Eg har EVA-tøflane på og flyet er snart ute på riktig asfaltstripe for å venda nasen mot Hesthrow. Ute er det varmt og fuktig, men her inne i C-kabinen er det fin temperatur. Bangkok, deg må eg besøkja, men det får bli ein annan gong!
Vel oppe i lufta kom matrettane på løpande band. Først kom ein apfertif som smakte nydeleg: Deretter vart eg servert ein forrett med laks som var veldig god — med kvitlauksbrød attåt:
Deretter kom det suppe, ho var kjempegod, men eg har gløymt kva det var: Etter suppa var det på tide med ein kvilerett, så ein lett salat kom på bordet:
På Internett hadde eg bestilt and (berre mogleg å få servert om du bestiller frå Internett-menyen hos EVA) som smakte godt: Då hovudretten var sett til livs, kunne eg få eit ostefat og eit fruktfat. Eg gjekk for ostane som var gode, men desse har eg gløymt å fotografera. Til slutt kom det tilbod om iskrem:
Før middagen fekk eg utdelt ein pysjamas, så no har eg to! I tillegg fekk eg ei toalettmappe. Designmessig har jo litt annleis enn den førre eg fekk, men veldig fin og ålreit innhald:
På denne flyginga fekk eg ikkje sova så mykje, men det var i og for seg ei slags dagflyging som skulle landa på LHR kl. 1845, så det var greitt å sjå eit par filmar og elles lesa litt. To og ein halv time før landing var det ny servering. Måltidet var for meg ei blanding av frukost og middag. Frukostdelen var med mangoyoghurt og ein slags graut og laksepaté. Veldig godt: Middagsdelen var ein slags type raviolipasta, diverre var denne litt for heftig varmebehandla og difor litt tørr: Innflyging over London:
Etter ei natt på Hatton Cross ved Heathrow gjekk turen heim med SAS via Kastrup til Gardermoen. Det var ikkje noko spesielt å rapportera frå desse to flygingane der eg sat i sete 1C utover at SAS landa før rutetid for begge flygingane. Flytitting frå lyskrysset ved Hatton Cross Solskin over Hyde Park, London Med dette avsluttar eg reisebrevet og seier tusen takk for alle kommentarar og oppoverretta tommeltottar servert undervegs
Nokre oppsummerande tankar om Taiwan Dette er eit forsøk på å samla nokre tankar og kanskje formidla eit og anna tips for neste reisande til Taiwan. Noko av dette er sjølvsagt subjektivt. Betalingar med EasyCard Det er mogleg å bruka både kontantar og vanlege betalingskort i Taiwan, men det mest praktiske er å bruka EasyCard. Dette er eit type kontantkort som du kan bruka til både kollektivtransport, på kioskar og mange andre plassar. På dei fleste metrostasjonar og togstasjonar finst det automatar der du kan fylla på pengar på dette kortet. Eg brukte berre kontantar for å fylla på Easycard, men det er nok mogleg å fylla på med betalingskort, òg. Merk at det finst andre slike kontantkort òg, som til dømes Snoopycard m.fl. Så vidt eg har forstått er det Easycard som er mest akseptert. Framleis mykje kontantbetaling Her i Noreg er det ikkje mange stader som ikkje tar i mot betalingskort eller Vipps. I Taiwan er det likevel nokre plassar som krev kontantbetaling – i første rekke nattmarknadene, parkeringsautomatar, bagasjeskap (her er Easycard av og til mogleg) og eit og anna museum. Kommunikasjon med folk – språkbarrieren På Taiwan er det språket mandarin som gjeld. Det er godt mogleg at taiwanarane kan andre språk enn mandarin, men det er mest sannsynleg eit av dei andre austasiatiske språka, vil eg tru. Engelsknivået er for nokre slik at dei kan forstå enkle ord og sjølv seia "Hei", omtrent. Vi løyste kommunikasjonen med å snakka veldig dårleg engelsk og bruka fingerspråk etter beste evne. Det er utruleg kor langt du kjem med eit smil, godt humør og litt tålmod. Somme brukte ein mobilapplikasjon der dei snakka inn på mandarin og fekk ut engelsk tekst og tale. Det var kjempeeffektivt då vi leigde sykkel ved Sol-måne-sjøen, til dømes. Unnataksvis møtte vi på folk som kunne engelsk nok til å vera i stand til å føra ein samtale, men desse var mange nok til å gi eit inntrykk av at taiwanarar er trivelege folk. Det er veldig tydeleg at ein er europear i Taiwan. Tidvis var vi dei einaste utlendingane så langt eg kunne sjå. Det er tydeleg at dei lokale forstod at vi ikkje kunne eit kvekk mandarin, men likevel snakka mange til oss på mandarin. Og når vi gav uttrykk for at vi ikkje skjønte, så vart 'samtalen' gjerne ført vidare på mandarin inntil seansen vart avslutta med nokre smil frå begge hald og eit par unnskuldande skuldertrekk. Transport lokalt og nasjonalt Vi har brukt ei rekke typar transportmiddel i Taiwan. Her kjem ei oppsummering. Felles for alle transportsmiddel (med unnatak av drosje) er det felles