GEG-SEA-IAH-LAX-SEA- med Alaska Airlines i bingo klasse

Tråd i 'Reisebrev' startet av obergland, 11. des 2017.

  1. obergland

    obergland Nytt Medlem

    Innlegg:
    39
    Likes mottatt:
    79
    Bonuspoeng:
    18
    Dette er ingen eksotisk (luksus) tur til Kiwiland eller F-tur til fjerne land via flyplass i sanden, men heller ein kvardagstur av det slaget ein del av oss tek i arbeidsklær. Eit møte her, eit møte der, ei veke der, kanskje to. OSL-ARN/BRU/SIN/TRO/EBB/IAD/BGO. (Sjølv om slike turar og kan bli litt utanom det vanlege: LAX-IST-FRU-IST-OSL-IST-SFO oppgradert til J med TK.)

    Det kom ein konvolutt frå Alaska Airlines (AS) i posten for ei tid sidan. På innsida var eit nytt Milage Plan kort for 2018 og «her kjem eg» merkelappar for koffert og pc veske. Det høvde bra for nå var det snart tid for ein tur til Houston med AS.


    AS_env.jpg AS_tag.jpg

    For dei som ikkje kjenner til Alaska Airlines er det eit regionalt flyselskap med utgangspunkt i Seattle og med ei lang historie i Alaska og på nordvest kysten i USA. Eg hadde min fyrste tur med AS frå Seattle til Anchorage for mange år sidan. Nå er AS ein stor aktør på vestkysten og med transkontinentale ruter. Dei har nyleg kjøpt Virgin American. AS har berre B737 i flåten sin, men dei regionale selskapa Horizon og SkyWest flyg Q400 og ymse CRJ og E175 med Alaska fargar. B737 flåten til AS har i hovedsak ein tredelt kabin med First Class, Premier (dvs litt betre plass) og alle andre.Ikkje ulikt UA some mange kjenner til.
    AS sitt Milage Plan program har tre elite nivå: MVP, MVP Gold, MVP Gold 75K. Nå les eg vanlegvis ikkje tråden om manglande diamant føremoner, men bidreg du i den tråden til vanleg er dette rette tidspunktet til å bytte over dit.

    MVP Gold og Gold 75K har ubegrensa oppgradering til First/Premium for seg sjølv og eit reisefylgje – når det er ledig plass. MVP Gold 75K har i tillegg tilgang til å velge sete i Premium ved bestilling utan tillegg i prisen, og iPad med underhaldning og drikke ombord. Og ingen avgift på koffertar.

    Ein liten digresjon: Dersom du må velge mellom ekstra beinplass eller tilgang til lounge? Her er eg sjeldan i tvil – ekstra beinplass på ein tur på 2-5 timar. (Pølse og øl på Arlanda før flyet til Oslo?)

    Oppgradering til First skjer ikkje før 120 timar før avreise for MVP Gold 75K, og 72 timar før for MVP Gold. Turen til IAH vart kjøpt rimleg – ingen refusjon, ingen endring. Så nå er det berre å flytte setereservasjonen framover og vente på epost frå AS med melding om å flytte heilt fram, kanskje...
     
    artanis, DanH, Travellingalf and 18 others like this.
  2. mathiasfe

    mathiasfe Veteran

    Innlegg:
    2,833
    Likes mottatt:
    10,805
    Bonuspoeng:
    183
    Kult! Jeg skal reise med AS for første gang i januar (SFO-SEA-YVR-SEA-SFO), så dette ser jeg fram til.

    Lucky på One Mile at a Time skrev en artikkel om hvordan man sikrer seg oppgradering i går, så jeg får kanskje prøve meg på det.
     
    obergland liker dette
  3. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,905
    Likes mottatt:
    22,554
    Bonuspoeng:
    293
    Dette blir bra, gleder meg til å lese om nye ruter og flyselskap. God tur!
     
    obergland liker dette
  4. Travellingalf

    Travellingalf Ut på tur - aldri sur InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    5,701
    Likes mottatt:
    10,255
    Bonuspoeng:
    293
    Denne ser jeg også frem til! Og i tillegg til de godene du allerede har nevnt så har vel AS mange spennende samarbeidspartnere også?
     
  5. Chrisbgg

    Chrisbgg Veteran

    Innlegg:
    1,613
    Likes mottatt:
    2,657
    Bonuspoeng:
    113
    Lycky kåret vell i går eller i dag, AS til nordamerikas beste FF program. Og trakk frem bl.a ekstremt god value på enveis eco.
    Han hadde booket us til madrid(?) med stop for 12500 miles..


    C
     
    obergland liker dette
  6. obergland

    obergland Nytt Medlem

    Innlegg:
    39
    Likes mottatt:
    79
    Bonuspoeng:
    18
    AS sitt Milage Plan program har samarbeid med fleire selskap både innanfor og utanfor dei tre store alliansane, ma British Airways, Air France/KLM, Singapore, Hainan, Japan Airlines, Korean, Quantas og Emirates. Også FinnAir og Icelandair. Det er mogleg å samle poeng hjå Fiji eller Ravn eller Pen Air avhengig om du skal sørover eller nordover sett i frå Seattle. Skal ein tur til Sydney med Cathay Pacific A350 i premium på nyåret.
     
    Last edited: 12. des 2017
    Travellingalf and Darkcho like this.
  7. obergland

    obergland Nytt Medlem

    Innlegg:
    39
    Likes mottatt:
    79
    Bonuspoeng:
    18
    Opp tidleg om morgonen. Den nesten nye Briggs & Riley ta-med-inn kofferten med høvleg dekorasjon.
    as_2_1.jpg

    I ein Ford Escape frå Avis i tett tåke til flyplassen i Spokane. Parkere, hyggeleg småprat, og gå inn i terminalen. GEG er ein ok flyplass med tidsrett arkitektur frå midten av 60 åra. TSA har tronge arbeidsvilkår her – men, intimt og med glimt i augene – ingen morgon gretne eller sure miner her. Delar av terminalen der Alaska held til er nyare - nokså slitt og trong - minner mest om bussterminalen i Oslo. AA sin del av terminalen vart nesten full med alle (!) som skulle med A319 til Phoenix.

    AS sin app er solid og gjer det den skal: innsjekk, boarding kort, og minner deg om at det er nå er boarding ved gate xx. Priorert kø med kjapp utlukking av dei som prøvde seg - måtte stille seg i "skammekroken" fram til det var deira tur.

    as_2_2.jpg

    Skywest CRJ 700 til Seattle, her er det ikkje First, men Premium med litt ekstra plass til beina.

    as_2_3.jpg

    Med flytid på omlag 40 minutt vart det svært enkel frokost serving med lokal kaffe. Tid til ein liten dupp, før vi svingte rundt nordsida av Space Needle og inn til SeaTac. Det stod eit par einsame fly med raud nase ute i regnveret på Boeing Field.

    as_2_4.jpg
    Eit par timar på SeaTac vart nytta til bagels med cream cheese, kaffe (ikkje Starbucks) og konsert. Flott tiltak både på SeaTac og PDX (og sikkert andre) der lokale musikerar er invitert inn. Hadde fint piano akkompement til frokost kl 06:15 (!), og cello konsert til lunsj, på PDX for nokre veker sidan.

    AS oppgraderte meg til First Class frå SEA til IAH, gløymde visst å skrive det øverst. Andre prioritet for å gå ombord. Det tok si tid med utruleg mange små barn, foreldre, besteforeldre, og ...
    as_2_5.jpg
    God skinnlenestol med plass til å strekke ut beina. Alaska First Class er ganske likt UA (og AA/DL?) på innanriks fly. Stort sete og god avstand mellom. Lengre bak vil alle som har brukt Norwegian kjenne seg. Same setet, men litt andre fargar. Servering bak gardina er drikke og snack - ellers kan ein kjøpe salat/sandwich frå meny til ein grei pris.

    Eit glass med vatn før avgang (sa fint nei takk til Bloody Mary o.l.). På med Bose Q25 og Spotify. Etter at det tome glasset var rydda bort vart det tid til power nap under avgang og før vi nådde marsj høgda.
    as_2_6.jpg

    Vakna til varm nøtte miks og eit glas med raudt som nesten rant over ..

    as_2_7.jpg

    AS serverte lunsj – kylling salat med cilantro, pære, mango og sweet chili dressing. Sakna litt lime, men absolutt godkjent. (Har du cilantro, lime og mango så har du alt som skal til for å lage mat med god smak.) Akkurat høvleg for eit lunsj måltid.

    Starbucks kaffe, sjokolade, Bose, og nesten tre timar uforstyrra arbeidstid fram til IAH. Vel framme var det berre å take trillekofferten og gå rett ned til SuperShuttle skranken og hotellet neste stopp.
     
    Stuttfeiten, Kristian, DanH and 7 others like this.
  8. ArrogantBastard

    ArrogantBastard Medlem

    Innlegg:
    160
    Likes mottatt:
    433
    Bonuspoeng:
    63
    Artig med rapport fra hjemmeselskapet, bruker som traadstarter AS ganske mye, spesielt mens jeg pendlet til Hawaii. Men maa si jeg trives bedre med Washington State Ferries (fordi jeg kommer hjem til middag).
     
    obergland liker dette
  9. OttoL

    OttoL Veteran

    Innlegg:
    4,364
    Likes mottatt:
    12,513
    Bonuspoeng:
    183
    Flott rapport. Jeg har flydd AS med et par anledninger og er etter min mening langt foran både SAS og spesielt Norwegian. Grunnen til dette er svimlende enkel: power-socket!
    upload_2017-12-12_10-30-1.png

    Vet ikke om det gjelder alle maskinene, men er veldig greit når en har en flytur på et par timer.
     
    obergland and RoadKing like this.
  10. obergland

    obergland Nytt Medlem

    Innlegg:
    39
    Likes mottatt:
    79
    Bonuspoeng:
    18
    Sjølvsagt! (bortskjemt)
     

Del denne siden