Smurfar på ein Brussels Airlines A320

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

Den siste tida har Brussels Airlines vore på jakt etter det femte belgiske ikonet som skal pryde flya deira. Korleis skulle det femte flyet sjå ut?

Alle interesserte vart oppmoda om å kome med sine idear. Ut av meir enn 1400 forslag vart det vald to finalistar, Art Nouveau og Smurfar. Brussels Airlines har no annonsert av Smurfane vann. Vinnaren er den italienske studenten Marta Mascellani.

Konkurransen

For ei tid tilbake annonserte Brussels Airlines ein konkurranse der du kunne kome med forslag til det femte belgiske ikon. Ikkje ein heilt framand konkurranse i landet der surrealismen oppsto. Det kom fleire gode forslag i tillegg til Smurfane, mellom anna Spiralis (Marsupilami), Lucky Luke og Le Chat. I tillegg kom det fleire forslag frå musikkens verden, Toots Thielemans, the Saxophone og Jacques Brel. Og sjølvsagt velkjende belgiske godbitar som sjokolade, pommes frites og vafler.

Etter nøye vurderingar valde juryen følgjande to finalistar:

Smurfar

Marta sitt design fekk flest stemmer. Smurfane er populære teiknefilmfigurar som er kjende over heile verda. Designet vil i tida framover bli måla på eit Airbus A320 og frå mars 2017 vil flyet bli teke i bruk. Flyet vil hovudsakleg operere på europeiske ruter. Marta får lov til å følgje heile prosessen tett og sit på første rad når flyet tek si første flyging med det nye designet.

Marta med hennar design. Foto: Brussels Airlines

Vinnaren hadde følgjande å seie:

“Drawing is my big passion so when I heard of the contest I thought it was a great challenge I wanted to take. I’ve always loved Peyo’s creations. I like the Smurfs cartoon and the films. I thought it was also the best occasion to draw them because it’s the 60th anniversary in 2018. It is great that Brussels Airlines is the only airline to promote its country and culture in such a way, painting new special livery planes every year. My brother is a pilot for Brussels Airlines, so I feel connected to the company.”

Brussels Airlines er ein stolt ambassadør for Belgia og forsøker på denne måten å vise dei beste sidene av landet. Dei fire tidlegare belgiske ikona er teikneseriehelten Tintin, den surrealistiske kunstnaren Magritte, det belgiske fotballandslaget og Tomorrowland.

Har du fått med deg at Brussels Airlines investerar i ein ny langdistanseflåte?

Denne artikkelen er opphavleg skriven av Theo Sikking for vår systerside Insideflyer.nl.

Framsidebilete: Brussels Airlines

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *