Om bord hos Loganairs Saab 340: Tweed på nakkestøtta: Vi sit på nødutgang og vart lova sjokoladekjeks om vi greidde å lære oss prosedyren for opning av døra. No skal det puggast som aldri før!
På denne flyginga kunne vi velje mellom diverse drikkevarer (vatn og brus) samt mellom kjeks eller sjokolade. Det er no triveleg å få litt å bite i, sjølv om det ikkje er mykje:
Vel framme på KOI etter ein fin propellflytur Dei glade inspektørane tar seg no ein velfortent kvil samt at sortering av inspeksjonsskjemaa må til. I mellomtida eit pausebilete:
Dette er artig lesestoff. Håper dere statuerer noen eksempler hvis noen lokale bønder ikke vil anerkjenne Harald Rex sine skattleggende representanter.
Inspeksjonsnotat frå Orknøyane Scapa Skiren: Det var ikkje 'barneskirenn' Northug brølte ut, men Scapa Skiren med trøndersk uttale. Ein fest for ganen!
Skara Brae: Ein steinlandsby som er datert til 3 000 år før Kristi fødsel. Landsbyen var dekt av sand og gras som ein storm flytta i 1850 og vips var unik historie avdekt. Litt av eit syn! Tips: Sjekk opningstider. Førehandsbestilling ikkje nødvendig. Ok busstransport frå Kirkwall. Greitt å ha eit par timar synst vi. Inspeksjonskonklusjon: Ivaretaking av historie er viktig. Godkjent-stempel delast ut!
Brodgar-ringen (Ring of Brodgar): Steinsirkelen er frå ca. år 500 før Kristi fødsel. Føremålet er uvisst, men det er fleire slike på Orknøyane. Verdt å sjå innom. Tips: Bussrute 11 køyrer innom Ring of Brodgar og stoppar i 30 minutt. Du kan gå til Dei ståande Steinnes-steinane (The standing stones of Stenness) og ikkje langt derifrå hoppe på ein annan buss inn til Kirkwall. Inspeksjonskonklusjon: Å synleggjere at ein ikkje veit alt om kva fortidsmenneska visste, trudde og tenkte kan få eit moderne menneske til å tenkje litt ekstra over at vi ikkje sit med alle svar sjølv om vi har Google for handa heile tida. Godkjent-stempel delast gladeleg ut!
Dyrisk intermesso: Det som slår inspektørane er kor frodig og grønt det er her på Orknøyane. Det er gode kår for landbruket. Ein annan ting er tillitsnivået. Her er det tydelegvis greitt å lite på kvarandre. To døme: - 1) Bussjåføren sjekkar ikkje alltid billetten din ved påstigning fordi han sjekka jo billetten din då du tok bussen den andre vegen og han fortalde deg kva tid han hadde retur. - 2) I Det italienske kapellet (sjå òg lenger ned) betalar du for ein CD med korinnspelingar frå kapellet ved å leggje myntar i korga ved sidan av CD-platene. Tillit i n-te potens!
Highland park destillery: Brillefin ivaretaking av gamle tradisjonar og omvisaren lærer seg norsk. Blid og smilande. Flotte produksjonslokalitetar. Tips: På dagar med mange cruisebåtar og tidvis i høgsesongen bør nok Internett brukast til førehandsbestilling av omvisning. Vi troppa opp og måtte vente i vel to timar, noko som vart slått i hel med lønsjing i sentrum, 20 minutt unna. Inspeksjonskonklusjon: Her er det mykje å ta av. Vi tilrår snarleg innlemming av Orknøyane i Kongeriket Noreg for å sikre forsyningslinjene til kvalitetsmedvitne ganar på røysa. @Earl meiner at guiden var såpass strøken at ho er godt ektemakemateriale. BA-gull blir nok sikra i framtida òg.
