25/11-19: På telttur med Hamilton Kruger nasjonalpark dekkjer nesten 20 000 kvadratkilometer land og strekkjer seg 350 km frå nord til sør og 60 km frå aust til vest. Her finst det mange plassar der ein kan delta på safari. Her kjem litt om den varianten som vi valde. I samband med vår tur til Sør-Afrika var det to ting som var med på å forma reisa vår: 1) Tilgangen til bonusbillettar for å få brukt ein CT-billett (2-for-1-reise). 2) Ledig kapasitet for safari i Krugerparken Vi var ute i god tid og hadde safariopphaldet på plass rundt seks månader før avreise. Då hadde vi fleire gongar vore i kontakt med Tallinn som på den tida tok seg av Amex-tilbodet med CT. Nokre søk etter ein passande stad for safari i Sør-Afrika sendte oss fort i retning av Krugerparkens offisielle nettstad. Her er tilbodet stort. Mange av opplegga som blir tilbode på nettstaden ser ut til å vera «faste», men vi spurde om det var mogleg å få ein firedagarstur (vi såg berre tilbod om tre eller fem dagar) og det var eigentleg ikkje noko problem. Slik sett opplevde vi at tilbodet var endå meir fleksibelt enn det nettstaden skulle gi inntrykk av.
I Hemingways fotspor Til slutt fann vi ut at vi ønskte oss luksus. Vi valde oss Mluwati-reservatet, ein 10 000 hektar stor privateigd del av Krugerparken. Det skulle bli tre netter i Hamiltons teltleir. Endå meir om akkurat denne overnattingsplassen kan du lesa meir om her. For alle praktiske føremål gjekk vi for den safarivarianten som blir marknadsført som Hemingways reise, men vi fekk då fire dagar i staden for tre dagar. Gratis er det ikkje, prisen kom på rundt tredve laken per snute. Om det var verdt det? Ja! Og dei lakena inkluderte alt av mat og drikke, seks rundar med guida safari og meir til.
Eit knippe bilete frå Hamiltons teltleir Vidare skal du få sjå nokre av bileta frå denne «teltleiren». Vi budde i eit solid telt, men det er neppe løvesikkert Varm velkomst Eit flott område for inntak av mat ved eit (tørt) elveleie
Hos Hamilton dyrkar dei kolonistilen Innsjekking skjer ved dette skrivebordet Rom for avslapping Det var litt surrealistisk å koma inn i resepsjonsområdet i Hamilton teltleir. Det gjekk fort opp for oss at det ikkje var snakk om eit kneppetelt… For all del, triveleg og fin stemning, men omgjevnadene stod i sterk kontrast til det ein simpel trondheimsgut er vand med.
I Hamilton teltleir er det seks telt. For alle praktiske føremål er det tomannstelt, men det er nok plass til at ein ikkje går oppå kvarandre. Og for å vera heilt ærleg så er ein ikkje så forbaska mykje i det teltet. Ein kan slappa av ved bassenget og på terrassen. Mesteparten av tida går med på safari og eting. Eg synst dette var ei veldig ålreit innkvartering. Litt av interiøret i vårt «telt» Vaskeservant inne Dusj ute
Kvilestol på terrassen, perfekt for å studera innsida av augelokka Ei fin utsikt utover det inntørka elveleiet Desse froskane laga godt med lyd
Safarirytmen Dagane hos Hamilton er lagt opp etter ein timeplan som er ganske fast: - 0500: «Revelje» - 0515: Servering av kaffi, te eller juice, frukt og kaffibrød (småkaker) - 0530: Morgonsafari – køyretur ut i soloppgangen o 0800: Servering av forfriskingar ute i felt - 0930: Frukostservering i teltleiren - 1100: Fritid, bassengtid, snorketid, lesetid - 1300: Lønsjservering i teltleiren - 1430: Fritid, bassengtid, snorketid, lesetid - 1530: Servering av kaffi, te eller juice, frukt og kaffibrød (småkaker) - 1600: Ettermiddagssafari – køyretur ut i solnedgangen o 1800: Servering av forfriskingar ute i felt - 1930: Middagsservering i teltleiren - 2200: «Rosignal» Føremiddagspausen før og etter lønsj opplevde eg som litt «unødvendig». Eg hadde gjerne vore ute i felt heile dagen frå tidleg morgon til sein kveld. Eg forstår jo at guidane treng kvile og så vidare, men dei var utruleg flinke og eg var svolten på meir, for å seia det slik. Rett nok vart ålreit å finna fram ei god bok og studera innsida av augelokka, òg. Hamilton tilbyr vandring til fots i Mluwati-reservatet. Dette kunne ha vore med på å gjera føremiddagane litt meir innhaldsrike. Safari til fots var både reisefølgjet og eg interesserte i, men då vi gjesta Krugerparken var det så mange krypskyttarar der at det ikkje var rekna som trygt å vera gåande der.
Ja, dette la eg merke til, men eg rakk aldri å bli så rutinert at eg frå dag til dag greidde å kjenna att individ som eg kanskje hadde sett dagen før (eller tidlegare same dag). Eg mistenkjer at guiden var i stand til det, men det vart aldri sagt rett ut...
Vel verdt ein tur! Gløtt gjerne på dei fire hyperlenkene som eg har lagt inn i dei to første postane om safariplassen vår (post #61 og post #62), så kanskje herren finn noko som fell i smak
Dette gjensynet gjorde virkelig at jeg fikk reisefeber. Savner livet på safari Det må bare sies med en gang, "teltur" i Krügerparken var en utrolig opplevelse. Flott plassering, utrolig hyggelig betjening og helt utrolige dyktige guider. Fortsatt utrolig imponert over alt av dyr de klarte å spore! Som @Kristian sier så var dette virkelig alt inkludert. Eneste unntak var ifølge bookingen hvis man ønsket seg "eksklusive spritmerker". Fant aldri ut hva det var som var så eksklusivt at det ikke var med i prisen, for alt jeg kom på at jeg ville ha det fikk jeg
Ja, og en ting er hva de greide å vise oss i fullt dagslys, men at guiden vår ved flere tilfeller kunne vise oss en type insekt som kamuflerer seg som et blad på et tre – ved hjelp av ei litt kraftig lommelykt i stummende mørke – se det var virkelig imponerende! Vi vanlig dødelige brukte et par minutter på å oppdage insektet mens bilen stod i ro og lysstråle direkte på, guiden oppdaget insektet i fart mens lysstrålen sveipa rundt bilen... Dette er bare ett eksempel, muligens kommer jeg tilbake til flere
Stemmer det, men for det meste var det jo gin & tonic det gikk i. Alle spilte veldig på myten, uten å la seg forvirre av fakta, om at akkurat gin & tonic holder malariaen på mer enn én armlengdes avstand! Ikke et hevet øyenbryn var å observere dersom man unnet seg en gin & tonic til frokost