Mr. Sunnfjordingen goes to Washington

Tråd i 'Reisebrev' startet av Sunnfjordingen, 27. febr 2023.

  1. Reiseglad

    Reiseglad Medlem

    Innlegg:
    159
    Likes mottatt:
    185
    Bonuspoeng:
    43
    Hva slags champagne var det?
     
  2. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,747
    Likes mottatt:
    25,882
    Bonuspoeng:
    183
    Lanson
     
    haifinn and Reiseglad like this.
  3. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,747
    Likes mottatt:
    25,882
    Bonuspoeng:
    183
    Sete 3A er inntatt. Eg ser ut til å ha rada for meg sjølv. Ei finbergensarinne sit i stolen framfor meg. Sju av tolv seter i biz er tekne (reknar midtseta for blokkert). No skal det bli godt å få sove i ei god seng.

    C52364E5-D188-4857-8799-C36DD04AC12B.jpeg
     
    Kristian, AirMags, Earl and 17 others like this.
  4. indahla

    indahla Flyr for lite...

    Innlegg:
    6,857
    Likes mottatt:
    21,977
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen!
     
    Sunnfjordingen liker dette
  5. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,747
    Likes mottatt:
    25,882
    Bonuspoeng:
    183
    Då var eg komen fram til Comfort på BGO og klar for senga før køyreturen heim i morgon tidleg. Litt meir om hotell og fly kjem i løpet av helga.
     
    AirMags, Sonictravel, indahla and 4 others like this.
  6. Kvalvaag

    Kvalvaag Senior Medlem

    Innlegg:
    736
    Likes mottatt:
    6,018
    Bonuspoeng:
    163
    Heldigvis lite med stengte veier og kolonnekjøring i helgane på veg nordover på E39 :) Men 30min mellom kvar ferje på Lavik - Oppedal :rolleyes:
     
    Sunnfjordingen liker dette
  7. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    16,387
    Likes mottatt:
    33,997
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen :)
     
    Sunnfjordingen liker dette
  8. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,747
    Likes mottatt:
    25,882
    Bonuspoeng:
    183
    Då var eg etter tre timar på vegen (og ferga) omsider komen heimatt. Takk for turen alle saman. Fyldigare vurderingar av flyturane og hotellet kjem etter kvart
     
    Kristian, AirMags, paron and 13 others like this.
  9. sutenai

    sutenai Not throw away...

    Innlegg:
    633
    Likes mottatt:
    3,139
    Bonuspoeng:
    93
    Gratulerer med vel overstått :p Takk for at vi fikk være med
     
    Sunnfjordingen liker dette
  10. Sonictravel

    Sonictravel Veteran

    Innlegg:
    2,976
    Likes mottatt:
    29,664
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for strålende rapport! :)
     
    Sunnfjordingen liker dette
  11. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    15,101
    Likes mottatt:
    876,036
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen!
    Kjekk tur å være med på
     
    Sunnfjordingen liker dette
  12. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,984
    Likes mottatt:
    65,412
    Bonuspoeng:
    293
    Takk for turen! Jeg har kost meg. :)
     
    Sunnfjordingen liker dette
  13. Sunnfjordingen

    Sunnfjordingen Sunnfjording

    Innlegg:
    4,747
    Likes mottatt:
    25,882
    Bonuspoeng:
    183
    Bergen Lounge:
    Absolutt ein positiv overraskelse. Veldig god servering, gode stolar/sofaer og masse plass. So masse plass faktisk at eg tvilar på loungen vil overleve veldig lenge. Gode bobler (som ikkje var champagne). God fingermat både til frukost og lunch. Som ølhund skulle eg gjerne sett eit betre utval. Dei har eit tappetårn med 7Fjell-logoen på (trur eg), men ikkje noko meir.

    Lufthansa business intra Europa:
    Dette var noko anna enn SAS Plus. Serveringa var på bordet ganske kjapt etter at «fest setebeltet»-lyset var slått av.

    41019E3C-F8C0-498E-907C-A6732650550A.jpeg

    Både mat og dessert kom i ordentlig skål og med ordentlig bestikk. Dessverre gjekk det berre an å få ein øltype i business. Ville eg ha nokon andre frå almuemenyen måtte eg betale. Alt i alt langt betre enn SAS Plus.