Det italienske kapellet: Eit kvarter sør for Kirkwall ligg det eit krigsminne. Vel, fleire, men vi tok turen til Det italienske kapellet. Under andre verdskrigen tok britane ein bunt med italienarar som krigsfangar i Nord-Afrika. Desse vart sendt nordover til Orknøyane for å byggje barrierar som skulle verne den britiske flåten som òg under 2. verdskrigen låg i Scapa Flow ved Mainland (hovudøya). Barrierane mellom fleire av øyane blir kalla 'The Churchill barriers'. Kaptein Bertorelli med vener ønskte seg eit gudshus og fekk ei av krigsfangebrakkene til disposisjon. Denne vart utsmykka etter alle kunstens reglar: Churchill-barriere: Tips: Greitt stopp på vegen til eller frå ting og tang lenger sør. Vi tok bussen frå Kirkwall og hoppa på same buss tilbake då denne returnerte 30 minutt seinare. Inspeksjonskonklusjon: Vel verdt eit kort stopp, spesielt dersom krigsinteressa er til stades. Godkjent!
Haha joda damen var veldig sør, hyggelig og sjarmerende, så skal absolutt stå inne for det @Kristian skriver, men er nok redd det ikke blir noen Insideflyer baby med det første... man har da oppførsel som er litt bedre enn våre vikingforfedre når man er å utenlandstur så måtte vel kommet på besøk noen ganger til før man tenker på slikt
Strømnes (Stromness): Rundt 30 minutt frå Kirkwall ligg byen Strømnes. Han er mykje mindre enn Kirkwall, men kanskje trivelegare med trange gater og veiter. Vi gjorde ikkje mykje anna enn å tusle rundt, men det høvde fint, det. Flagget som Orknøyane bruker er veldig likt det norske, bortsett frå at kvitfargen er erstatta med gult. Strømnes har òg ei nokså livlig hamn: Tips: Innta ein god middag på The Ferry Inn. Her åt eg pasta med sjømat og du verda så god han var, eller som det heiter seg i songen: 'Guri malla så god han er, skjegget og sjalu og stor og svær'. Vel, mogleg eg hugsar songteksten feil, men maten var god: Vi rusla oss òg ein tur til enden av vegen, svinga til høgre og så til venstre inn på ein sti og kom til Gun utsiktspunkt. Plassen var utsiktspunkt brukt under 1. verdskrigen og gav eit solid overblikk over Scapa Flow, som husa heile den britiske marinen òg under denne krigen. Vel verdt ruslerunden synst vi: Inspeksjonskonklusjon: Det ligg sjølvsagt an til nok eit godkjent-stempel. Vi er ikkje vanskelege å be.
Maeshowe: For 5 000 år sidan vart det bygd eit gravkammer som i 1999 hamna på verdsarvlista til UNESCO. Historia som forteljast her er fascinerande: Guiden vart korrigert av ein ekspert for nokre år tilbake som meinte at dette slett ikkje var ein gravstad, men samlingsplassen til dei lokale einhjørningane. Eksperten var ei sju år gamal jente, men guiden sa at dei aldri har greidd å motbevise jenta fordi dei har ikkje funne beinrestar i gravkammeret. Våre forfedrar tok seg ein tur innom gravstsden på 1100-talet og sikranat verdiane der ikkje hamna på feil hender. Dei har òg skrive ein del ting på veggane noko som gjer at Maeshowe har den største samlinga av runeinskripsjonar i verda. Tips: Tilgang berre med guide. Det kan vere tilrådeleg å reservere plass på førehand, spesielt i sommarsesongen. Konklusjon: Godkjent, ingen tvil! Igjen er det flott å sjå kor godt historia blir ivaretatt her på Orknøyane.
Steinness-steinane: I gangavstand frå Maeshowe ligg Stones of Steinness, ein steinring frå same tid som Brodgar-ringen, men mindre i omfang: Tips: 15 minutt å gå frå Maeshowe. Kan kombinerast med Brodgar-ringen som neppe ligg meir enn 30 minutts gange unna. Inspeksjonskonklusjon: Godkjent.
Birsay: 45 minutt med buss frå Kirkwall ligg Birsay. Området har fleire ting som er verdt å sjå. Staden som ligg vest på Mainland ut mot Atlanterhaver er i seg sjølv ein flott stad. Det er berre å tusle rundt. Vi tar ein samleoversikt. @Earl har eitt av sine palass på Birsay: Vedlikehaldsarbeid er vel nødvendig. Jarlens palass, eller Earl's palace om du vil, vart bygt på 1500-talet og alle er velkomne innom: