Påskekrim 2019: Skriket frå fangekolonien «down under» (eit reisebrev)

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 13. april 2019.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    QF625 frå BNE til MEL – «Kriminelt triveleg»
    Knappe to timar etter å ha sjekka ut frå hotellet i Surfers Paradise, sjekka vi inn bagasjen vår hos Qantas på Brisbane internasjonale lufthamn. Qantas har sin eigen del av terminalen der du ikkje treng å puste i same luft som dei raringane som flyg skrotselskap som Virgin og det som verre er. Innsjekkingsområdet var fint og flott og ei blid tøtte hjelpte oss.

    Sikkerheitskontrollen var effektiv og grei og vips stod vi her:
    20190122_143352.jpg

    Ingen av oss har status i Oneworld og vi skulle fly apeklasse. Vi såg nok såpass forvirra ut der vi stod, at ein Qantas-tilsett kom bort til oss, spurde kvar vi skulle reise, og peikte oss i riktig retning. Vi takka og bukka. For min del var det litt uvant å vente ute blant bermen…:
    20190122_144001.jpg
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ombordstiging skjedde i prioritert orden, men det som imponerte meg aller mest var at alle, rubb og rake, berm og dressmafia vart helsa varmt velkomen om bord av kabinsjef ved bruk av tittel og etternamn. Det er noko av det mest imponerande eg har opplevd ved boarding av ein Boeing 737-800.

    Vi fekk tildelt kvart vår sete på rad 30, reisefølgjet på A, eg på C. B-setet stod ledig, men det betyr ikkje at plassen stod ubrukt, slett ikkje. Vi førte statistikk og etter mange rundar UNO viste det seg at eg vann Australia, men det gjorde godt etter at eg tapte Argentina:
    20190122_153014_02.jpg

    Flyturen frå Brisbane til Melbourne tar litt over tre timar. Dersom du vil, lastar du ned Qantas sin underhaldningsapplikasjon før du går om bord i flyet og så kan du sjå filmar og TV-seriar på ditt eige mobile EDB-utstyr. I tillegg er det skjermar i seteryggen framom deg og det blir delt ut øyretelefonar – gratis. Her er det òg ein USB-utgang:
    20190122_164021.jpg
     
    Kalsnes, drsyk, Upsaker and 10 others like this.
  3. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    På ein tre timars flytur i SAS GO er det vel knapt servering utanom kaffi og te. Qantas, derimot, kom i fleire omgangar med tilbod om (alkoholfri) drikke og trur du sanneleg ikkje at vi fekk noko å bite i? Ja, det var ikkje all verda, men likevel:
    20190122_162150.jpg

    I ein dristig augneblink byrja eg å prate litt med kabinpersonalet. QF-sjefen i den bakre delen av kabinen hadde starta dagen i Brisbane og køyrd ein runde t/r Canberra. Melbourne-runden var dagens siste før han skulle ha fri eit par dagar. Dette meinte QF-karen var ein grei dag. Dei verste dagane var t/r Perth – ei reise på vel fem timar – kvar veg.

    Då eg nemnde dei mange timeshoppa mellom byar i Sør-Noreg og mellom dei skandinaviske hovudstadane, fekk eg spørsmål: Fly? Går det ikkje tog? Eg vurderte å snakke litt om kyllingmarkene, men eg tenkte at det vart litt for valdsamt. Dessutan nærma det seg tid for å gå av flyet.

    20190122_172422.jpg

    Vel framme på Melbourne internasjonale lufthamn fekk vi kjapt bagasjen og ikkje lenge etter sat vi på flybussen innover til byen. Sidan dette var ein vanleg rutebuss, var ikkje prisen all verda.
     
  4. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,186
    Likes mottatt:
    869,727
    Bonuspoeng:
    293
    Tog tar jo evigheter og koster 2-3 ganger så mye og er under halvparten så gøy ..
     
    Sunnfjordingen and Kristian like this.
  5. jgroneng

    jgroneng Fastboende

    Innlegg:
    5,220
    Likes mottatt:
    17,304
    Bonuspoeng:
    293
    Ble det med tanken?
     
  6. Stuttfeiten

    Stuttfeiten Veteran InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,416
    Likes mottatt:
    18,397
    Bonuspoeng:
    183
    Den tanken går ofte gjennom hovudet mitt også når eg er på tur.
    Må ha vore klar luft den dagen, for sist eg var på St. Kilda kunne vi knapt sjå inn til Taransay og Harris...
    (OBS, dei tel ikkje som bjørn på lista over "10 biggest game animals" sjølv om vi gjerne synest dei er overkoalafiserte til stillinga.)

    Flaks at eg ikkje såg dette reisebrevet før i dag, ellers hadde eg nok ikkje komt meg til bassenget i det heile denne veka. Ferdig med side ein, og no kjem ettermiddagstoreveiret over taket på hotellet. Då blir det sjans til å lese litt på rommet også. (Håpar eg ikkje gløymer middagen!)

    Takk for strålande lesestoff så langt!
     
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, det vart først to netter i Brisbane før vi hadde to netter i Surfers Paradise. Det burde ha vore omvendt, men så langt tenkte vi ikkje før avreise. Kanskje neste gong...
     
    jgroneng liker dette
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Då kan vi no med ein gong diskoalafisera den lista...

    Sjølv takk for at du heng med! Dette blir, diverre, grueleg langt!
     
    Finnks liker dette
  9. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,909
    Likes mottatt:
    12,911
    Bonuspoeng:
    183
    Etter å ha vært plassert i varmere strøk et par uker var jeg redd det ikke var annen moro å komme hjem til enn Viggo Walle. Heldigvis tok jeg feil, og takk for det, @Kristian. (Joda, vi hadde anelse om at noe var på gang, men dine epos krever konsentrasjon og vi var da på ferie!)

    Hadde selv lykken sammen med eks-forloveden å gjøre AUS for 20 år siden, den gang eldste avleggeren var student der nede. Tror det kunne vært på tide å gjennoppfrisket besøket. Slik sett er et godt reisebrev både en painkiller og en paincreator! Vi får se, drømme kan man i hvertfall gjøre, og takk for at du holder drømmen vedlike. Gleder oss kanskje aller mest til beretningen fra Alice og Ulurutraktene kommer, det var for oss høydepunkter blant mange gode minner.
     
    Kristian liker dette
  10. Arvid1410

    Arvid1410 Veteran

    Innlegg:
    1,531
    Likes mottatt:
    6,716
    Bonuspoeng:
    183
    Akk ja, det var andre tider da vi kunne få gullkort i Oneworld ved å statusmatche til gull i Airberlin... :cool:
     
    Kristian liker dette
  11. Arvid1410

    Arvid1410 Veteran

    Innlegg:
    1,531
    Likes mottatt:
    6,716
    Bonuspoeng:
    183
    Vi gjorde den varianten da vi kom fra NZ, for å tine opp etter å ha stått på ski. Da var det ok med sol og strand et par dager, men ellers synes jeg kanskje ikke Surfers Paradise er det mest sjarmerende stedet i Australia, for å si det sånn...
     
    Kristian liker dette
  12. snus_mumrikken

    snus_mumrikken Eventyrar

    Innlegg:
    2,726
    Likes mottatt:
    11,673
    Bonuspoeng:
    183
    Dette var kjekt og lese, vi skal også ha ca 4dagar i BNE og området rundt tek tipset om Surfers Parasise først, og deretter BNE.
    Og sjølvsagt alle andre tinga dykk har vore innom.
     
    Kristian liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Dersom eg nokon greier å skrive meg gjennom dette reisebrevet, så kjem det meir frå Brisbane mot slutten :)
     
    snus_mumrikken liker dette
  14. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Lange reisebrev kan òg føre til smerte...
    Det kjem, det kjem! Eg sit at med svært gode minne og inntrykk frå den delen av landet sjølv :)
     
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Av omsyn til lesaren (og litt meg sjølv) må neste del av reisebrevet delast i to. Melbourne er ein brillefin by, men reisebrevforfattaren rota seg skriftleg vekk i diverse avsporingar, så vi tar det i to delar. Heng på, folkens!
     
    Avixlo liker dette
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tre netter i Melbourne – del 1: «Kriminell visitas»
    20190123_134604.jpg
    Melbourne, her i området ved Melbourne museum

    20190123_094430.jpg
    Byfengselet i Melbourne med skyskraparar i bakgrunnen



    20190123_153141.jpg
    Teateret i Melbourne som viste «Harry Potter» på scenen

    20190123_171615.jpg
    Jernbanestasjonen Flinders street station, Melbourne

    Med desse opplysningane in mente, var kongens sendemenn spente på om dei fekk høyre lenkesongen eller om dei fekk traske fritt omkring i Victorias hovudstad, Melbourne. Utruleg nok kom Harald Rex’ vener seg gjennom nålauga!

    20190123_154027.jpg
    Melbourne er ikkje heilt ferdig bygd, men fint er det likevel!
     
    Last edited: 21. april 2019
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Overnatting: City Tempo, Melbourne
    2 700 kr for tre netter. Ingen frukost. Ålreit rom, litt lite. Luftkondisjoneringsanlegget som senka temperaturen frå +35 til +22 inne der bråka som ein illsint Massey Fergusson. Nokså sentralt, i alle fall plassert innanfor den slynga der ein har gratis trikk.

    20190122_194554.jpg
    20190122_194612.jpg
     
    Kalsnes, drsyk, paron and 9 others like this.
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Ein tur på cella
    Dagen starta med ein solid frukost før vi tassa bort til det gamle byfengselet i Melbourne, Old Melbourne Gaol. Her kan du gå rundt på eiga hand, men eg vil tilrå å bli med på ei omvising. Guiden vår, Peter, var ein eldre kar som hadde glimt i auga og visste det meste som var å vite om fengselet. Det vart 40 lærerike minutt.

    20190123_105626.jpg

    20190123_112042.jpg
    Old Melbourne Gaol, celleområdet og avrettingsrelatert utstyr

    Det finst éin nordmann som vart sendt til Australia som straffange. Det var bergensaren Knut Geelmuyden Bull, bror av fiolinspelaren Ole Bull. På 1830-talet budde Knut Bull i London der han forfalska norske pengesetlar. Til slutt vart han tatt for svindel og vart dømd til 14 års forvising til Australia:
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Melbourne museum – drepande keisamt?
    Vêrmessig starta dagen med eit gråskydekke over Melbourne, men etter at vi kom ut av fengselet, titta jammen meg sola fram og plutseleg var det sol frå skyfri himmel. Vi tassa vidare på vår ferd og såg mykje fint på vår veg:
    20190123_114300.jpg

    Etter ikkje altfor lenge kom vi til Melbourne museum, Bunjilaka. Det fine med denne staden er at dei faste utstillingane er gratis og her kan ein bruke litt tid. Her vil eg tilrå den nokså omfattande utstillinga som er via aboriginane, «First Peoples».

    Utstillinga «First Peoples» er bygd opp og set saman på utsøkt vis og er, etter mi ringe forståing, eit utmerka utgangspunkt for å lære meir om nokre av dei mange folkeslaga som budde i det landet som i dag heiter Australia. Av dei musea vi var innom, vil eg påstå at Melbourne museum var den einaste plassen der ein verkeleg prøvde å presentere den aboriginske historia på eit skikkeleg vis. Tenk at eg måtte hit for å få vite at det fanst over 200 ulike språkgrupper (språkgrupper!!) på kontinentet før den kvite mann kom.

    20190123_123417.jpg
    Melbourne museum, «First Peoples»
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    På ferie skal ein kose seg og ikkje tenkje på alt som er tungt og trist, men eg fann det verdt å lese meg litt opp på dagens situasjon til mange av aboriginane og ein kan få tårer i augo av langt mindre. No følgjer ein liten bolk som pirkar litt øvst i overflata av problematikken:
    Her kunne eg ha nemnd The stolen generation, politikken som vart førd mellom 1900 og 1970 der aboriginungar vart tatt med makt frå foreldra sine for å få ei «kvit» oppseding. Desse mista alle band til eigen familie og kultur.

    Vidare kunne eg ha nemnd at australske styresmakter i dag er så redde for å bli skulda for å gjenta dette overgrepet mot urbefolkninga, at tilfelle der det norske barnevernet ville ha rykka inn, no ikkje fører til at styresmaktene grip inn der dei kanskje burde. Kan hende vil dette føre til at den australske stat seinare vil bli saksøkt for å ikkje ha gitt hjelp.

    Det er diverre vanskeleg å ikkje vere einig i denne konklusjonen:
    20190123_185348.jpg
    Nydelege Melbourne by
     
    Last edited: 21. april 2019

Del denne siden