Med Luftwaffe(l) til Nord-Makedonia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 12. mai 2023.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Fjelltur i Galitsjitsa
    «Galitsjitsa» nasjonalpark (Национален парк «Галичица» (Natsionalen park «Galitsjitsa»)) ligg rundt tre kvarter med bil frå Ohrid. Her ligg det skog og fjell. Valet fall på ein drygt sju kilometer lang fjelltur med ein opptur på rundt 700 høgdemeter. Ein ganske lettgått tur på rundt tre timar tur/retur.

    20230515_162251.jpg
    Eit herleg gjensyn med snø!

    20230515_164842.jpg
    Tidvis ganske bratt oppover

    20230515_164852.jpg
    Utsikten var det lite å seia på!

    20230515_172302.jpg
    Nesten som norske fjell?
     
    AirMags, Earl, Finnks and 7 others like this.
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    20230515_164240.jpg
    Denne liknar litt på norske fjellblomar

    20230515_165351.jpg
    Gult er kult!

    20230515_183116.jpg
    Desse synst eg var søte!
     
    AirMags, Earl, Finnks and 8 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Vel oppe på Magaro, 2 255 m.o.h. Det var godt med vind på toppen, nesten som om eg var i Aust-Finnmark, men det var kanskje eit par gradar varmare. Det er alltid ei fin kjensle å nå toppen, så òg i dag. Då er det viktig med litt hopp og sprett:
    VideoCapture_20230515-205758.jpg
     
    AirMags, Earl, Finnks and 5 others like this.
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Siste måltid i Ohrid vart inntatt på restaurant Tino. Her gjekk eg av alle ting for ein sjømatsrisotto (mange reker!) til 100 kroner. Det var slett ikkje dumt, sjølv om retten kanskje ikkje var ein pryd for auga:
    20230515_210606.jpg
     
    AirMags, Earl, Finnks and 8 others like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Og vips hadde mørket senka seg og tida i Ohrid var omme og det etter skarve 37 000 skritt...

    Eg må seia at dette var ein ålreit stad, eg skulle gjerne ha hatt eit par dagar til både her og kanskje òg i Skopje... Men av og til må sjeferiet narrast til å tru at ein gjer sitt arbeid slik at løna kjem på konto!

    20230515_220525.jpg
    Kveld i Ohrid

    EDIT: Alle hugsar sikkert den fine klokkereima eg fekk montert på altmoglegmarknaden i Skopje? Eit røvarkjøpt til 40 kroner! I kveld gjekk nemnde reim til helvete... Kva er reklamasjonsretten her, tru? Ja-ja, reima varte no i to fine døgn!
     
    Last edited: 16. mai 2023
    AirMags, Earl, Finnks and 9 others like this.
  6. paron

    paron Senior Medlem

    Innlegg:
    543
    Likes mottatt:
    2,879
    Bonuspoeng:
    93
    Flotte skildringer som alltid Kristian!
    Hold fram som du stevner:)
     
    Kristian liker dette
  7. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,324
    Likes mottatt:
    33,918
    Bonuspoeng:
    293
    Herlig tur :)
     
    Kristian liker dette
  8. Durek

    Durek Aktivt Medlem

    Innlegg:
    360
    Likes mottatt:
    456
    Bonuspoeng:
    63
    Bare en liten avsporing; hvor stødig er du i kyrillisk? Din fonetiske oversettelse til norsk er veldig bra :)

    edit: og veldig flott reisebrev, selvsagt ;)
     
    Kristian liker dette
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Tja, sånn greitt stødig. Det er vel ein bokstav eller to i den makedonske varianten som eg slit litt med, men elles er det grei skuring!
     
    Durek liker dette
  10. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for det, takk for det! Her holdes stø kurs mot stupet!
     
    paron liker dette
  11. anders82

    anders82 Veteran

    Innlegg:
    2,913
    Likes mottatt:
    9,427
    Bonuspoeng:
    183
    Jøss. Jeg trodde de hadde reist hjem alle sammen :)
    Har vært et par ganger i Skopje selv ifm. tjeneste på Balkan på tidlig 2000-tall. Det var ikke veldig moderne, men billig gull og dresser lokket.
    Og så hadde vi et par uautoriserte grensepasseringer i åsene mellom Kosovo og Makedonia, men det er ikke så lett å se grenser i skogen heller
     
    Earl, Finnks, Kristian and 1 other person like this.
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting i Skopje
    Etter å ha leita litt på verdsveven fall valet på Solun hotell i Skopje. Hotellet ligg sentralt, berre eit dvaskt eigedomsmeklarsteinkast frå Makedonia-plassen (200 metet å gå). Prisen var ikkje så ille heller, men det var ikkje gratis med cirka 1 900 kroner for to netter. Rommet var romsleg og det var ganske så stille. Frukosten var av type buffét og var ein slags kontinentalvariant mini med nokre lokale innslag. Mett vart eg no!

    Det einaste eg sleit med var å få skrudd av alt lyset. Eg prøvde absolutt alle lysbrytarane og jamvel i ulike kombinasjonar. Etter kvart gav eg opp og sov med nattbordslampene på natta gjennom. Det hadde ingenting å seia for søvnkvaliteten. Full snorkemodus!

    20230512_162051.jpg

    20230512_162029.jpg

    20230512_162113.jpg
     
    Last edited: 03. aug 2023
    AirMags, ordnetseg, Earl and 8 others like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting i Ohrid
    I Ohrid var det SU hotell som fekk pengane mine. Dei skulle ha knappe 1 500 kr for to netter. Igjen eit ålreit og stille rom. Frukosten var ein litt snever buffét av type kontinental. Hotellet ligg heilt nede ved sjøen og det var berre 500 meter bort til gamlebyen i Ohrid.

    20230514_172826.jpg
    20230514_172856.jpg
    20230514_172838.jpg
     
    AirMags, ordnetseg, Earl and 8 others like this.
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    anders82 liker dette
  15. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,838
    Likes mottatt:
    21,963
    Bonuspoeng:
    293
    Ikke for å skli helt ut (men det gjør vi jo ofte..)
    Men er dette et ekte bilde? Visst ikke at Tyskland brukte dette navnet og symboler (ref. 2. verdenskrig..)

    Edit: ser ut til å stemme
    https://simpleflying.com/german-air-force-second-airbus-a321lr/
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Tilbake til gamlelandet frå Skopje
    20230516_071914.jpg
    Ohrid ved morgongry

    Reisefølgjet og eg hadde to ulike avgangar ut av Nord-Makedonia i dag. Reisefølgjets fly gjekk først, noko som medførte avreise frå Ohrid til Skopje lufthamn allereie kl. 0800. Køyreturen tok fire timar etter stort sett ålreite vegar. Innlevering av leigebil tok 45 sekund hos Avis.
     
    Last edited: 16. mai 2023
    AirMags, Earl, Sunnfjordingen and 2 others like this.
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Innsjekk av bagasje i Star Alliance-skranken tok litt lenger tid. Først måtte skrankedraken sjekka om eg fekk levera inn bagasje med Lufthansa-billett meir enn to timar før avgang fordi akkurat no var det Austrian som var greia. Etter å ha spurt skiftleiar var det null problem å levera bagasjen.

    Deretter kom passkontrollen for utreise frå Nord-Makedonia. Her gjekk eg sjølvsagt i EU-passkøa, men det var feil kø. Ikkje fordi eg har norsk pass, men fordi passkontrolløren stakk sin kos. Så då hamna eg bakerst i køa for dei med 'alle andre' pass. Det tok vel eit femminutt ekstra, så det var inga krise. Stempel fekk eg òg:
    20230516_140742.jpg
     
    AirMags, ordnetseg, Earl and 8 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Wizzair er stor på Skopje... Brrr...!
    20230516_131609.jpg
     
    AirMags, Earl, Sunnfjordingen and 3 others like this.
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    For oss med gullkort eller C-billett hos Star Alliance er det ein lounge her på Skopje lufthamn. Han ligg tett på tryggleikskontrollen og det er masse bråk frå kassene som folk skramlar og skranglar med på det bandet der borte. I tillegg er taket på flyplassen av metall så lyden forplantar seg gjennom heile avgangshallen, inn i loungen inkludert. Serveringa er sånn omtrent på line med det som SAS baud på i den gamle innanriksbua på Gardermoen...

    20230516_114248.jpg
    Assortert fôr på Skopje lufthamns lounge

    20230516_114215.jpg
    Sitjegrupper i loungen på Skopje lufthamn
     
    AirMags, ordnetseg, Earl and 6 others like this.
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,665
    Likes mottatt:
    38,574
    Bonuspoeng:
    293
    Kort sagt, Skopje lufthamn er mindre enn Værnes lufthamn. Det er éin butikk her. Det er bråkete. Og loungen er kjip. Det kjenner eg på som kom hit 3,5 time før flyavgang. Og no er Luftwaffe forseinka med ein time og femten minutt herifrå til Furtne frank...

    20230516_142031.jpg
     
    AirMags, Earl, Sunnfjordingen and 4 others like this.

Del denne siden