Reisebrev: Frå Finnmark til Trøndelag i slutten av april

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 28. april 2017.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Stadig vekk er det folk her inne som skriv om Lufthansa F, eksotiske stader på andre kontinent og høg champagneføring. Vil du ha meir av dét, gå heim og vogg eller finn deg ein annan tråd :)

    Dette er eit lite glimt frå ei reise med WF972 og SK4573 fredag 28/4, frå VDS via TOS til TRD.

    20170428_081834.jpg
    Litt uklårt fokus, men knyttnevetesten er godkjent, her frå bakerste rad

    WF972 er ei rundrute med oppstart frå Tromsø kl. 0600, derifrå vidare til Alta, Kirkenes, Vadsø før retur til Tromsø. Det er sjølvsagt ein Dash-8 100 (39 sete) som blir brukt til denne ruta.

    Arbeidsgjevar posisjonerte meg slik at det var naturleg å møte opp i Vadsø der planlagt avgang var satt til 08:38. Estimert flytid til Tromsø var i dag på éin time, ruteplanen seier ein time og tolv minutt. Fullt fly frå Vadsø, eller nesten: Berre fire ledige sitjeunderlag :)

    Etter å ha levert bagasjen var det full stopp i tryggleikskontrollen. Dei må vere to der for å sleppe gjennom folk, men han eine av dei to var på eit lite oppdrag ute på stripa. Eg spurde om sperrebandet kom til å bli klipt på høgtideleg vis og WF-karen meinte at Avinor burde stille med champagne og fanfare. Vekteren mumla noko omnat det kunne skape trøbbel for han. Kort sagt: Den korte ventetida vart veldig kort med mykje skitprat :D

    20170428_082459.jpg
    Vinterleg rundt Varangerfjorden

    Fortsettelse følger :)
     
  2. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    WF972 har ifølgje ruteplanen avgang frå Kirkenes kl. 08:07, men allereie 08:09 klaska flyet i bakken på nordsida av Varangerfjorden, på Kiby internasjonale lufthamn. Ikkje lenge etter fekk vi komme om bord og allereie kl. 08:20 var vi klare for avgang, nesten tjue minutt før ruteplanen.

    20170428_083529.jpg

    Hos Widerøe er vi alle fjellaper, ingen er betre enn nokon. Mine følgesvenner på denne turen var Wasa (nei, ikkje Gustav Wasa), læms (det står lefse på pakken, men det uttalast 'læms', i alle fall i Trøndelag) og Jules Vernes 'Kaptein Hatteras'.

    I tillegg var utsikten slett ikkje vond, her eksemplifisert med Tanadalen, på høgre elvebreidd er Noreg, på venstre elvebreidd er Finland. Skilnadane er jo som alle ser til å ta og føla på!

    20170428_084239.jpg

    Her må eg bringe til torgs ei innrømming: Eg elskar å fly med Widerøes Dash-8 100-maskiner. Det kjem av to ting:
    - a) lyden av bagasjen som flytter seg i hattehylla når flyet aksellerer på ein kort rullebane - det er berre heilt nydeleg (ja, det er kanskje irrasjonelt, men like fullt kjem det alltid ein bitteliten tåre i augekroken når 39-setaren tek av)
    - b) det mini-samfunnet om bord der kabinpersonalet har god tid, det oppstår lett småprat over fleire rader

    I tillegg er det umogleg å ikkje like eit selskap som flyg av garde lenge før rutetid - fordi alle er på plass og luftrommet er ikkje akkurat fullstappa :D

    Heile vegen koste eg meg der på bakerste rad med bok og utsikt :)

    20170428_091237.jpg

    Lyngsalpane skuffar aldri!

