Test: The Westin Copley Place, Boston

Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.

I forbindelse med ein helgetur til Boston reserverte eg eit rom på The Westin Copley Place.

Hotellet er lokalisert i Back Bay og er næraste nabo til Trinity Church, det er også berre eit litt langt steinkast frå Boston Public Garden og Boston Common. T-banestasjonen Copley og Back Bay station ligg rett ved hotellet. Eg kom til Boston via Logan Airport og tok Silver Line inn til South Station, dette viste seg å vere gratis. Det fans truleg gode transportalternativ vidare, men eg hadde god tid og lite bagasje slik at eg valde å gå til hotellet. Då fekk eg også orientert meg litt i byen på vegen. Spaserturen tok ca 20 minutt.

Innsjekk

Innsjekken gjekk smertefritt og tok fem minutt, det var ikkje noko særleg kø når eg var på hotellet kl 16 denne fredagen. Hotellet hadde seks innsjekkinsstasjonar og fire av desse var bemanna. To for vanlege kundar og to var for kundar med gullstatus eller meir i SPG. I mangel på gullmedlemmar tok alle resepsjonistane seg av oss vanleg dødelege utan status. Eg hadde reservert rommet via tredjepart og hadde ikkje forhåpningar om noko ekstra service. Resepsjonisten var veldig hyggjeleg og søkte på eige initiativ opp SPG-medlemsnummeret mitt, eg fekk beskjed om at eg ville tene poeng på alt eg eventuelt sette på rommet. Eg fekk også beskjed om at eg var blitt tildelt eit deluxe rom og at eg fekk gratis internett. På nettet sto det klart at gratis internett var forbeholdt SPG-medlemmar som hadde booka via Starwood sine nettsider. Nettet fungerte i alle fall veldig godt og eg var godt nøgd.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Rommet

Eg vart plassert på eit rom i 16. etasje og førsteinntrykket var godt. Størrelsen var bra og det hadde alle fasilitetar ein forventar. Senga var behageleg, det same var sofaen. Rommet er på 36 kvadratmeter og i følgje nettsidene til Westin betyr deluxe room at ein får med minibar, høgare etasje og utsikt over by eller elv. Eg fekk utsikt over byen, utan at denne var veldig spesiell. Det følgde også med to flasker vatn per dag, noko som også er inkludert i standardsromma.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Badet

Badet hadde alle fasilitetar ein forventar og det var bra trykk i dusjen. Såpe, body lotion og liknande var frå serien Heavenly Spa by Westin.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Amenities

Rommet hadde rikeleg med USB-uttak, noko som kan vere ein fordel dersom ein skal lade fleire ting samtidig og har avgrensa med adapterar. Det vart USB-uttak på alle lampane, på nattbordet og på arbeidspulten. Rommet vart utstyrt med kaffimaskin og kaffi frå Starbucks, eg testa aldri denne.

Denne bildekrusellen krever javaskript.

Hotellet har både restaurant og bar, men eg testa ingen av desse. På hotellet er det også treningssenter og hotellet arrangerte løpeturar på morgonen. Det var mogleg å låne løpesko og treningsklede for fem dollar.

Konklusjon

Eg var godt fornøgd med mitt opphald på Westin Copley Place, sia eg reiste litt utanom sesongen fekk eg ein veldig god pris via ein tredjepart. Hotellet ligg litt utanfor det som vert rekna som «Downtown Boston», men det er ikkje veldig langt å gå. Det er til dømes 10-15 minutts gange til Boston Common, der mellom anna Freedom Trail startar.

Hotellet kan anbefalast, i alle fall dersom du får ein god pris.

Oversikt

Fordeler

God service
Moderne rom med komfortabel seng
Mange straumuttak på rommet, også USB

Ulemper

Ligg eit lite stykke utanfor sentrum

Service

Beliggenheit

Rom

Funksjonar

Verdi

Overall Rating

Konklusjon

Eg var godt fornøgd med mitt opphald på Westin Copley Place, sia eg reiste litt utanom sesongen fekk eg ein veldig god pris via ein tredjepart. Hotellet ligg litt utanfor det som vert rekna som "Downtown Boston", men det er ikkje veldig langt å gå. Det er til dømes 10-15 minutts gange til Boston Common, der mellom anna Freedom Trail startar.

Hotellet kan anbefalast, i alle fall dersom du får ein god pris.

4.1

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *