Noreg og nordmenn har vore verda over. Som gode borgarar av kongeriket er det vår fordømte plikt å sjå til at alt er som det skal vere i interessesfæren vår og ikkje minst undersøkje om forvaltninga er god nok. Målet er at ting skal stå bra til slik at skilnadene mellom utpostane og den heimlege røysa ikkje er for stor:
Litt om inspeksjonsobjektet: Orknøyane ligg like nord av Skottland og her bur det litt over 20 000 personar. Nordmenn kom til øygruppa så tidleg som på 800-talet og norrøn kultur tok tidleg overhand. Etter at vikingane hadde røva det som var både der og her, kom øygruppa gradvis innunder skotsk råderett, men utan å gløyme den norske arva. Store norske leksikon skriv: Her finn vi rom for bekymring. Kor mykje skade har skottane gjort? Er det rom for betring? Kva er status reint generelt? Svara på desse spørsmåla får vi kanskje aldri, men inspeksjonen tek mål av seg å avdekkje så mykje som mogleg! Dette saksdokumentet vil òg ta føre seg reiseruta mellom gamlelandet og Orknøyane. Seniorinspektøren startar med ei posisjoneringsflyging sørover frå Værnes til Gardermoen i kveld for å plukke opp juniorinspektøren før dei to glade inspektørane i morgon skal sjekke at British Airways og Loganair tilbyr eit godt nok reisealternativ mellom Noreg og Orknøyane.
Vi plasserer Orknøyane på kartet: Kuriøst nok blir Orknøyane det sørlegaste punktet på den nordlege halvkule eg har gjesta så langt i år. Tygg litt på den!
Inspeksjonsgrunnlag Den aller viktigaste grunnen til at Orknøyane skal inspiserast finn vi i reisemagasinet Vagabond: Med andre ord: Orknøyane: No kjem vi!
Om inspektørane For at undersøkinga skal bli så uhilda som mogleg, sender Kongeriket Noreg ut to inspektørar. Denne gongen skal ein ny inspektør lærast opp og vedkomande skal hentast i Oslo. Han har svart belte i urbanitet medan eg, som har bustadsadresse i Aust-Finnmark, har svart belte i karrig landskap. Dei siste dagane har eg vore ute og sett på manuelt arbeid, noko som vil kome godt med for å kunne gjennomføre ein best mogleg inspeksjon: Dette er eit bruprosjekt på nye fylkesveg 714 mellom Orkanger og Hitra/Frøya. Biletet er ikkje tilfeldig vald: Kan Noreg på kort varsel ta over forvaltninga av Orknøyane igjen eller må det byggjast bru? Følg med, folkens!
Eksterne inspeksjonstips For eit best mogleg inspeksjonsresultat ber dei glade inspektørar om hjelp frå publikum: Tips til ting som krev inspisering blir tatt i mot med stor takk!
Seniorinspektøren garanterer på ingen måte at kvaliteten held seg gjennom heile saksdokumentet, men vi går ut med brask og bram, så får vi sjå kor lenge det held
Highland Park-destilleriet! Vi trenger info om det kommer noen spesielle tapninger for Norge igjen snart. Og prøvesmaking anbefales på det sterkeste.
Var på Orkneyøyene for 3 uker siden (17.mai langhelg). Fløy OSL-ABZ-KOI. Tilbake KOI-EDI-LHR-OSL. Ting å gjøre: (drikke) - Highland Park - Scapa destillery - Orkney Brewery - Swannay Brewery Steder å se: - Ring of Brodgar - Papa Westray (øy) - Sanday (øy) - Stromness - Scapa Flow - Skara Brae - Maeshowe - St Magnus Cathedral - Tombs of the Eagels - Italian Chapel ... og masse annet ... Anbefaler å leie bil, mye å se på mainland. Kan også anbefale fergetur til Sanday, evt en kort flytur. Skikkelig digg å ut å fly og ikke trenge å bedrive sikkerhetskontroll og annet vas
Tusen takk for tips! Somme punkt stod allereie på lista, andre ikkje. Inspisering av flaskebotnar kan vel oppstå heilt plutseleg
Glemte Broch of Gurness, guiden der var ufattelig kunnskapsrik og den timen vi hadde satt av der ble til 4 timer Stedet er bare ca 2500 år gammelt. Skara Brae er vel bortimot 5000 år.
Nytt tips; planlegger du å bruke flyvemaskin for turer til øyene nord for mainland så bør det bestilles på forhånd (eller det må). Mange av avgangene går feks kun på skoledager, og da er de gjerne fulle av skolebarn som skal hjem på ettermiddagen. Og med 8 seter så er der ikke noe award å oppdrive. Fordelen er at alle får vindusplass
Kor skal dette ende?? Livet i vesterled kan ta hardt på, både juniorer og seniorer ... er begge i drikkbar alder?
Begge er i drikkbar alder, spørsmålet er om vi etter hvert er i drikkbar stand, men sorger skal man ikke ta på forskudd.
Med en håndfull Skull Spitter innabords så kommer det til å ta hardt på. http://www.orkneybrewery.co.uk/beer/skull-splitter-330-ml
Igjen, tusen takk for brillefine tips! Det ser ut til at inspeksjonskomitéen kanskje må utvide opphaldet. Søknad til Harald Rex sendast sporenstreks!
No vart æ gla, ja! Og så fortsettes det på et målføre man berhersker litt bedre: En lysende ide har blitt unnfanget, og iverksettes med ledsagende prosa, bilder og kanskje tilogmed musikk (?). Atter har vi fått lyst til å våkne hver morgen, febrilsk søkende etter de ferskeste bulletiner! Et tips, direkte fra "frå oljå": Enhver vellykket inspeksjon krever et par-tre "avvik". Det gir mulighet til oppfølgende besøk med verifisering av akseptabel lukking. God tur, lykke til med opplæringen av kandidatene, husk "L" på ryggen og navnelapp i snor rundt halsen.