Snart vert det dyrare bonusbillettar frå Hongkong

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Myndigheitene i Hongkong fjernar forbodet mot drivstofftillegg på flybillettar frå 1. november.

Bonusbillettar ut frå Hongkong har ofte gjeve god valuta for pengane etter at myndigheitene la inn forbod mot drivstofftillegg i 2016. No har altså myndigheitene bestemt seg for å på nytt tillate dette frå 1. november. Det kan ofte vere irriterande med alle skattane og avgiftene som vert lagt til på bonusbillettar. I denne samanheng har Hongkong vore eit unnatak og mange har difor nytta dette som eit utgangspunkt for reisa. Dette er spesielt aktuelt for dei som sit på Avios og dermed kan booke billettar med Cathay Pacific.

Eit eksempel på ein slik tur er Cathay Pacific First Class på ruta Hongkong til Taipei. Forumbrukaren NilsernNilsen skreiv i sommar eit reisebrev frå denne ruta. Søk gjennomført i dag viser same skattar og avgifter på reiser før og etter 1. november, det er difor truleg at dette berre vil bli lagt til på reiser bestilt etter 1. november. Dersom du har tenkt å nytte deg av bonusbillettar i Asia den komande tida kan det difor vere lurt å bestille før denne datoen. For betalte billettar vil dette truleg ikkje ha veldig mykje å seie då denne kostnaden truleg allereie har vore rekna inn i billettprisen.

Det er ikkje overraskande at Hongkong igjen tillett drivstofftillegg. Argumentet i januar 2016 var at oljeprisen gjekk drastisk ned, no er den tilbake på eit relativt høgt nivå. Når dei fleire andre land tillet denne avgifta er det difor ikkje unaturleg at også Hongkong gjer dette. Når dette er sagt so er drivstofftillegg noko som alltid har irritert meg. Ein av dei mest positive fordelane med å ta ut Eurobonuspoeng på SAS-billettar er at du då slepp drivstofftillegg, dette må du betale dersom du bestiller billettar på Star Alliance-partnarar.

Kva tenkjer du om endringane i Hongkong? Ta gjerne diskusjonen på vårt forum.

Framsidebilete: Pixabay / pexels.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *