Med Luftwaffe(l) til Nord-Makedonia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 12. mai 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Mat vart inntatt på Merkez inne i bazaaren. Dei fleste serveringsstadane i bazaaren har (over)ivrige innkastarar, eit konsept eg synst er ekstremt slitsamt, men her var det ikkje til å unngå.

    Merkez verka å ha god mat, særleg kebabkjøtet (ikkje tenk norsk kebab kjøpt klokka 0300 natt til sundag med solid promille).

    Diverre var dei fri for akkurat den retten eg ville ha, så då vart det eit panikkarta val medan servitøren venta, så eg fekk ei røykt pølse. Det var sånn passe, men det gjekk no ned...

    20230513_123031.jpg
     
    AirMags, Earl, EndreD and 14 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for at du heng med på tur :)
     
    ordnetseg liker dette
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Museet for makedonsk fridomskamp (Музејот на македонската борба за самостојност (Muzejot na makedonskata borbra za samostojnost) er vel verdt eit stopp.

    Museet tar føre framveksten av ei makedonisk sjølvstenderørsle og ønske om ein eigen nasjonalstat i lag med at det makedonske språket vart festa i skrifts form. Dette skjer omtrent samstundes som i Noreg (og ei rad andre land i Europa), altså gjennom 1800-talet.

    Først er det kampen om sjølvstende frå Det osmanske riket som gjeld. Så blir delar av Makedonia territorium avgitt til Hellas, Bulgaria og Serbia etter 1. verdskrigen. Og 2. verdskrigen endar med at Makedonia inngår i Jugoslavia med eit ynske om sjølvstende der.

    Den fulle historia med makedonsk synsvinkel er å finna på museet. Det var ganske så interessant å få eit lite innblikk i landets moderne historie.

    20230513_130452.jpg
     
    AirMags, Earl, EndreD and 15 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Vidare gjekk rusleture til bohemstrøket (Дебар Маало (Debar Maalo)). Det likna meir på eit hipsterstrøk utan at det heller fenga. Så då gjekk turen via byparken Skopje (Градски парк «Скопје» (Gradski park «Skopje»)) tilbake til hotellet for eit lite kles- og sceneskifte.

    20230513_140407.jpg
    Parlamentet, om eg forstod det rett

    Screenshot_20230514_230836_Gallery.jpg
    Mange i parken denne laurdagen

    20230513_151625.jpg
    Ein gjeng glade trubadurar

    20230513_155009.jpg
    Sjølvaste Tito, Jugoslavias eineherskar i årevis
     
    Last edited: 15. mai 2023
    AirMags, Earl, anders82 and 14 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Den aller beste utsikten over Skopje skal vera frå det lokale byfjellet, ved Millenniumskorset (Милениумски крст, Mileniumski krst)). Korset vart montert i år 2002 for å markera at kristendommen hadde eksistert i landet i 2 000 år. Med tanke på kor stor den muslimske befolkninga i Makedonia er, så er nok ikkje dette korset heilt uproblematisk. Turen opp dei knappe 800 høgdemetrane vart tatt til fots langs greie stiar, men det skya over så utsikten vart elendig...

    Screenshot_20230514_231421_Gallery.jpg

    20230513_181555.jpg
     
    AirMags, Earl, anders82 and 16 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Altså, det går taubane til Vodno (Водно), fjelltoppen med Milleniumskorset på toppen, men til fots er best! Vel nede, etter ein dusj, var det tid for middag, denne dagen hos La Terazza (Ла тераца). God mat til ein billig penge, men ikkje så bra som hos Pelister dagen før.

    20230513_205445.jpg
    Whiskey sour, denne var høveleg

    20230513_211843.jpg
    Kjøt med mozzarella m.m.

    20230513_215249.jpg
    Lavakake. Digg!
     
