Gratulerer med vell overstått test av diverse cornoare kranskar. Overlever en dette stressmomentet er vel helsen mer en ok. Og nyt nå ANA F hele veien til den vakre utsiken til Fujiama / eventuelt bytt sete
Var overraskande lite stressa igrunn. I Bergen var eg mot slutten inneforstått med at det ikkje vart F før HND-ORD, men då kapteinen melde at vi måtte feste setebeltet ein god time før avgang til LHR var eg ganske sikker på at dette ville gå. Å måtte småspringe frå B gates til F tok på litt meir. Sjølv om eg er av friidrettsslekt er det nok berre genene eg har i orden. Trening, kosthald, BMI mm tilseier ikkje at eg har anlegg for slikt. Dessverre sit det to damer på A. Her i K-korridoren er det berre unge, vakre meg.
Har lest gjennom hele dramaet her nå i ettertid, ganske mye nerver i dette reisebrevet i flere sider, men veldig godt å se det ordnet seg og at du nådde flyene. Riktig god tur videre, nyt F
Då er vi på kysten av Sør Korea og klar for siste strekke over fjorden til Japan. Wagyu til frukost er absolutt innanfor etter ei veldig god natts søvn. Litt hard seng, men alt i alt sov eg veldig godt.
Etter landing var det berre å finne bagasjen sin og ta gratis shuttlebus over til terminal 2, som er ein rein ANA innaskjersterminal. No sit eg i Suite-loungen og har fått meg litt kylling curry med ris. Dei har fancy maskiner for det meste i denne loungen. Risdispenser har eg aldri brukt før. Ei heller øltappemaskin. Skal eg tru skiltinga nede er dette ein kombinert F lounge og lounge for medlemmer av ANA sitt lojalitetsprogram med «Diamond» status. Anar ikkje om dette tilsvarar gull eller diamant hjå SAS. Stor lounge med lite folk, men dei som er her er japanske menn i dress, samt ein sunnfjording i t-skjorte.
Nydelig å følge. Jeg elsker det. Men fruen virket mer kritisk da jeg entusiastisk fortalte om dette programmet. Noe av kritikken henger nok sammen med halvannen time med turbulens på vei til MIA sist torsdag. På tross av at vi var i F utbasunerte ho at ho aldri skulle fly igjen.
God kveld frå Osaka. Det meste har gått veldig greit etter at eg landa. Alle er snille og serviceinnstilte. No er det snart midnatt og eg ligg på senga og tar livet med ro. Får prøve å sove litt før det vert tidleg påan i morgon. Hotellet eg er på heiter Hearton Hotel Nishiumeda og ligg rett ved jernbanestasjonen i Osaka. Fin lokasjon, og greit hotell. Rommet er ikkje særlig stort, men når ein er åleine so duger det. 1675 kr for to netter utan frukost får vere innanfor. Avreisedagen må eg opp so tidleg at eg ikkje får tid til hotellfrukost uansett.
God aften frå flybussen på veg mot KIX. Dagen vart litt amputert av dårlig veir, men eg har no fått gått og vasa ein del timar ute i Osaka sine gater. Dette er ein veldig fin by, som eg gjerne vil vitje igjen, men då for å bli nokre dagar. Det vart litt endra planar i kveld. Eg flyr til HND kl0710 i morgon tidleg og er dermed avhengig av å komme meg av stad grytidleg. Fyrste flybuss ville gå litt i seinaste laget, so planen var å ta taxi, men i følge resepsjonisten på hotellet vil det ta 3 timar med taxi, mot 1 med buss. Det gidd eg ikkje, so då vert det billig «First Cabin» flyplasshotell i natt for dei siste yensetlane mine.
Dette var nervepirrende som flere har nevnt, godt du kom fram med helsa i behold, og Krug tralla mistenkelig full Smakte du på whisky`n? Vel hjem, uten altfor mye tull og tøys
Det vart rikelig med Krug på vegen over. På «heimturen» til ORD må eg prøve å få smakt litt på kjøpebrennevinet og. Det vart alt for mykje soving på utreisa. Det er bakdelen med å reise elevert; ein rekk berre å ete, drikke dugelig med champagne og få seg ein lur, so er ein jo nesten framme!
Det tok si tid i innsjekken, visst nok grunna transit i USA, men no sit eg i Kansai-loungen, som er felles for alle flyselskapa på innanriksdelen av flyplassen. Fantastisk service av ho som sjekka meg inn, som meinte at eg som hadde den T-skjorta eg hadde måtte få ekstra god beinplass. Litt usikker på om eg vart oppgradert til Premium eller om eg er på fyrste øko-rad. Den kjekke dama i innsjekken sa eg måtte få sjå Mt Fuji. Då eg gjekk feil veg på veg til sikkerheitskontrollen la ho på sprang etter meg, sjølv om eg såg sjølv at eg hadde gått feil veg. Jammen er japanarane kjekke Kansai-loungen er noko for seg sjølv. Klokka 0600 om morgonen serverer dei øl, brennevin, brus, melk, tomatjuice og kaffi. Mat derimot…. T-skjorta
Spennende lesning! Sitter på Miamis eldste bryggeri mens jeg har lest gjennom trådene. God tur videre!