Dette er ein tur eg så altfor gjerne skulle tatt!
På mitt første besøk på Island i 2009 sa turistinformasjonen at ein burde ha minst to veker for å ta turen rundt heile ringvegen for å ha tid til alt.
Same turistinformasjon sa at 'siste supermarknad' låg i Hveragerđi (søraust av Reykjavik), men vi fann ei brillefin daglegvareforretning (likna litt på det vi her til lands kalla samvirkelag med litt av det meste) i bygda Vík på veg austover mot isbreen Vatnajökull.
Om eg var deg ville eg kanskje vurdert eigen doning òg for 'Den gyldne sirkel'. Det gir deg stor fridom til å stoppa der du vil så lenge du vil. Det er mogleg at busstidene er betre no enn både i 2009 og i 2018 då eg var på Island.
Få gjerne med deg Reykjadalur for friluftsbad i varme kjelder i kombinasjon med ein fjelltur ikkje langt unna hovudstaden.
Sjølv har eg store planar om å få med meg Norðurstrandarleið, ein slags nasjonal turistveg på nordsida av Island som følgjer nordkysten av landet (det ligg jo i namnet på vegen).
Ta ein titt på dette reisebrevet for fleire tips om området rundt Akureyri: https://insideflyer.no/forums/threads/en-snartur-til-akureyri.13162/
Sett frå min ståstad kan sju dagar langs ringvegen medføra litt mykje køyring, men eg er litt småallergisk mot meir enn ein halvtime i bil, så du får ta det med i rekneskapen.
Last edited: 21. febr 2022
Thomas123 and holmen like this.