Ja, Piter (russisk kortversjon av Sankt-Peterburg) er ein flott stad.
Etter å ha budd der eit års tid har eg følgjande tips:
Stader å sjå (ikkje i prioriert rekkjefølgje)
1) Aleksandr Nevskij-klosteret (Aleksandro-Nevskaja lavra)
- Ligg heilt i bortste ende av paradegata Nevskij prospekt, annleis og ganske fint
2) Nevskij prospekt (Neva-avenyen)
- Hovudgata gjenom det historiske sentrum av byen, eit must å vandra opp og ned fleire gongar (vanskeleg å unngå)
3) Smol'nyj-katedralen (Smol'nyj sobor)
- Ligg litt nordaust i det historiske sentrum (veldig fin frå utsida, men det ligg litt utafor allfarveg)
4) Rubensjtein-gata (ulitsa Rubensjtejna)
- Krysser Nevskij prospekt (fin arkitektur og eit par greie matplassar)
5) Området frå Fontanka-kanalen (Fontanka) til Neva-elva (Neva)
– a) Kazan'-katedralen (Kazanskij sobor), fin på utsida, diger inni
– b) Mikhajlov-slottet (Mikhajlovskij dvorets) med 'Russisk museum' (Russkij muzej) og statuen av Russlands største forfattar gjennom tidene, Aleksandr Sergejevitsj Pusjkin. Russarane seier at "Pusjkin er vårt alt", som en stilsikker poet og skapar av det moderne russiske litteraturspråket tidlig på 1800-talet
– c) Gostinyj dvor (litt kjipt "kjøpesenter, styr unna)
– d) Oppstandelseskyrkja (Spas na krovi (Kyrkja på blodet (til tsar Aleksandr II)), fantastisk eksteriør og interør)
– e) Vinterpalasset (Zimnij dvorets), eit must, ofte kø, spesielt på fridagar
– f) Isak-katedralen (Isaakievskij sobor), diger, flott og god utsikt frå tårnet
– g) Bronseryttaren (Mednyj vsadnik), statue inspirert av ein roman på vers skrive av Aleksandr Pusjkin (sjå punkt 5b)
6) Peter-Paul-festningen (Petro-Pavlovskaja krepost')
- Ligg på andre sida av Neva-elva vis-à-vis Vinterpalasset, lett synleg med den gullforgylte kuppelen og spiret på kyrkja der ute.
7) Vasilij-øya (Vasiljevskij ostrov)
– a) Kunstkamera (litt spesielt museum oppretta av tsar Peter I, mannen som grunnla St. Petersburg)
– b) Sjøfartsmuseet (Morskoj muzej) rett over brua frå Vinterpalasset
8) Krestov-øya (Krestovskij ostrov), rekreasjonsområde, tilgjengeleg med metroen.
9) Ete pannekaker på Teremok, prøv gjerne dei litt odde variantane med rogn (ganske spenstig), sopp, potet ol. Teremok er ein hurtigmatkjede som du finn fleire stadar i byen.
10) Ete mat på Tsjajnaja lozjka, hurtigmatkjede som russarane brukar flittig. Pannekaker og andre ting blir servert.
11) Mat på restauranten 'Krokodil' "bortafor" Isak-katedralen, sjokoladefoundanten her var fantastisk, ser litt sjuskete ut både ute og inne, men maten var god då eg budde i byen.
12) Mat på restauranten 'Teplo' i Malaja morskaja ulitsa (mellom Nevskij prospekt og Isak-katedralen), god service, bra mat, men litt turistifisert.
13) Mat på restauranten 'Podvodnye jajtsa' i Fursjtatskaja ulitsa (Furschtadt-gata). Litt spesielt, men fint område og veldig god dessertplass litt oppi gata.
14) Utflukt til Pusjkin og Peterhof (tog er mest praktisk) dersom tida strekk til (store keisarpalass begge stadar), reisetid på 1 time kvar veg til kvar av plassane.
15) Oppdag snarvegane gjennom gardsromma slik at du går parallellt med Nevskij prospekt.
16) Tur i rulletrappa på metroen, du skal laaaaangt ned. Stasjonen Admiralitejskaja ved Vinterpalasset er vel den stasjonen som ligg djupast under bakken.
17) Ikkje kjøp den billegaste vodkaen på supermarknaden for noko anna enn å vaske tastaturet (det er det russarane brukar billigvodkane til.
18) Få med deg når bruene over Neva-elva blir opna rundt midnatt (sørg for guds skuld at du er på riktig side, omvegen er ofte lang, kanskje over ein time i bil).
Elles vile eg ha styrt unna stadar der det står vodkamuseum og sjokolademuseum, dei er, slik eg hugsar det, berre butikkar med dyre suvernirar. Marknaden ved Oppstandelseskatedralen er ein stad der det er innafor å prute, men ikkje for mykje.
Visum får du først etter å ha fått tak i ein invitasjon. Fleire av dei større hotella sender deg ein invitasjon (mot betaling, sjølvsagt) som du tek med til ambassaden i Oslo (eller til visumsenteret) i lag med pass og alsken. Her startar visumsøknaden. Behandlingstida er rundt ei vekes tid eller to, ev. éin dag om du betalar det kvite ut av auga.
Ok, dette vart mykje, men eg har vel eigentleg meir på lager
EDIT tillegg:
Transport rundt i byen:
– Buss/trolleybuss var det eg brukte (i tillegg til metroen).
– Drosje og alt anna synst eg var slitsamt.
EDIT 2:
8) Krestov-øya: Du tek metroen til Krestovskij ostrov-stasjonen og så går du ut til Jelagin ostrov (Jelagin-øya). Dette er kanskje plassen for å komme seg litt bort frå storbymaset
Last edited: 15. sept 2019