Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Fredag vart Bybanen til Flesland offisielt opna. 17. august opnar den nye terminalen på Flesland, men allereie i dag kan dei reisande ta Bybanen heile vegen til flyplassen.
Byråd Anna Elina Tryti og fungerande fylkesordførar Pål Kårbø kom med Bybanen medan lufthamnsdirektør Aslak Sverdrup sto på perrongen og ynskte velkomen. Dette markerar enden på Bybanens tredje byggetrinn og er eit resultat av ei samarbeid mellom Hordaland Fylkeskommune, Skyss og Avinor.
Aslak Sverdrup sa følgjande om betydinga av å få Bybanen heilt inn i terminalen.
Plasseringen er sentral for bruken, og Bybanen er det viktigste tiltaket for å øke kollektivandelen til og fra Bergen lufthavn. Nå får passasjerene et godt, bredt kollektivtilbud der de kan velge mellom taxi, Flybuss, buss og Bybane.
Pål Kårbø fekk æra av å klippe sløyfebandet som offisielt markerte opninga. Han la til følgjande:
Dette er en festdag, og jeg er stolt over det vi her har oppnådd på kort tid. Det er en milepæl at vi nå er kommet til endestoppet i sør. Innsatsen må nå settes inn på videre utbygging av Bybanen mot vest og nord.
Til den nye terminalen
Allereie frå laurdag kunne passasjerane ta Bybanen til og frå flyplassen. Bybanen sin endestasjon ligg inne i det nye terminalbygget på Bergen lufthavn og fram til den nye terminalen opnar 17. august må dei reisande spasere frå Bybanestoppet til dagens terminal. Dette vil ta fem minutt og du kan stort sett gå under tak.
Bybanen sitt eksisterande tilbod vil bli vidareført, men med fleire forbetringar, mellom anna vil det kome ekstra avgangar på laurdagar. I den travlaste tida på ettermiddagen vil Bybanen gå kvart 5. minutt. Køyretida mellom Byparken og Flesland er berekna til 45 minutt.
Spanande
Vi er spente på å teste dette nye tilbodet, som vi reknar med at vil bli eit godt transportalternativ ut til Flesland.
Du kan lese meir om opninga på Skyss sine sider her og du finn rutetabellen her.
Legg igjen en kommentar