Med Luftwaffe(l) til Nord-Makedonia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 12. mai 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Skopje og Ohrid: Eit nordmakedonsk lite eventyr
    Etter å ha vore 'kommunefast' i drygt tre månader, så tok reisefeberen overhand. Ikkje berre blir det kommunegrensekryssing, men turen går til det store utland... Ja, eller ironisk nok til eit ganske lite utland: Nord-Makedonia.

    Det er Lufthansa, eller blant spøkefu(g)(l)le vener: Luftwaffe(l), som får den tvilsame æra av å frakta meg med fakirflyet til Franfurt i første omgang. Målet er eit forsøk på direkteoppdateringar, men vi får sjå!

    Dersom du vil lesa om opplevingane på destinasjonane Skopje og Ohrid kan du klikka her.

    20230512_061208.jpg
    Dagens fugl: D-AIJE, ein tre år gamal A320
     
    Last edited: 29. mai 2023
    AirMags, Earl, Sonictravel and 22 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Lufthansa frå Noreg til Nord-Makedonia
    Innsjekken på Gardermoen var kjapt unnagjort, tryggleikskontrollen likeså. Deretter vart det ein strafferunde innom elektronikksjappa fordi telefonladaren vart attgløymt ein eller annan stad.

    Så gjekk turen til gullstova på Gardermoen for å trø i meg kanskje den norskaste frukosten på lenge! Brunost og bringebærsyltetøy er godt!
    20230512_055549.jpg
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 19 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Nett i det eg skulle til å setja tennene i rugbrødskiva kom det eit pling i Luftwaffe(l)-appen om at eg var velkomen om bord! Blodtrykket og pulsen skaut i vêret! Så eg slukte den eine skiva, styrta mjølka og tok skive nummer to på veg i rask gange til utgang D11.

    Vel framme såg eg at eg kunne ha tatt det heilt kuli, men det er så lenge sidan eg var ute på reise at eg har gløymt alle rutinar, slik som å dobbeltsjekke skjermane i terminalbygget... Er det mogleg??? Tydelegvis!

    20230512_061322.jpg
    Morgonstemning på Kykelikymoen
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 22 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Vel om bord etter streng prioritering, tyskarane meiner at Ordnung must sein, fekk eg heile rad 2 for meg sjølv -- på begge sider av midtgangen. Baki apeklassen er det visstnok smekkfullt. Det er gardin den vegen!

    Passasjeren bak meg er nærmast overraska over at midtsetet er ledig. Sånn er det ikkje i SAS pluss, er kommentaren. Ein annan passasjer blandar seg inn og seier at ledig midtsete er vanleg hos Lufthansa, Swiss og Austrian. Slik må det vera, blir det sagt.

    Litt seinare kjem ein litt forvirra passasjer inn som skal til 4D, men prøver seg på 3D. Fyren i 3D kjem med det suraste oppstøytet eg har høyrt på lenge i høglytt format: 'Hva faen er det du maser om? Det må da gå an å telle!?'. Den forvirra passasjeren får sagt eit forpint 'Unnskuld!'. Eg får lyst til å gi surpompen kraftig tilsnakk krydra med eit solid arsenal gloser som er vanlege nord av Dovre. Det må då gå an å oppføra seg som folk!
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 22 others like this.
  5. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,830
    Likes mottatt:
    64,584
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
    Jeg feiret nyttårsaften utenfor Ohrid i 2004, veldig fin by!
     
    Kristian liker dette
  6. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,287
    Likes mottatt:
    33,851
    Bonuspoeng:
    293
    God tur.
    Note to self: Bli flinkere til å finne utradisjonelle reisemål.
     
    holmen and Kristian like this.
  7. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    2,166
    Likes mottatt:
    15,447
    Bonuspoeng:
    183
    God tur, @Kristian. Håper du får gjort eit spik mot den ubehøvlede!
     
    Kristian liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Luftwaffel vart ikkje servert, men LH kunne by på ein ålreit frukost med rundstykke og croissant (du kunne berre ta føre deg), ost, kjøtpålegg, jordbærsyltetøy (høyrer de dette SAS???), metallbestikk, skikkelege glas (høyrer de dette SAS???), graut med frukt og sjokolade til dessert. Alt i alt eit ålreit måltid, synst eg:
    20230512_070219.jpg
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 17 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Eg turte ikkje :eek:
     
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Eg kjenner fleire som har vore i Nord-Makedonia i det siste, så det er berre å hiva seg på bølgja -- trur eg! Endeleg dom kjem etter kvart!
     