    AirMags, Earl, EndreD and 16 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Ein nokså aktiv dag vart avslutta etter 39 000 skritt. Eit tilfeldig stopp utanfor Mor Theresas hus i Skopje vart det sanneleg òg:
    20230513_195649.jpg

    20230513_195743.jpg

    VideoCapture_20230513-193325.jpg
     
    AirMags, Earl, Calling and 15 others like this.
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Matkadalen
    Ikkje langt unna Skopje ligg eit dalføre kalla Matka (Матка). Vi hadde fiksa leigebil, riktig nok frå flyplassen fordi der skulle vi òg levera bilen, så Matka var lett å finna fram til på ok vegar.

    Matka er vel eit canyon og her kan ein gå, padla kayak eller vera med på båttur. Vi valde apostlanes hestar. Etter å ha snuska til oss ein parkeringsplass, så gjekk turen først til Sankt Nikolajs kloster (Манастирот Свети Никола Шишевски (Manastirot Sveti Nikola)), eit par--tre kilometer og eit par høgdemeter innover Matka-dalen. Ein fin liten tur, tidvis med utsikt!

    Deretter ned same veg, og så inn til demningen som lagar Matkasjøen, som får sitt tilsig frå elva Treska som rinn gjennom Matka. Det går ein sti langt innover dalen, men for det meste går du i skogen og ser fint lite. Heldigvis er det litt utsyn her og der!

    Ein ålreit føremiddag i Matka, spør du meg. Vêret var ikkje det beste, men rundt 18 grader og stort sett opphaldsvêr, heldigvis!

    Screenshot_20230514_234749_Gallery.jpg
    Treska i Matka

    Screenshot_20230514_234758_Gallery.jpg
    Turstien

    Screenshot_20230514_234857_Gallery.jpg
    Tilfeldig (?) turgåar

    Screenshot_20230514_234914_Gallery.jpg
    Sankt Nikolajs kloster
     
    AirMags, EndreD, Earl and 14 others like this.
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Screenshot_20230514_234930_Gallery.jpg
    Matkasjøen

    Screenshot_20230514_234952_Gallery.jpg
    Folk på båttur

    Screenshot_20230514_235003_Gallery.jpg Litt av denne stien
     
    AirMags, Earl, EndreD and 15 others like this.
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Etter ein god iskrem i Matkadalen gjekk turen til neste stopp. Vi skulle til Okhrid (Ohrid) som låg eit par timars køyretur unna. Undervegs måtte vi gjennom fire bomringar (30 og 40 denarar per bom (del på fem for å få prisen i norske kroner)), gjennom ein bråta svingar og opp mange høgdemeter -- alt i regnvêr og tidvis tjukk skodde:
    20230514_155811.jpg
     
    AirMags, Earl, Calling and 8 others like this.
  11. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Ein ettermiddag i Ohrid
    Ved breidda av Ohridsjøen ligg ein by med same namn, Ohrid (Охрид (Okhrid)). Vi kom ganske seint fram, så det vi gjekk rett i middagen hos The Lions. Her har maten prisa ganske høgt, rundt 200 kroner for hovudrettane. Det var det ikkje verdt! Likevel, mett vart ein. Trøffelpasta og eplekake med is gjekk jo ned!

    20230514_185626.jpg

    20230514_191354.jpg
     
    AirMags, Earl, Calling and 17 others like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Etter middag kom mørket ganske fort. Likevel tok vi oss tid til å vandra litt rundt i Ohrids gamle bysentrum. Her kan eg tenkja meg til at det er fint i dagslys! Vel, etter rundt 23 000 skritt var det på tide å ta kveld...

    20230514_194951.jpg
    Ohrid og Ohridsjøen

    20230514_203504.jpg
    Éin av moskéane i Ohrid, som visstnok skal ha 365 kyrkjer!
     
    AirMags, Earl, EndreD and 21 others like this.
  13. haakonks

    haakonks Veteran Moderator

    Innlegg:
    2,430
    Likes mottatt:
    10,475
    Bonuspoeng:
    183
    Hadde vært litt gøy hvis du faktisk hadde fått lov til å fly med Luftwaffe, og ikke Lufthansa... :p

    2022-08-12_Handover_15-11_Image01_1920x1080px_Copyright_Lufthansa-Technik copy.jpg

    Luftwaffe har jo nylig tatt levering av 2 stk. A321LR og 3 stk. A350-900... :)
    Uansett, beklager off topic, of takk for et bra reisebrev så langt!
     