    20170428_091613.jpg

    WF972 dundra i asfalten på Langnes kl. 09:25, nesten ein halvtime før rutetid. Det gav meg meir tid i bollebua :D

    20170428_093016.jpg

    Mitt favorittfjell og favorittfly(selskap) i ein av Noregs beste byar. Berre Trondheim kan konkurrere. Fakta faen. Ferdig snakka. :D :D

    Fortsettelse følger. :)
     
    Last edited: 28. april 2017
  3. RoadKing

    RoadKing Helt hekta

    Innlegg:
    15,690
    Likes mottatt:
    32,597
    Bonuspoeng:
    293
    Konge @Kristian , ser fram til fortsettelsen :)
     
    Kristian liker dette
  4. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Herlig @Kristian - nydelige bilder.
    Du har jo helt rett, bortsett fra at det er jo ingen konkurranse - Trondheim er og blir BEST !! :D:D:D
     
    John in The Tower and Kristian like this.
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Bollebua på Langnes er diverre lokalisert (glass)vegg i vegg med leikerommet. Det gjer at støynivået av og til er litt høgt, men i dag varte det berre ei kort stund. Heldigvis var det både graut og bakverk i loungen :)

    20170428_093930.jpg

    Graut!

    20170428_110422.jpg

    Utvalet på Langnes i dag.

    Ei grei stund brukt til å skriva føregåande to innlegg :)

    Fortsettelse følger :)
     
    pgaa, RoadKing, Petter B-C and 6 others like this.
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Bolle? Nei, ikkje tenk dansk!

    20170428_110529.jpg

    Ingen kanelsnurrer i dag, men bolle er fint, både på norsk og dansk. :rolleyes:

    SK4573 gjekk i rute frå Langnes kl. 11:40. Om bord var vi 91 passasjerar. Som alle burde vite (heilt utan belærande tone) har SAS alltid ei mellomlanding i Bodø på ruta mellom Tromsø og Trondheim, med unnatak av i sommarferien, då har SAS eit par direkteruter.

    Norwegian prøvde seg på same ruta, TRD-BOO-TOS, i starten var det daglege avgangar, seinare vart BOO skippa og no er det berre fredagar og måndagar dei flyg TOS-TRD.

    20170428_112414.jpg

    Sidan eg bestilte turen medan det enno var mørketid og det dalte snøfiller digre som kjerringer på eit tidspunkt der Siri (M. Kalvig) spådde berre forverringer, hamna eg ved midtgang, ikkje ved vindauget. Snakk om tabbe! Av det eg såg, var det skyfritt heile vegen frå Langnes til Værnes :cool:

    Vel om bord bad eg om polarrull, lefse og den sagnomsuste eplejuicen som kom med vårmenyen. Sannheitsgehalten i juicesagna er kanskje tvilsom for dette er serveringa dei kunne by på:

    20170428_120314.jpg

    Kabinpersonellet var hyggjelege og stemninga var god. Ein liten tåre pressa seg fram då ein kar i ein alder av sju-åtte år fekk bli med inn i cockpit og prate med pilotane. Gliset på pjokken var breidt! :)

    Sjølv om flyvertinnene nærmast har vorte redusert til servitriser og flygarane knapt er noko meir enn bussjåførar, er det noko spesielt med det å fly. Vi her inne er kanskje eit døme på det: Vi samlar bonuspoeng, m.a. ved å fly mykje, for å kunne fly meir. Det har framleis eit snev av magi ved seg og det er godt å sjå at det er rom for at dei yngste kan få ta del i livet heilt framst i flyet, framom 'kjøkenet' :) No skal eg vera ærleg å seie at eg glatt hadde skubba bort den gutvotten dersom eg hadde fått komme inn i cockpit, altså :p:D

    Frå Bodø til Trondheim var det fullt, stinn brakke, sild i tønne: Det var ein gubbe på klappsete i cockpit og ein kar på klappsete ved pursher. Ikkje eitt ledig midtsete å oppdrive :eek:o_O

    Alt i alt ein fin dag i lufta! :)

    20170428_135151.jpg

    Trøndelag, here I am! :D

    Takk for følgjet :)
     
    Misterix, Edin, pgaa and 14 others like this.
  7. thecoldfish

    thecoldfish Senior Medlem

    Innlegg:
    532
    Likes mottatt:
    495
    Bonuspoeng:
    63
    Nydelig rapport! Fikk en gang kjeft i Hammerfest for å møte opp så sent som en halvtime før avgang med handbagasje. Flyet lå godt foran ruta og hadde ingen intensjoner om å gå på oppsatt rutetid. Widerøe <3
     
  8. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,759
    Likes mottatt:
    21,958
    Bonuspoeng:
    293
    Godt skrevet! Fint å få et avbrekk fra hverdagen ;)
     
    Kristian liker dette
  9. funkenstein

    funkenstein Senior Medlem

    Innlegg:
    1,015
    Likes mottatt:
    6,514
    Bonuspoeng:
    183
    11 minutters turnaround? Det kan all verdens LCC'er ta lærdom av...

    Flott rapport!
     
    SAJblue and Kristian like this.
  10. KatManDu

    KatManDu Senior Medlem

    Innlegg:
    574
    Likes mottatt:
    746
    Bonuspoeng:
    93
    #denfølelsen når WF sirkler over Hammerfest i tett snøvær, snøklumpene fra propellene slår mot skroget og man aner det verste i forhold til buss fra Lakselv eller Alta. Og plutselig begynner hjulet som du knapt nok kan se å gå rundt: du er nede.

    Koselig lesing :)
     
    Petter B-C and Kristian like this.
  11. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,909
    Likes mottatt:
    12,913
    Bonuspoeng:
    183
    Takk, Kristian. Dette var Norges - og WF-reklame på sitt beste. :)
    I gamle dager var det Twin Otteren som gjaldt. Jeg glemmer ikke gliset på guttungen (min sønn, ikke meg denne gang) på den korte turen fra KKN til VDS. Like moro som Tivolis berg og dalbane.
     
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Takkar og bukkar!

    Takk skal du ha! Hyggjeleg å kunne bidra med noko utanfor den vante løypa :)

    Ja, når det berre er påstigande, eg trur vi var knappe ti, så går det kjapt :)

    Han som ikkje vil ned, SKAL ned o_O Dei har vore ute ein vinterstorm eller sju, både flya og pilotane :)
     
    KatManDu liker dette
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Du har heilt rett. Eg må ha vore høg på turboproprus! o_O:D
     
    LN-FHU liker dette
  14. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,508
    Likes mottatt:
    5,541
    Bonuspoeng:
    183
    Dette er helt suverent :)
     
    Kristian liker dette
  15. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk :) Sjølv med Dash 100 er det tidvis litt humpete over Varangerfjorden :)

    Takk skal du ha :)
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Byen som har ei utmerka elv til å spytte i:

    Screenshot_20170428-163117.png
     
    RoadKing, LN-FHU and MadsVaHa like this.
  17. LN-FHU

    LN-FHU Freaked out member InsideFlyer Ambassadør

    Innlegg:
    3,910
    Likes mottatt:
    10,274
    Bonuspoeng:
    183
    Klarer du å spytte fra Marienborg til elva er du god. Du får harke opp ei dugelig ei.....:p:p:D
     
    RoadKing and Kristian like this.
  18. LineE

    LineE Medlem

    Innlegg:
    78
    Likes mottatt:
    117
    Bonuspoeng:
    33
    Herlig rapport! Deilig med en skikkelig WF-rapport! :D
     
    Kristian liker dette
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,327
    Likes mottatt:
    35,302
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk :) Hehe, det trur eg på :D

    Biletet er jo tatt oppe ved Bygrensen, frå Graakallbanen i fart, men salige Otto Nielsen sa ikkje kor det var best å stå for munnslimavlevering ut i elva, ref. 'Litjvisa mi' :)

    Tusen takk, fekk med litt SAS òg, men mykje WF, ja :)
     
  20. Earl

    Earl Veteran

    Innlegg:
    2,362
    Likes mottatt:
    7,559
    Bonuspoeng:
    183
    Takk for en fin tur. Widerøe og SAS leverer bra i strålende flyvær så dette er som mange har sagt Widerøe og Nord-Norge på sine bedre sider... blir ikke mindre sjalu av bilder av sol og blå himmel når jeg ser ut av vinduet på regn, vind og gråvær her sørpå :p
     
    Kristian and Beate like this.

Del denne siden