Eg skal ikkje skriva så mykje om siste strekning med Luftwaffe(l), men det var ei ok servering, personalet var på tilbodssida heilt til siste slutt. Det er kjekt å sjå folk som er glad i jobben sin! LHs lønsj
Effektiv passkontroll på Skopje lufthamn. Bagasjeutleveringa tok litt tid, men ikkje heilt som på Gardermoen. Ein liten og oversiktleg flyplass. Og etter 15 minutt vart dei første KFOR-soldatane observert.
Ein ettermiddag i Skopje Etter å ha installert meg på hotellet så var det på tide å gjera byen utrygg. Det hadde vorte lite søvn på natta så det låg ikkje an til å bli seinkveld, men ein må mysa litt rundt seg. Første stopp vart Skopjes triumfboge (eller Makedonia-portalen (Порта Македониja (Porta Makedonija)) som er det offisielle namnet) som eg følte var første obligatoriske stopp. Dessutan ligg hotellet berre eit par hundre meter unna. Påskrifta seier 'Makedonia' så det er ingen tvil om kor ein er: Skopjes triumfboge stod ferdig i 2012
Like ved 'triumbogen' ligg Kvinnekjemparparken (Парк «Жена – борец» (Park «Zjena – borets»)) som m.a. inneheld eit monument til ære for kvinnene som kjempa i andre verdskrigen. Parken er ikkje stor, men det er alle statuane! Eit imponerande syn sjølv om eg ikkje heilt forstår kven eg ser på, mest fordi eg valde å ikkje sjekka alt på Google. Det er fint å berre gå rundt, òg. Kvinnekjemparparken Stor statue i Kvinnekjemparparken Monument over falne politifolk i ein kort krig mot den albanske minoriteten i 2001
Frå triumfbogen er det ikkje rare tusleturen bort til Makedonia-plassen (Плоштад Македониja (Plosjtad Makedonija)). Her er det den store hærføraren Aleksander den store som ruvar. Og at Makedonia har våga å ta eigarskap til Aleksander den store har sjølvsagt gjort grekarane sinte. Kven sa at Balkan var ei kruttønne? Det er ein imponerande statue, om ikkje anna: Og som den observante lesar kanskje ser: det er ikkje slik at alle bygningane her i Skopje er like imponerande som statuane. Statuane er ein del av eit nasjonsbyggingsprosjekt kalla 'Skopje 2014' og NRK skreiv om dette for nokre år sidan: https://www.nrk.no/urix/_terroristar_-brukt-i-nasjonbygging-1.8376390
Det er mogleg å overnatta på eit såkalla 'piratskip' i Skopje. Eg hadde veldig lyst, men reisefølgjet sa 'NEI', så då måtte eg nøya meg med eit fotografi av lørja: 'Terroristane' frå NRK-artikkelen og det arkeologiske museet bak på andre sida av elva Vardar Litt frå bazaaren, den tyrkiske gamlebyen i Skopje
Middagen vart inntatt på restauranten Pelister (Пелистер) som ligg på Makedonia-plassen. Middag for to med dessert og litt god drikke kom på heile 200 kroner, om eg ikkje har rekna feil. Om det var godt? Ja! Var sørvisen ålreit? Ja! Kjøtt & pottet, som pappa ville ha kalt det Sjokolade og is er aldri feil
Det hadde vore ein lang dag, eller kort natt om du vil. Så denne fredagen byrja etter knappe fire timar på auga (eg vil helst ha sju--åtte). Og Luftwaffe(l) var ivirig på servering, så der vart det ikkje tid til å blunda. Så, rundt klokka halv ti på kvelden, med rundt 24 000 skritt i bagasjen var eg ferdig for dagen. Ein av Skopjes mange moskéar
Ein laurdag i Skopje Det skjer mykje, så ein rekk ikkje å rapportera direkte! Vel, etter frukost på hotellet gjekk turen ut i det som skulle bli knallfint sommarvêr med sol frå nesten skyfri himmel! Først helsa eg på Aleksander den store og hesten hans på Makedonia-plassen. Han stikk seg ut, den tøsa! Det er rart med det, men Skopje framstod som meir tiltalande i sol enn i det grå regnvêret dagen før. Herleg for ein solhungrig trønder busett i Finnmark!