    AirMags, Earl, Finnks and 7 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Alle trådane på dette forumet sporar litt av innimellom. Så tusen takk for at du bringer denne tråden inn på rekka med alle dei andre trådane! :)
     
    Eddie47 and haakonks like this.
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Ein føremiddag i Okhrid/Ohrid/Охрид
    Dagen byrja med ein fin joggetur langsmed Ohridsjøen. Det er ikkje mogleg å følgja vasskanten heile vegen, men det går greitt å unngå trafikkerte vegar. Temperaturen var veldig ålreit med kanskje femten--seksten grader på morgonkvisten.

    20230515_071402.jpg

    Morgonstund kan vera tull i grunn

    Etter frukost gjekk turen til eit av dei mest kjente landemerka i byen:
    Den ortodokse kyrkja «Sankt Johannes apostel» (Православна црква «Свети Јован Богослов» (Pravoslavna tsrkva «Sveti Jovan Bogoslov». Kyrkja ligg fint til på ein liten odde og verdt å tusla bortom, synst eg.

    20230515_101435.jpg

    Ohrids kanskje mest kjente landemerke

    20230515_105617.jpg

    20230515_101859.jpg

    Viktig å kvila litt!
     
    Last edited: 15. mai 2023
    AirMags, Earl, Sonictravel and 9 others like this.
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Samuels festning (Самуиловата тврдина (Samuilovata tvrdina)) var neste punkt på programmet, men her var det måndagsstengt, så vi kom ikkje lenger enn hit:
    20230515_111200.jpg
     
    AirMags, kongenamundsen, Earl and 8 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Ohrids gamleby er eit vedunderleg kaos av små veiter og tversgåande trapper, slik at ein sving til høgre kan bringa deg ein stad du kanskje elles ikkje ville kome over. Det er eit slags organisert 'kaos' med kyrkjer, bustadhus, ein av sju plassar i verda der papir blir laga for hand, perleutsal og meir til.

    20230515_112921.jpg
    Øvre byport til Ohrids gamleby

    20230515_095644.jpg
    Ohrids gamleby

    20230515_115500.jpg
    Ein heilt ordinær bilveg

    20230515_115654.jpg
    Eit sentralt plassert palass?
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Den ortodokse kyrkja «Sankt Klement og sankt Panteleimon» (Православна црква «Свети Климент и Пантелејмон» (Pravoslavna tsrkva «Sveti Kliment i Pantelejmon)) som er fødestaden til det kyrilliske alfabetet skulle ha vore eit stopp, men eg var ikkje heilt vaken, så ein venstre vart til høgre og då eg igjen kom på kyrkja var det laaangt på dag.

    I staden rusla vi innom den ortodokse kyrkja Den heilage gudeføderska Perybleptos (Црква Св. Богородица Перивлепта (Tsrkva Sv. Bogoroditsa Perivlepta)) som ligg like ved to andre kyrkjer og huset tilhøyra det makedonskortodokse erkepispedømet i Ohrid:
    20230515_113451.jpg 20230515_114334.jpg
     
    AirMags, Earl, Sonictravel and 8 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Når du er i Ohrid kjem du sikkert til å tassa rundt i den gamle marknaden (cтара чаршија (stara tsjarsjija)) ein del. Her er det gågater, iskrem, kaffiutsal m.m. Ein ålreit liten bazaar. Ohrid får plusspoeng for gågata si!

    20230515_115750.jpg

    20230515_121628.jpg
    20230515_121209.jpg
    20230515_121323.jpg
     
    AirMags, EndreD, Earl and 9 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Etter kvart vart det tid for lønsj. Ein god bønnestuing med heimelaga brød attåt:
    20230515_131549.jpg

    20230515_134836.jpg
     
    AirMags, EndreD, Earl and 9 others like this.

Del denne siden