både fly og lounger.

    Jeg savner SQ jeg. Måtte de få lyst på EB poengene mine igjen. Så skal jeg dele raust ut, mot et F sete.
     
    Liza, Finnks, Sunnfjordingen and 2 others like this.
  14. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, vi får håpe det. SAS har vel sagt at det berre er eit spørsmål om tid, so vi får håpe det skjer snart.
     
    snus_mumrikken and Kvalvaag like this.
  15. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,930
    Likes mottatt:
    12,301
    Bonuspoeng:
    183
    Det har vore bra tilgjengelighet også, men skal ha 2 legs med SQ A359 i oktober viss ting går etter planen. Me får sjå.
     
    Sunnfjordingen liker dette
  16. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Berre å glede seg ;)
     
    snus_mumrikken liker dette
  17. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Å fly langt med små ungar gjekk veldig bra. Det verste var igrunn flyginga intra Europa (BGO-SVG-LHR, FRA-OSL-BGO) med avgrensa underhaldningsmoglegheiter om bord i flya og høgst avgrensa fasilitetar på flyplassane. Langstrekkene gjekk stort sett som ein draum der dei sov og såg på IFE. Eg ville mykje heller flydd LHR/FRA-SIN enn BGO-LPA med mine to aktive masekråker på 2 og 5 år.
     
  18. Darkcho

    Darkcho Veteran

    Innlegg:
    2,422
    Likes mottatt:
    3,371
    Bonuspoeng:
    113
    Hadde akkurat samme opplevelse. ARN-ZRH var mye kjipere for barn enn ZRH-HND. Skjer mye mye, god ife, masse plass i setet etc. De lange strekkene går riktig så bra, 2 timer intra Europa er mer utfordrende.
     
  19. Jorge

    Jorge Fastboende

    Innlegg:
    5,340
    Likes mottatt:
    7,724
    Bonuspoeng:
    293
    Problemet for SAS var vel at tilgjengelighet var litt for bra, så vi kan dessverre ikke forvente at det blir like bra når det kommer tilbake.
     
  20. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,705
    Likes mottatt:
    25,649
    Bonuspoeng:
    183
    Eg kan og legge til at på dei fire turane vi hadde i SQ C var det berre på MNL-SIN at det var ledige seter i kabinen. Heile to stykk. Elles var den stappfull, so dei får nok selt ein del billettar sjølv om dei kostar $$$
     

Del denne siden