Reisebrev: Midtlivskriseegotur til Slovenia

Tråd i 'Reisebrev' startet av Kristian, 25. mai 2024.

  1. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Omtrent på den delen av vinteren der kvit snø vart avløyst av holke og is, byrja folk i omgangskrinsen å hinta om at eg visstnok har runddag i år. Midtlivskrisekjensla vart så sterk at det sporenstreks vart fyrt av nokre kroner på ein flybillett.

    Dette blir faktisk midt livs første aleinereise, så her kan ting oppstå! Velkomen med på (bær?)tur, kjære medforumist!

    20240525_054912.jpg
    Gardermoen tidleg ein laurdag morgon
     
    Last edited: 25. mai 2024
    kjeeli, NKA_Pls, EgilSk and 21 others like this.
  2. holmen

    holmen "Ung" og "lovende"

    Innlegg:
    17,102
    Likes mottatt:
    58,804
    Bonuspoeng:
    293
    God tur! :)
     
    Kristian liker dette
  3. Eddie47

    Eddie47 1D

    Innlegg:
    14,384
    Likes mottatt:
    870,687
    Bonuspoeng:
    293
    Egotrip er sterkt undervurdert!
    Som jeg pleier å si til den oppvoksende generasjon: "Oppfør deg ordentilg!"
     
  4. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Frå Noreg til Slovenia — det gjekk nesten galt!
    For å få mest ut av opphaldet i Slovenia, og i Ljubljana spesielt, valde eg fakirflyet med Swiss 0625 frå Gardermoen. Med tanke på at eg sov litt over fire timar i natt, så kan det vel diskuterast kor mykje eg får ut av dagen, men la oss ikkje bli forvirra av fakta. Dessutan, sova kan ein gjera seks fot under. Og dit er eg vel berre halvvegs (statistisk sett)!

    Det vart surra bort litt tid før avreise heimafrå, så eg var litt seint ute til innsjekken på Gardermoen. Eg heiv litt etter pusten då eg sa unnskuld for at eg var seint ute, men dama i businesskranken smilte roleg og sa eg hadde god tid. Bagasje avlevert og alt godt!

    Deretter løp eg ut for å parkera bilen på P6, småjogga tilbake til terminalbygget og var gjennom sikkerheitskontrollen då det frå D4 vart annonsert 'Ombordstiging'. Marginane var altså ikkje all verda...!

    20240525_060528.jpg
    Ein sveitsisk fugl på Gardermoen tidleg ein laurdag morgon
     
    Last edited: 25. mai 2024
  5. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Dette reisebrevet skal mest handla om opplevingane i Slovenia, men reisa dit er jo ein del av det heile. Dessutan var dette første gongen eg hadde frukostfly med Swiss.

    Screenshot_20240525_061108_Flightradar24.jpg
    Dagens fly — ein ungfole (gjer Swiss narr av gamle meg som er på midtlivskriseegotur???)

    20240525_061539.jpg
    Vatn og våtserviett venta i sete 2F. Sjølvsagt var nabosetet blokkert, så her var det livsrom
     
    Last edited: 25. mai 2024
  6. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Etter å ha kome opp i marsjhøgde gjekk kabinsjef nokre rader bakover og monterte gardina slik at riff-raffet ikkje skulle tilsvina oss i C-klasse med diverse baseluskar og sjukdomar. Tyfus, pest og kolera herjar sikkert vilt blant massane, så det er viktig med eit skilje...

    Frukosten som Swiss serverte i dag var veldig ålreit. Ein varm eggerørerett, eit assortert utval av lunt temperert brød, tilgang til smør og så mykje syltetøy du kunne drøyma om (SAS, do you hear me?), samt kjøtpålegg. Dette var eit ålreit måltid!

    20240525_065823.jpg
    Fjøla som låg i frukostboksen synst eg var fin, men eg tok henne ikkje med meg
     
    kjeeli, sheim, watchaddicted and 19 others like this.
  7. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Eit lite sidespor: I løpet av turen las eg Bakengas fredagsspalte i Adresseavisen og eg fekk tårer i augo. Nei, det var nok ikkje pollen denne gongen. Kvifor er folk så ufatteleg ufyselege mot kvarandre? Kan vi ikkje prøva å vera snille? Her er eit utdrag av kronikken:
    20240525_073035.jpg
     
  8. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Flyturen gjekk elles greitt og no har eg falt til ro i Swiss senator lounge der eg fann ei stilleavdeling og ein ganske ålreit liggestol, så eg trur eg blir her ei lita stund framover.

    20240525_091746.jpg
    Forhåpentlegvis sovnar eg ikkje frå neste flyavgang....
     
  9. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Eg trivst nok godt i eige selskap, men det å dela opplevingar med andre som er der i lag med deg er fint. Vi får sjå korleis dette går og om det blir første og siste gong... Og eg skal prøva å oppføra meg, ingen sinte frauleins så langt :rolleyes::)
     
    Last edited: 25. mai 2024
  10. MadsVaHa

    MadsVaHa Veteran

    Innlegg:
    2,509
    Likes mottatt:
    5,551
    Bonuspoeng:
    183
    Var så heldig å få gå på skole og spille fotball med Mushaga i barndommen. En fantastisk fin gutt som tross sitt enorme talent tok vare på og inkluderte alle rundt seg. Kan ikke folk bare være snille og respektere hverandre.

    Reisebrev er alltid en fryd fra deg :)
     
  11. Upsaker

    Upsaker Fastboende

    Innlegg:
    7,823
    Likes mottatt:
    22,176
    Bonuspoeng:
    293
    God tur!
     
    Kristian liker dette
  12. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Ja, det er det inntrykket eg har fått via media. Utruleg fint og rørande med slike folk :)
     
    snus_mumrikken and MadsVaHa like this.
  13. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Tusen takk! :)
     
  14. Berlioz

    Berlioz Gammel? Jeg??

    Innlegg:
    1,974
    Likes mottatt:
    13,443
    Bonuspoeng:
    183
    God tur og takk for skriverier fra eks-forloveden og meg!

    Husk at statistikk ofte bare er forkledd løgn, så ikke vær bekymret over hvor langt du er kommet i livsløpet.
     
    Sunnfjordingen, Eddie47 and Kristian like this.
  15. globetraakkers

    globetraakkers Reiseavhengig

    Innlegg:
    31
    Likes mottatt:
    67
    Bonuspoeng:
    18
    God tur! Ble overtalt til å spise čevapčiči med ajvar på en veikro i Slovenia! Det var nydelig
     
  16. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Det er latviske Air Baltic som flyg frå Zürich til Ljubljana på vegner av Swiss. Enn så lenge går ikkje det superbra. Etter å ha lasta folk, fe og bagasje, samt lukka dørene, vart brua kopla på flyet igjen. Like etterpå omtalte kapteinen eit teknisk problem som trong tilsyn. Deretter vart alle gitt marsjordre ut av flyet, men handbagasjen skulle vi la liggja igjen...

    20240525_115416.jpg
    Air Baltic på Zürich flyplass

    Screenshot_20240525_120456_Flightradar24.jpg
    Harde fakta om dagens andre (og siste??) fugl
     
  17. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Oppdatering: Brannvesenet undersøkjer no om det er trygt å gå tilbake for å henta tingene våre. Inntil vidare må vi venta. Det einaste som er sikkert er at flyet ikkje kjem til å ta av. Om dei greier å hosta opp eit nytt fly til oss, det er heilt i det blå...
     
  18. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Air Baltic sitt fly vart definert som ubrukeleg og ny avgangstid vart 1510 (1220 var planlagt avreisetid). Sveitsarane greidde å spa opp eit av sine eigne fly og no er eg på plass i sete 2A.

    Ventetida vart brukt til å prata med ei reiseglad vietnameserinne busett i Florida som skulle bruka to veker i Slovenia og Kroatia. Amerikanarar er gjerne pratsame og trivelege, men dei som er mykje på reise verkar endå trivelegare.

    20240525_145409.jpg
    Det nye flyet som skal fly til Ljubljana

    Screenshot_20240525_150017_Flightradar24.jpg
    Nokre harde fakta om dagens siste(???) fly
     
  19. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Sånn, då er dørene lukka og låst, brua har trekt seg unna flyet, og siste rest av bagasjen er snart lasta. Det gjenstår litt papirarbeid, men kapteinen meinte vi skulle vera på veg mot Ljubljana rundt 1530—1535.

    Kapteinen gjorde annonseringa si ståande godt synleg i midtgangen ved rad 1. Det var triveleg, synst eg.

    Utanfor står eit fly dekorert i fargane til ein flyallianse vi snart må vinka adjø til, i alle fall mange av oss:
    Screenshot_20240525_152346_Gallery.jpg

    Kabinsjef køyrer òg si annonsering frå midtgangen ved rad 1. Det er betre enn alle dei som snakkar til deg gøymt bak ei gardin eller tilsvarande. Det er litt hyggjeleg å sjå dei som snakkar til deg.
     
  20. Kristian

    Kristian 'Bittelitt' bonussamledilla

    Innlegg:
    6,457
    Likes mottatt:
    36,560
    Bonuspoeng:
    293
    Det går ikkje så ofte buss frå Ljubljana flyplass, men eg er på ferie og har tid til å venta. Det ser ut til at det i alle fall går buss éin gong i timen, av og til oftare, men ikkje på laurdag ettermiddag, så vidt eg ser. Utsikten frå busshaldeplassen er ålreit:
    20240525_172501.jpg
     

Del denne siden