    RoadKing liker dette
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Det ser ålreit ut på bileta, så eg gler meg! Måtte regnet halda seg unna....!
     
  12. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,830
    Likes mottatt:
    64,584
    Bonuspoeng:
    293
    Vi fikk aprikos, ville heller gjerne hatt jordbær, altså. :)
     
    Kristian liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Dei varierer, kanskje. Har vel vage minner om aprikos sjølv, men det må vera lenge sidan...
     
    holmen liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    I panoramaloungen ved A26 på Frankfurt flughafen blir det servert luftwaffel! Æ e glad!

    20230512_103947.jpg
    Luftwaffe byr på luftwaffel

    Ei lita uro breier om seg: Ikkje ei einaste lystavle på FRA greier å visa mitt neste fly. Er det innstilt? Er det avgløymt? Er eg blind? Internett greier å visa flyet med avgang frå Z-terminalen. Mogleg eg bør koma meg av garde så i lende snart. Avgang er 1145...
     
    Last edited: 12. mai 2023
    AirMags, Earl, Sonictravel and 20 others like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Stempel er kult! Eg gjekk til den kjekkaste fyren med det finaste smilet (faktisk kjekk og med eit pent smil) i passkontrollen på FRA og spurte pent. Han var ein engel! Og dette er resultatet:
    20230512_111113.jpg
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 12 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Avgang frå Z17 med Luftwaffels rute LH1540. Ombordstigning ekstremt langt unna møljetendensar. Ordnung herskar! Godt humør på kabinsjef som snakkar litt med alle og tipsar om bagasjeplassering og alskens. Ho tar seg sikkert godt av tørste passasjerar, òg. Fint her i sete 1C i dag. @Eddie47, kor er du? Ikkje i 1D, i alle fall! Kvifor???

    20230512_113018.jpg
    Store pipp-pippar på FRA
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 13 others like this.
  17. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,005
    Likes mottatt:
    875,382
    Bonuspoeng:
    293
    Skulle jo selvsagt vært der!
    God tur @Kristian kjekt å se at du får luftet deg litt syd for Varangerfjorden …

    PS.: min erfaring er at det finnes 1D på de fleste fly, litt travelt å nå alle!
    Men med kjekt reisefølge ville vært strålene å vært med deg til Nord-Makedonia
     
    EndreD and Kristian like this.
  18. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    8,004
    Likes mottatt:
    22,949
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, hvor har blitt av de på kortdistanse? Får man fortsatt de ut av skandinavia?
     
    Kristian liker dette
  19. Finnks

    Finnks Banushare

    Innlegg:
    239
    Likes mottatt:
    1,052
    Bonuspoeng:
    93
    Artig med reisebrev fra Makedonia :) Jobba i Makedonia i et år som FN-soldat i fjellet nord for Skopje på grensa mot Kosovo i 97-98. Da var landet fremdeles veldig østblokk. McDonalds var første vestlige butikk i landet og kom i 1997. Dagen de åpna i Skopje kjørte vi ned fra fjellet og kjøpte med oss 250 burgere for å ta med tilbake til fryseren i leiren på fjellet. Bilene var Zastava, Lada og en og annen sliten Opel.
    Da jeg var tilbake på ferie i 2018 var det store forandringer i Skopje som nå var blitt veldig mye mer moderne.
    Det var tilløp til borgerkrig for litt over 20 år siden mellom majoriteten og den albanske minoriteten. Fortsatt spenninger i dag.

    Om du leier bil og kjører ut på landsbygda i de mest usentrale delene på grensa på fjellet Kosovo mot er det fortsatt som da jeg var der på nittitallet enkelte steder. Mye fattigdom, hest og plog i stedet for traktor etc. Men nå har ihvertfall alle fått seg mobiltelefon om ikke anna..
    Du må få med deg gamlebyen i Skopje samt selvfølgelig Ohrid.
    Jeg elsker landet og for meg vil det bestandig hete Makedonia og ikke Nord-Makedonia. God tur :)
     
    AirMags, anders82, Liza and 13 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,657
    Likes mottatt:
    38,489
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk for at du deler!
     

Del denne siden