På plass i ANA Suite Lounge ved 109-110 gates. Det tok litt tid å komme seg hit. Fyrst bomma eg med eit minutt på shuttlebussen, so sat eg meg ned slik at nokon andre kom seg med den neste. Eg er visst litt lite aggressiv i køar. Då eg omsider kom hit var det rett til maten og finne frukost. Boarding om 40 minutt. Et yellowtail med tilbehør til frukost. Blir baggis med sjokolade til dessert, saman med litt Haaagen-Dazs.
No går det i pre boarding drikke av denne røvaren. Det er fin utsikt her. Ser rett ned på fuglen som skal fly oss til ORD.
Då er vi i lufta! Og jammen er det the Suite på dette flyet og. Det var kjekt. Crewet synst flybuksa mi er skikkelig tøff. Sjølvsagt vart det server pre departure drikke. EVA pulla opp med ein Dreamliner på gaten etter at vi hadde rygga ut. Fin utsikt over Tokyo. Eg må tilbake til Japan snart!
Aaaah. Det er godt å sove etter ein nydelig middag i ei ANA suite. Etter å ha sovna litt nord om Japan vakna eg over Alaska med ca 3,5 time igjen til ORD. Det luktar karri her, so det spørst om det ikkje vert mat snart. Wagyubiffen var aldeles nydeleg, og det var resten av maten og. Og ikkje minst Krugen.
Er det forresten nokon som har tips til billig eSim i USA? Eg er invitert på brunch heime hjå ein kamerat i Chicago.
Då er Airalo lasta ned og vonaleg i drift snart. Må vel kanskje ha tilgong til telefonnettet før det vert aktivert? Solid frukostservering.
Då er ein fin dag i Chicago i ferd med å bli avslutta med ein runde i United Polaris loungen på Terminal 1. Etter landing i dag tidleg møtte eg ein gammal svirebror frå studietida i California. Han hadde vore i Santiago i Chile på jobb. Vi ubra til residensen hans i Lincoln Park. Etter litt avslapping og kaffi gjekk turen med ein ny Uber til sentrum der vi vasa litt rundt. Før vi sette kursen for kjellaren i Wrigley Building og Lou Malnati‘s for klassisk Chicago pizza. Det smakte fortreffelig. Og måtte sjølvsagt skyllast ned med eit par øl. Deretter vart det ein tur med skjenebana til nabolaget hans, og ein Uber siste strekket. Der vart kofferten og veska med til dagens fjerde Ubertur til O’Hare. No skal væskebalansen takast hand om.
Artig betjening. Ein kar som jobbar her sa at eg burde legge nokon colaboksar i bagen min. «Alle» gjer det visst. Det er viktig å ha væskebalansen under kontroll.
På plass i good ol’ SAS business class. Denne gongen på sete 2D. Det er jo folk over alt her! Dette er ikkje ein nesten tom ANA F kabin nei. No ser eg fram til å få sove nokre timar på veg heimover.
Det vart rikelig med søvn heimover. La meg ned rett etter setebelteljoset var sløkt og vakna midt i Nordsjøen. No blir det å nyte serveringa i gullsalongen på Kastrup nokre timar. Eg lyt nok prøve å få inn litt søvn og. Serveringa her er som den brukar å vere. I dag har dei kjøtdeig, som visst nok skal vere krydra med tacokrydder. Eg trur det må vere rekneskapssjefen som har stått for kryddringa.
Då er eg attende i gamlelandet og under dyna på Comfort på BGO. I morgon blir det Stordalensponsa frukost før bilen skal gravast fram og køyrast heim.