Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Lufthansa vil halde fram med å fly Boeing 747 mellom Frankfurt og Berlin fram mot jul, i alle fall fram til 21. desember.
Lufthansa flyg for tida Boeing 747-400 på utvalde avgangar mellom Frankfurt og Berlin, dette er for å avlaste den auka passasjermengda grunna airberlin sin konkurs.
Dette vil også vere tilfelle fram til 21. desember, sjølv om planen var at flyet skulle skiftast ut med ein A321 ved utgangen av denne månaden.
Det er ikkje normalt å sjå so store fly på slike korte europeiske ruter. Det som er spesielt er at du no kan få fly skikkelege businessklasseseter som kan leggjast heilt ned. Dette kan vere ei god anledning til å få fly med «Queen of the Skies» til ein litt rimelegare pris. Insideflyer.dk har vore ute å testa denne ruta, du kan lese om denne opplevinga her (dansk).
Kunne du tenkt deg å testa Boeing 747-400 på denne korte ruta? Kommenter gjerne under, eller diskuter saka på vårt forum.
Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Peter Krogh Frausing for vår systerside Insideflyer.dk.
Legg igjen en kommentar