Vi gir ordet til NRKs Europa-korrespondent: Etter denne terroraksjonen rykka Det ottomanske riket inn med fleire soldatar og knuste motstandsrørsla (eller frigjeringsrørsla om du vil) i Makedonia. Eit nytt forsøk på sjølvstende kom i løpet av første verdskrigen, men Makedonia vart til krympa inn og delar av landet vart slutt delt mellom Hellas, Serbia, Bulgaria og Helas. Og slik var det fram til andre verdskrigen og Makedonia i etterkant vart ein del av Jugoslavia -- framleis utan dei delane som Serbia, Bulgaria og Hellas snuska til seg tidlegare...
Over elva Vardar går det ei rekke bruer og fire av dei har eit særpreg. Turen gjekk førdt bort til Siviliasjonsbrua (Мост на цивилизациите (Most na tsivilizatsiite)). Her står det fleire statuar av kloke folk, om eg skjønte det riktig: Litt bortanfor ligg Kunstnarbrua (Мост на уметноста (Most na umetnosta) med ei rad lokale kunstnarar: Igjen er det makedonisk nasjonsbygging vi er vitne til. Det er nesten sånn at eg føler dette er litt propaganda, men eg lar tankane om slikt fara og held fram med å vera turist... Ja, eller, eg prøver, men propagandatankane heimsøkjer meg resten av dagen. Ei av, om ikkje den eldste brua i Europa ligg i Skopje og kryssar Vardar. Det er Steinbrua (Камен мост (Kamen most)). Ho er i utsjånad mindre imponerande, men verdt eit bilete likevel:
Neste stopp på programmet vart Kale festning (Скопска тврдина Кале (Skopska tvrdina Kale)). Inngang var gratis utan at eg forstod om det alltid er slik eller berre denne laurdagen. Festningen såg dagens lys på 500-talet, men er i dag delvis falleferdig. Heldigvis er utsikten områda rundt ganske så ålreit frå oppå festningsmuren og området generelt. Kale festning sett frå elva Vardar Vardar festning ein solskinsdag Ein av fleire moskear som er synlege frå festningen Skopje sett frå Kale festning. Aleksander den store til hest på Makedonia-plassen kan skimtast så vidt bak til høgre for midten i biletet
Den gamle marknaden (Стара скопска чаршија (Stara skopska tsjarsjija) ligg like ved Kale festning. Dette blir kalla ein bazaar (eller basar) og den i Skopje er verdas største nest etter bazaaren i Istanbul, om Internett ikkje lyg meg full. Her er det tronge veiter og gater på kryss og tvers. Moskéar, kaffihus, juvelerar og krimskrams finst overalt. Her synst eg det var særs triveleg å sjå seg om. Atmosfæren er særeigen! Litt av gatebiletet i Skopjes bazaar Litt meir frå bazaaren i Skopje Moskéen like i utkanten av bazaaren
Klokkereima var noko eg vurderte å byta ut før eg reiste på tur, men eg kom aldri så langt. I bazaaren i Skopje kom vi over ein marknad der du kan få alt mellom himmel og jord, inkludert fjernkontroll til TV-en du ikkje har lenger, skytevåpen til ungane (etterlikningar av pistolar til dømes), joggesko, mobiltelefonar og klokker. Ny klokkereim vart kjøpt, seljaren monterte denne i løpet av 40 sekund, og det heile kom på 40 kroner. Kjekt med alt som er unnagjort!
Takk for at du deler og tar oss med på tur setter virkelig pris på tiden du bruker til å formidle opplevelsene dine på et så ukjent reisemål! Fortsatt god tur