OSL-CPH-AMS-LIS-PDL med SK/KL/S4

Tråd i 'Reisebrev' startet av afirm, 06. jan 2016.

  1. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,230
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Har 20 min hvis begge fly er i rute og har selvsagt bare håndbagasje..
     
  2. chrisbu

    chrisbu Senior Medlem

    Innlegg:
    877
    Likes mottatt:
    755
    Bonuspoeng:
    93
    Da får du løpe ;)
     
  3. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    På veg heim frå Schipol var flyet mitt ca ein time forsinka. Men dette var på grunn av vind og visstnok halv kapasitet.

    Normalt skal vel 20 min kunne gå, men eg hadde nok vore litt nervøs. Reknar med at du kjem med siste fly, slik som meg. Eg valde å overnatte på Kastrup og tok første fly heim dagen etter.
     
  4. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Resten av rapporten kjem etterkvart, men her kjem nokon bilete av SATA-flyet slik @LN-FHU etterlyste.

    Kvaliteten vart litt begrensa, då dei fleste vart teke gjennom vindauge.

    CS-TKN var flyet som tok meg frå PDL til LIS.
    2016-01-07 09.09.36.jpg 2016-01-07 09.32.01.jpg 2016-01-07 09.32.29.jpg 2016-01-07 11.45.22.jpg 2016-01-07 11.47.49.jpg 2016-01-07 11.48.00.jpg

    Her er eit bilete av CS-TGV, i frykteleg dårleg kvalitet. Det var flyet som tok meg frå LIS til PDL. 2016-01-07 11.40.04.jpg

    Luka over sete 1I er forøvrig defekt på begge flya. So eg ville ha styrt unna det setet om du vil unngå å få den i hovudet.
     
    peterfox and chrisbu like this.
  5. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Midt i sentrum er der ei kyrkje som var bra fin. Ellers er nok dei største attraksjonane utanfor byen. Sete Cidades og Furnas er visstnok dei to mest vanlege plassane å reise. Eg hadde planar om Sete Cidades men det var mykje tåke den dagen eg skulle ta turen, so då vart eg anbefalt å droppe det. Men det ser bra ut på bileta.

    Kan godt hende at det fins noko eg gjekk glipp av i byen, eg gjekk mest rundt utan mål og meining.
     
    SASlovah4evah liker dette
  6. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Dersom reisebrevet nokon gong skal bli ferdig må ein vel berre setje seg ned å skrive.

    S4320
    PDL-LIS
    08.25-11.30
    Sete 2A

    So var det tid for reisa heim. Eg hadde bestilt henting på hotellet kl 07.00, eg tenkte at det ikkje skada å ha litt tid på flyplassen. Sjølv om bussen som henta meg var 5-10 minutt forsinka hadde eg veldig og var på flyplassen ca ein time før avgang. På flyplassen var det prioritetsskranke for business og statuskundar. Eg hadde allereie fått mitt boarding pass når eg reiste til PDL og gjekk difor rett til sikkerheitskontrollen. Eg fann ingen fast track, men det var inga kø i den vanlege sikkerheitskontrollen so leita ikkje heller. Var igjennom på eit par minutt.
    2016-01-07 08.12.55.jpg

    Når eg var komt igjennom trekte eg rett til SATA Lounge, beklagar det uskarpe biletet. I loungen var det roleg, der var 6-7 sitjegrupper og vi var 5-6 personar i loungen. Loungen var utstyrt med kaffimaskin, men det overraska meg at det kun var mogleg å få pappkopp. Matutvalget var noko begrensa, der var nokon kjeks og den same nøtteblandinga som dei serverte på flyet. På hotellet leverte dei frukost på rommet kvelden før eg skulle reise og eg var difor ikkje svolten uansett. Tok ein kopp kaffi og ein pakke nøtter.

    2016-01-07 08.20.15.jpg 2016-01-07 08.23.18.jpg 2016-01-07 08.23.26.jpg 2016-01-07 08.24.26.jpg 2016-01-07 08.24.28.jpg 2016-01-07 08.27.58.jpg 2016-01-07 08.28.49.jpg

    So var det etter kvart tid for å boarde flyet. Her var ingen snakk om priority boarding, eg orka heller ikkje å ta initiativ til priority boarding og sette meg difor på ein benk til alle andre hadde boarda. Kunne nok heller ha blitt i loungen litt lenger.
    2016-01-07 09.09.41.jpg 2016-01-07 09.10.44.jpg 2016-01-07 09.19.37.jpg 2016-01-07 09.32.48.jpg

    Denne dagen var det nesten fullt i business class, eg fekk ein kar i setet ved sia av meg. Dei sete som ikkje var fulle vart okkupert av personar som kom frå økonomiklassa bak. Det verka som om crew tykte dette var heilt grei, men dei fekk ikkje matservering. På denne flighten fekk vi frukt, pannekaker og ei kake. Pannekakene var veldig gode! Kaka var også relativt god, og frukta var frukt. Til maten bad eg om eplejuice, dei var flinke til å fylle på dette glaset når det gjekk tomt. Etter maten fekk eg servert ein kopp kaffi.
    2016-01-07 10.23.51.jpg 2016-01-07 10.45.37.jpg 2016-01-07 10.47.04.jpg
    God beinplass i sete 2A.

    Vi landa i Lisboa litt før tida, fekk bussgate.
    2016-01-07 11.47.52-1.jpg
     
    Are and RoadKing like this.
  7. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Etappe 2 på veg heim.



    KL1694
    LIS-AMS
    15.25-19.40
    Sete 1A

    Når eg kom til LIS måtte eg skaffe meg boarding pass til KLM-flightane vidare. I nærleiken av TAP sin transfer desk sto det ein automat, her fekk eg printa ut boarding pass. Biletet vart utruleg uskarpt, so det får stå som illustrasjon.
    2016-01-07 12.07.20.jpg

    Denne gongen fekk eg heldigvis tilgong til ANA lounge, denne var noko heilt anna enn Blue Lounge. Eg fann meg ein stol i enden, med litt utsikt over tarmac. Eg prøvde meg på nokon baguettar, det var 6-7 sortar å velje mellom, to av dei eg prøvde var gode.
    2016-01-07 12.08.55.jpg 2016-01-07 12.28.19.jpg 2016-01-07 12.29.28.jpg

    Her var eit greitt utval av drikkevarer, både brus, juice og øl. Her var også noko vin å velje mellom. Den sprudlande vinen var ein cremant.
    2016-01-07 13.05.35.jpg 2016-01-07 13.06.24.jpg

    Rett ved stolane eg sat i var det også ein ekstra bar med kaffimaskin og diverse utval av soft drinks.

    2016-01-07 13.51.53.jpg 2016-01-07 14.38.36.jpg

    Ved inngangen var det endå eit område med matservering og drikke.

    2016-01-07 14.02.41.jpg

    Loungen var stor og fin, men relativt full når eg kom. Det vart betre utover dagen. Her var også nokon avslappingsrom, med nokon korte senger, desse var opptekne.

    2016-01-07 14.39.13.jpg 2016-01-07 14.39.16.jpg

    På flyet valde eg ein kyllingrett, den var ikkje so verst. Til forrett var det reker og til dessert var det ein sjokolade- og jordbærfromasj. I tillegg fekk vi med eit par ostar som begge var gode. Det var 5 personar i business.

    2016-01-07 16.24.07.jpg

    Eg vart anbefalt ein vin frå Chile og takka ja til den. Det var ein Merlot.

    2016-01-07 16.28.14.jpg

    Vi landa noko forsinka til AMS. Denne dagen var det berre halv kapasitet på AMS grunna mykje vind.
     

    Attached Files:

    Are, Edin, Kristian and 5 others like this.
  8. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,659
    Likes mottatt:
    32,508
    Bonuspoeng:
    293
    Flott referat :)
     
  9. WannaBeFrequentFlyer

    WannaBeFrequentFlyer EBD (Lifetime Gold), Strawberry Platinum Lifetime

    Innlegg:
    1,230
    Likes mottatt:
    1,358
    Bonuspoeng:
    113
    Jeg holder på med samme tur nå og var litt i villrede da jeg kom til Lisboa og skal videre samme dag. Måtte jeg ut for å skaffe boarding pass f.eks?

    Det viste seg at transferdesken til TAP kunne fikse det så det er et tips om noen fortsatt ikke har gjennomført sin tur.. Blue-loungen har fortsatt bare kaker og drikke, så spis et annet sted først hvis du er sulten! ;-)
     
  10. Are

    Are EBD - Eurobonusekspert? InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    13,340
    Likes mottatt:
    19,549
    Bonuspoeng:
    293
    Visdomsord :)

    Artig å lese en rapport fra nye nytt :)
    Azorene står på min liste etterhvert, men da blir det nok med tap..
     
  11. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    På dropboxen min kom eg plutseleg over ein mappe som heitte "Tripreport PDL", då kom eg på at eg aldri heilt fullførte den her. I mappa låg det til og med ei word-fil der avslutninga var skreven, so her kjem omsider enden på reisebrevet!


    KL1139
    AMS-CPH
    21.05-22.30
    Sete 1A


    På Schipol var det fullt kaos. Stort sett alle flygingar hadde store forsinkingar grunna vind. Flyet mitt var litt forsinka inn frå LIS, men flyet mitt vidare til OSL var på dette tidspunktet utsett ein time. Eg trekte mot KLM sin Crown Lounge, dette er blitt ein stor og fin lounge. Buffeten var bra størrelse på og eg valde noko som såg ut som Chili con Carne. Denne viste seg dessverre å vere utan særleg mykje carne, og var vel strengt talt ein vegetarrett.

    I loungen trefte eg eit triveleg ektepar frå Bergen som skulle vidare til Wien, også deira fly var forsinka. Etter å ha venta ein time i loungen gjekk eg til billettskranken og lurte på om det var mogleg å bli booka om til Oslo grunna forsinkelsen, også det neste Oslo-flyet var mykje forsinka. Joda, dei kunne ombooke meg, men det ville koste meg den nette sum av 250 euro. Det takka eg nei til.

    Loungen hadde eit bra utval av både vin og anna drikke. Eg tok dessverre ikkje eit einaste bilde på Schipol, det beklagar eg.

    Etter kvart kom i alle fall tida for avgong, 1t15min forsinka om eg hugsar rett.

    2016-01-07 16.56.55.jpg

    På denne turen fekk eg heile business class for meg sjølv, maten var den same fryktelege greia som eg fekk på CPH-AMS. Eg åt eit par bitar før eg sette den frå meg. Sjokolademoussen var god.
    2016-01-07 22.15.37.jpg
    2016-01-07 22.42.45.jpg
    Purser insisterte på cavaen, det takka eg ja til. Etter at denne var fullført kom han med endå ei og med dette vart turen avslutta. Vi landa på Kastrup ca 45 min forsinka. Eg hadde vurdert å prøve å rekke SAS sitt siste fly heim denne kvelden, det er eg glad for at eg droppa for det hadde eg ikkje rekt.
    2016-01-07 22.32.10.jpg

    Sia dette var avslutninga på mi studietid hadde eg lagt opp til at eg kunne sove på flyplassen ein siste gong før eg tok morgonflyet til OSL. Som ein over middels reiseglad student har det blitt nokon netter på flyplassar rundt omkring i verda, dette har vel gjort at eg har kunne maksimere reisinga i forhold til den inntekta eg har hatt. Sia eg gjekk først ut av flyet fann ut at eg fekk ta meg ein tur ned i kjellaren på toalettet før eg gjekk opp igjen og fann meg ein benk. Eg lo litt av tanken på å gå rett frå business class til å sove på ein benk. Her fekk i alle fall karra til meg litt søvn fram til loungen opna. Frukost i lounge og so gjekk turen tilbake til Oslo i SAS Go.
    2016-01-08 00.13.31.jpg 2016-01-08 08.28.22.jpg
    Takk for meg!
     
    Petter B-C, kjeeli, NorFlight and 7 others like this.
  12. kjeeli

    kjeeli Veteran

    Innlegg:
    2,191
    Likes mottatt:
    22,475
    Bonuspoeng:
    183
     
  13. kjeeli

    kjeeli Veteran

    Innlegg:
    2,191
    Likes mottatt:
    22,475
    Bonuspoeng:
    183
    Denne posten får meg til å mimre tilbake til Ponto Delgada. Dette var siste stopp for seilasen med Christian Radich fra St Maarten til PD. Når seilere først kommer i land blir det sjøslag! Så dette ga skikkelig gjennklang dagen etter når mange av oss skulle hjem med morra flighten til Saba på første strekket PDL-LIS. Heldigvis var det lite folk, så jeg kunne karre meg ned liggende over 3 seter i midtgangen bakerst i flyet etter take off (første gang jeg har holdt spyposen klar!) Så ble det strekket LIS-OSL med TAP, heldigvis med vindusplass. Men jeg er fortsatt skikkelig bakfull og TAP sin papirpose stand by! Så byr flyselskapet på servering, det er ikke noe som kan kurere denne kvalmen og fyllsyken dessverre! Fikk lagt hode inntil veggen og sovet av det værste før ankomst OSL.
    Men over til PD @afirm var du innom dette forlatte hotellet?
     

    Attached Files:

    afirm liker dette
  14. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Nei, det fekk eg nok ikkje med meg, låg det i byen?
     
  15. kjeeli

    kjeeli Veteran

    Innlegg:
    2,191
    Likes mottatt:
    22,475
    Bonuspoeng:
    183
    afirm liker dette
  16. Misterix

    Misterix Veteran

    Innlegg:
    3,755
    Likes mottatt:
    3,576
    Bonuspoeng:
    113
    @afirm
    Sove på flyplassen, går det an? :confused: Stenger det ikke eller noe så man blir kastet ut?
     
  17. afirm

    afirm Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    1,853
    Likes mottatt:
    5,476
    Bonuspoeng:
    183
    Ja, det har aldri vore noko problem. Om ein har connection over natta slik at ein allereie er innanfor sikkerheitskontrollen so er det heilt fint. Både Arlanda og Kastrup fungerar fint til det, alltid ein del folk inne i terminalen.

    Komforten er sjølvsagt nokon hakk dårlegare enn eit hotell, men for ein student so har det alltid fungert fint. Arlanda er faktisk ikkje so verst, med mørke områder og mjuke benkar.
     
    Misterix liker dette

Del denne siden