    Lufthansa Senator Lounge (Z gates):
    Ein ny positiv overraskelse. Det er ikkje Polaris-nivå på loungen, men eg synst dei jamnt over hadde eit bra tilbod. Dessverre tomme for kveiteøl på tap på utreise. Både varm og kald mat, frukt, samt både søt og salt snacks. Innerst inne hadde dei fire dagsenger. Eg hadde god nytte av den på heimturen.

    Lufthansa Panorama Lounge:
    Minst like god som Senator, men med trivligare interiør. Her hadde dei og ordentlige senger for den som ville ha det. Dei hadde nok litt dårligare brennevinsutval, men elles var serveringa som Senator.

    United Polaris B777-200 FRA-IAD sete 1L:
    1-2-1 oppsett med skråstilte seter. Ein fin flytur, men dessverre var den litt for kort. Eg la meg til å sove etter maten (som med unntak av rosenkålen var veldig god). Veldig god IFE. Eg fekk sett både på Simpsons og 1883. Setet var overraskande stort og komfortabelt. Suveren «beddings».

    33B7ACCF-6344-496D-AA76-B18D4E91DC34.jpeg
    Solid amenity kit.

    EE738E46-653B-4656-A37F-14B185BD4037.jpeg
    Godt med innhald.

    B455640C-DC8F-4A00-ACF1-0529A4F2033C.jpeg
    Spegl om ein treng å pudre nasa.

    Det einaste som er å trekke for er dårlig ølutval (berre Stella) og at dei skulle ha over 30 USD for internett for heile flyturen.

    C6847075-EEC1-4EE0-A0A2-9B432CF4CFA6.jpeg
    Sjølv om dei hadde 1-2-1 oppsett var det plass til nokre troneseter.

    Harrington Hotel:
    Gamalt og slitt, men med suveren plassering. Billig. Fungerte greit til ein egotripp der hotellet berre vart nytta til soving. Reinhaldet virka rimelig bra. Bar og restaurant i tilknytning til hotellet. Eg drakk ei øl i baren, men det stinka sopass der at eg gjekk etter den. Restauranten vitja eg ikkje.

    Frukost:
    Cafe du Parc på Willard International hadde den suverent beste frukosten. Litt dyrt med ~350NOK inkl tips for ein omelett og kaffi, men dette var noko anna enn det ein lagar sjølv. Truleg den beste frukosten eg har ete.

    Old Ebbitt Grill litt lenger oppe i vegen hadde framifrå Eggs Chesapeake. Det vil seie Eggs Benedict på Crab Cakes m/english muffin. Ikkje like godt som på Cafe du Parc, men til gjengjeld serverte dei øl og drinkar allereie til frukost.

    Nærast hotellet låg Lincoln’s Waffle Shop. Grei mat og prisar. Opna tidligare enn dei andre.

    United Polaris Lounge IAD:
    Er som Polaris på SFO ein nydelig lounge. Jammen var det godt å få seg ein dusj etter ein føremiddag med trakking. Ikkje like godt ølutval som på SFO, men Lanson champagne hadde dei. Eg fekk og prøvd meg på ein polarisburger (på SFO i mai mangla dei burgerbrød). Den var ikkje noko meir enn ok og skreik etter ein dressing. Buffeten var ok, men bar preg av å ha stått noko lenge. Flyet var ein del timar forseinka, og eg var bra trøtt då eg drog til B-terminalen. På IAD er det veldig lett å komme seg rundt med interntrikken.

    Lufthansa IC business B747-4 (toppetasje):
    Kjekt å få sitje i andre etasje på dronninga, men dette er eit utdatert fly og hardproduktet er ikkje på nivå med SAS og United. Kjekt crew som var veldig på. Eg sovna ganske kjapt etter avgang og rakk akkurat å få i meg frukost før vi landa. Blir neppe LH biz på meg igjen om eg kan få velje noko anna i staden.
     
    sitrus, Kristian, kjeeli and 16 others like this.

Del denne siden