Icelandair feirar 80 år, slår til med spesiell Vatnajökull-livery

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I forbindelse med at Icelandair feirar 80 år i 2017 har dei måla eit av sine Boeing 757-200 etter inspirasjon frå isbreen Vatnajökull.

Alle fly i Icelandair sin flåte er oppkalla etter islandske vulkanar og i 2015 vart «Hekla Aurora» skapt etter inspirasjon frå den kjende vulkanen Hekla og nordlyset. Det er dei same kunstnarane som står bak målinga denne gongen. 25 personar har brukt 24 dagar og 195 liter måling på å gjengi isbreen. Det gjekk til saman med 1062 liter måling for å dekke heile flyet.

Vatnajökull er Europas største isbre i volum, og den neste største i areal, etter Austfonna på Svalbard, med sine 8100 km². Til samanlikning er Jostedalsbreen 487 km². Det er tre aktive vulkanar under isbreen.

Gjennomført

Det er ikkje berre på utsida at flyet har fått nytt design. Kabinen er gjennomført i «is- og vassfargar», kabinlyset er stemningsfullt blått og alt frå nakkestøtter til matvogner og serviettar er dekorert for å gje ei autentisk oppleving.

Her du kan du sjå nokre bilete og ein video av transformeringa:

Denne bildekrusellen krever javaskript.

 

Andre selskap

Mange flyselskap har dei seinare åra lete nasjonale og andre kjende ikon kome til utrykk på flya sine. Av dei mest kjende er EVA Air sitt Hello Kitty-fly, ANA sitt Star Wars-fly eller Brussels Airlines sitt Tintin-fly. No har altså Icelandair lansert sitt andre, og underteikna tykkjer dette tek seg veldig bra ut.

Flyet har vore innom København, Glasgow og Frankfurt sidan det vart måla, kanskje får vi også sjå det på Gardermoen etterkvart?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *