Skjønner at min oppmoding om å passe på å få nok mat og drikke har blitt tatt godt imot. Det varmer når ungdommen følger de eldres råd. God tur heim.
Herlig rapport! Bodde selv to netter på hotell ICON da jeg var i HK for et drøyt år siden. Fikk dessverre noe kvalmegreier kastet over meg under oppholdet (mulig noe jetlaggreier...), så fikk aldri ytt den fantastiske frokost-buffeten rettferdighet. Må nok tilbake igjen. Flott hotell og stilig med kveldscoktails (som hjalp på kvalmen) i loungen, med utsikt over byen.
Utrolig mye bra mat i HK ser det ut til, man skal da kose seg på tur Men ser det er veldig disig på bildene og de advarslene om luftkvaliteten er jo litt skumle. Merket du noe til dette når du var utendørs? Var det tungt å puste?
Var der fra fredag til søndag, og merket ikke noe på luftkvaliteten til tross for disen. Men synes det så enda litt verre ut på @Stuttfeiten sine bilder... HKG har virkelig mye å by på på matfronten! Enormt utvalg i michelinstjerner der. Alt fra verdens billigste med michelinstjerne, til en rekke trestjerners. Neste gang jeg reiser dit skal matbudsjettet være forberedt for noen skikkelig store innhugg
Det er ikkje noko gale med Sulesund, så lenge ein slepp å høyre melding på høgtalaranlegget: "Ding-dong! Dette er kapteinen. Om ca 25 sekund køyrer vi rett på land. Lykke til, takk!" Tusen takk :tiphat: Nei, eg merka ikkje noko til det. Utførte ein del prøvesnyting for å ha kontroll på HMS-delen av turen, men uten funn. Og med begrensa eksponering/tid satsar eg på det går bra. Trur ikkje eg kan skulde på Hong Kong når dagen kjem at eg ligg på rygg med blomsterkrans i håret... Men disen (eller smog?) har vore godt synleg ja.
Så er opphaldet på Icon over. Hotellet kan absolutt anbefalast, strålande betjening og kjempeservice heile vegen. Legg ved litt eyecandy til motorsyklistane på forumet: Edit: posta litt etter planen. Frokost i SilverKris loungen no.
Det var ein fin tur til flyplassen i bilen frå hotellet. Lite trafikk, og med ein sjåfør som heilt klart har køyrt bil før, så gjekk det temmelig radig. Eg fekk aldri den posten frå København som eg venta på, så eg kvitta meg med litt poeng i dag og slik at eg skal få sitje heilt framme. Nudlar, dumplings og salat blir til god frokost når ein er gjest hos Singapore. Lite folk, berre ein amerikanar som ringjer heim til kona. Dei har visst hatt straumbrot, og no skal kona ut i garasjen og sjekke noko. Eg skal kome tilbake når eg veit om alt står bra til i den garasjen.
Alle grøne lys lyste visst der dei skulle, så trass i straumbrot virkar alt å vere i orden over there. Dagens andre frokost i Thai-loungen. Det er fyrste gong eg besøkjer dei, og det er tommel opp frå meg. Trivelig kokk som passa matdisken, og ho kom med gode råd om valg av chillisaus. Tydelig at ho veit kva ho snakka om, for den her gikk rett i sikringsboksen. Er nesten litt småsvett i panna. Skulle ein ha spurt etter ein dusj igjen kanskje? Mhm, burde prøve å rekke United også. Decisions, decisions...
United har beste utsikta så langt i dag. Men no orkar eg ikkje meir frokost, sjølv om det luktar bacon her. Det nærmar seg boarding også. Tenkjer det rekk med eit glas zero, så får tredjefrokosten i dag bli på flyet. SK964, lay about and prepare to be boarded!
Beste maten hadde Singapore og Thai. Singapore sin lounge var litt "mørk", ingen vindu, men dei hadde champagne. Thai hadde lys og fin lounge, men ingen champagne (før 8:00 i alle fall). Flott utsikt hos United, bacon og flytande eggerøre, usikker på drikkeutvalget. Neste gong blir det nok enten Thai eller Singapore. Får slå mynt eller krone når den dagen kjem Var lang kø i Plaza Premium, så der gjekk eg rett forbi.
Så er vi godt to timar inn i fighten, og han sleipe belgiaren har akkurat tjuva Jane frå Tarzan. Eg håpar løvene et han til slutt. (Er også akkurat ferdig med hovedretten og ventar på dagens høgdepunkt, ost og portvin.) Asparges med bacon for å friste ganen og kickstarte enzymproduksjonen (som om den har hatt sjans å stoppe opp desse dagane), og kamskjell til forrett. Nydelig godt! Til hovedrett valde eg scampi og laks. Nydelige reker, men laksen var vel gjennomsteikt og ganske tørr. Må vere vanskelig å treffe med tilbereding av så fin fisk i lufta. Dei har heldigvis masse godt eg kunne bløyte fisken med. Gunpowder te må vere bankers? Og så halleluja, kom osten på bordet. Om vi går i bakken no er det ein lykkelig mann som sit lengst framme.