Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
På SAS sitt arrangement, After Work, annonserte ein at det kom ny, dynamisk prising på bonusbilletter i kategori Beste Tilgjengeligheit. Er det no igang?
SAS har to typer bonusbilletter. Beste pris som blir lagt ut 330 dager før med normalt 2 biz, og 4 pluss og go på langdistanse, og pris frå 60 000 EuroBonus-poeng t/r. Desse gjer ikkje opptjening av bonuspoeng. Den andre er typen er beste tilgjengelegheit, som er vanlige billetter med Eurobonus- opptjenging. Disse har vore prisa spesielt høgt i Europa og Asia, og med noko betre priser på USA.
I går så skjedde det noko med SAS beste tilgjengeligheit. Er det ny, dynamisk prising som var varsla på SAS After Work?
Dei fleste av mine døme er eksempel som EuroBonus Diamant, og der har ein normalt sett fått 30% rabatt. Gull har 10% og sølv har 5%
Det geniale med desse billettene er at ein tjener nye poeng. Det som ikkje er så genialt, er at det er ordinære billetter, og ein følger avbestillingsregler for ordinære billetter og ikkje som bonusbilletter.
I går skjedde det noko på SAS.no sine sider. Det var eit varsel om at ein ikkje kunne booke poeng +penger billetter, men eg klarte det:) Eg plukka opp t/r til Miami for 120 000 poeng, og fråtrekt 24 375 poeng, blir dette netto pris på 95 625 som diamant. Gull må ut med 30 000 poeng meir.
Om ein ser på Europa, så har dette vore tullepriser tidligare, men no fann eg Milano (MXP) i Go til 37000 poeng t/r i juli/august, ca. 60 000 i plus pro(!) og 80 000 i full flex.
Dette er ein mykje betre pris en det var før, og plutseleg mykje meir aktuelt.
Tokyo, byen uten tilgjengeligheit
Tokyo er ein av dei mest populære destinasjonane, og her fann eg reise ut 16 juli og retur 28 juli til 110 000 poeng og 874 skattekroner, noko som blir 9022 kr i Trumf-valuta. Pris på SAS.no er 12749 kroner før ein trekker frå poengverdi, så ein «sparer 3727 kr»
Ein tjener jo også nye poeng her, 16 750 grunnpoeng.
Når ein leiter litt rundt, så finn ein også litt andre billetter, og kan snappe opp ein SAS Business Smart til 55 000 poeng pluss 437 skattekroner. Her tjener ein 12187,5 skattepoeng.
Dette er døme for ein Eurobonus Diamant
Om dette er dynamisk prising slik det blir, så er dette gode nyhende. Og spesielt er det gode nyhende for oss som er Eurobonus Diamant, og det blir ein viktigare fordel.
Hva synes du om denne endringen? Diskuter gjerne saken i forumet vårt!
Legg igjen en kommentar