Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
Tyskland, landet med julebutikker og julemat heile året, har også dei eldste og kanskje beste julemarkeda, og stort sett så er det tyske julemarked ein etterlignar verda rundt.
Alle tyske byer med respekt for seg sjølv har minst eit julemarked, og om ein treng å leite etter julestemninga, så er Tyskland plassen å reise! No har SAS kampanje på bonusbillettar til Berlin, München og Düsseldorf, og kva passar vel betre en å sjå på kva desse byane kan tilby?
Tyske julemarked har særs mykje til felles med kvarandre, og alle tilbyr lokal produserte varer, typiske julevarer du finn overalt, glüwein, bratwurst og weissbier. Stemninga er ofte best på kvelden, sjølv om det kan vera litt tett med folk. Alle byane under tilbyr topp stemning, og i løpet av dagen så kan du finne opptog, Ompa, demonstrasjoner og korsong. Og om du ikkje er så oppteken av å bruke alt for mykje tid på julemarked, så er kvar enkelt by verdt eit besøk i seg sjølv!
Berlin
26 november til 24 desember
Eg må få innrømme at Berlin er ein av mine favorittbyar, og den slutter aldri og overraske. Noko av grunnen er at du finn mange ulike byar i byen, sjølv om det har vorte noko meir utviska dei siste åra. Dette gjeld også når det kjem til julemarked, og ein finn ulike julemarked rundt om kring i dei ulike bydelane. Eg sleit litt med å forstå byen og julemarkeda fyrste gongen eg var her, men etterkvart så begynte eg å ta for meg bydel for bydel, og ikkje stresse rundt og alt blei mykje betre.
Mitt favorittmarked ligg i Mitte, Gendarmenmarkt, og her koster det €1 og komme inn, men eg føler det er det verdt! Sist me var her endte me opp med å ete ostefondue, og var særs nøgde. Elles er det fine marked ved Alexanderplatz(med tivoli), Gedächtniskirche og ved slottet i Charlottenburg. Du vil også finne små og større marked rundt om kring i byen, men mitt tips er å bruke litt tid på nokre få, då dei fleste er ganske like.
Düsseldorf
22 november til 30 desember
Düsseldorf er en flott by som har gjennomgått ganske store forandringer dei siste åra, og har blitt ein populær helgedestinasjon Denn ligg også sentralt plassert for å komme seg til Køln og Brussel om det frister meir. Düsseldorf har fleire julemarked som ligg kompakt plassert i sentrum. Byen blir særs forandra til jul, og det er ein flott stemning her.
Håndtverker markedet er også ein flott plass å finne både demonstrasjonar og gode produkt!
München
27 november til 24 desember
München kan festivalar, og det leverer også utmerket i julesesongen. Det er fleire julemarked i Munchen, men det viktigaste er på Marienplatz og varar frå 27 november til 24 desember. Dei andre finn du informasjon om her. Munchen ligg også tett på Nurnberg om ein vil oppleve mitt favorittjulemarked av alle eg har opplevd. Her vil du finne eit sentralt marked midt i byen som gjer ein fantastisk stemning!
Legg igjen en kommentar