at Google fungerer ganske så godt for å finna rutetider og sanntidsstatus. Kortversjonen er at det er enkelt å koma seg rundt, trass i språkbarrieren. Skinnegåande transport Det er fleire typar skinnegåande transport i Taiwan: – MRT er ein slags mellomting mellom t-bane og lokaltog. Eg har vald å skriva "metro" i dette reisebrevet. – TRA er brukt både om lokaltog og langdistansetog. Eg har vald å skriva "tog" i dette reisebrevet. – HSR er brukt om høgfartstog. Eg har vald å skriva "lyntog" i dette reisebrevet. Metroen (MRT) til og frå Taipei internasjonale lufthamn (TPE= køyrer frå cirka 0600 til 2300 alle dagar. Dette er effektivt og etter mitt syn den enklaste måten å koma seg til og frå TPE på. Og ikkje minst billig: 50 kroner. I Taipei er metroen ein grei måte å koma seg rundt mellom bydelane og kostar rundt 7 kr per tur. Lyntoga (HSR) er ganske bra for å reisa større avstandar. Det er per no berre lyntog mellom dei større byane på vestkysten av Taiwan. Ulempen med lyntoga er at stasjonane deira ligg litt utanfor bysentra, så det kan vera like tidseffektivt å ta ekspressvariantane av vanlege tog (TRA) som ikkje stoppar på alle mjølkerampane. Lyntoga går veldig mykje oftare enn dei vanlege toga som ikkje stoppar overalt, opptil fem–seks gongar i timen. Merk at somme lyntog har fleire stopp enn andre – desse brukar ofte ein del meir tid. Du kan bestilla reserverte sitjeplassar på lyntoga eller satsa på ledig plass i ureservert vogn. Reserverte plassar verkar å kosta litt meir, men ikkje mange tikronene. Vi prøvde begge delar og hadde ikkje noko trøbbel med å finna sitjeplass sjølv når vi ikkje har reservert sitjeplass. I Kaohsiung prøvde vi trikken. Denne tok veldig lang tid og vi burde ha hoppa over på metroen då vi hadde sjansen, men så langt tenkte vi ikkje. Så ein tur som kanskje ville tatt 20 minutt tok nærmare 45 minutt. Annan type kollektivtransport Det er ikkje berre metro og tog som er gode alternativ i Taiwan. Buss fungerer òg, men pass på at du stiller deg på riktig side av vegen slik at du reiser riktig veg (her gjekk vi på ein smell fleire gongar). I Tainan, den nest største byen, opplevde vi at bussane brukte veldig lang tid, omtrent dobbelt så lang tid som det ville tatt med drosje og/eller bil. Bussane følgjer dei vanlege køyrevegane og er difor sårbare for rushtid og hendingar i bil- og skutertrafikken. Vi prøvde oss òg på drosjebil. Dette var veldig enkelt. Alle dei drosjene vi køyrte opererte med taksameter og vi betalte ikkje meir enn det taksameteret viste. Vi viste fram reisemålet på Google med kinesiske skriftteikn i tillegg til latinsk tekst og vi kom akkurat dit vi ville. Det var ei veldig smertefri oppleving. Bilkøyring Vi hadde leigebil frå Avis for å køyra til område som var dårleg dekt av kollektivtrafikk. Det som overraska meg mest var kor sivilisert taiwanarane oppfører seg i trafikken. Det var som å køyra i Vest-Europa, eigentleg. Det blir vist omsyn, folk verkar å vera høflege og reglar blir følgd. Ikkje er farta særleg vettlaus heller. Det skal seiast at vi berre dreiv med landevegskøyring, så korleis det er å køyra i byane, det veit eg ikkje, men det er lett å ta feil i dei gigantiske trafikkmaskinene som finst somme stader. Mat – det meste er godt Det skal seiast at eg hadde venta eit litt særare mattilbod enn det som møtte meg. Det var ingen larvar eller andre insekt å sjå nokon stad, i alle fall ikkje som vart servert som mat. I staden var det mykje grillmat både av lam og svin samt av diverse typar sjødyr (fisk, blekksprut m.m.). No er det av og til litt vanskeleg å forstå kva det er ein skal få servert med mindre det er gode bilete av matrettane fordi det er svært sjeldan menyar på engelsk og vertskapet kan neppe nok engelsk til å forklåra så mykje. I alle fall opplevde vi det sånn. Ikkje for det, vi vart møtt av god mat og gode opplevingar overalt og vi fekk ikkje "turistmage" sjølv om vi nærmast ukritisk fråtsa vilt og hemningslaust på diverse gatemarknader. Innreise til Taiwan Som nordmann er det visumfri innreise til Taiwan. Vi skal per februar 2024 kryssa av "visa excempt" på innreisekortet som ein får utdelt på flyet. Så innreisa er svært problemfri og eg fekk stempel i passet. Forumtrådar til hjelp og inspirasjon Desse trådane på forumet har vore til hjelp og inspirasjon: – https://insideflyer.no/forums/threads/taiwan-tråden.619/ – https://insideflyer.no/forums/threads/taiwan-en-reiseguide.7399/ Sol-måne-sjøen, Taiwan
Å, det var då så lite. Dette er jo berre ei lita samling bokstavar i meir eller mindre tilfeldig rekkefølgje