Denne siden kan inneholde links til partnere som støtter oss hvis du handler fra dem.
IHG (International Hotels Group) har bekrefta at Avid Hotels vert den nye greina i konsernet.
Avid hotels vert posisjonert litt under Holiday Inn Express. Hotella sørgjer for det mest nødvendige for deira besøkande, og det til ein overkommeleg pris. Den nye hotellkjeda har allereie fått si eiga heimeside.
Fresh – Frank – Fair
Under mottoet «Fresh, frank, fair» vil IHG fortelje sine reisande at Avid Hotels er designa for dei som ynskjer eit hotell som lever opp til deira forventningar. «The Basics» er heilt i orden og prisen ligg i gjennomsnitt €10-15 under Holiday Inn Express-kjeda.
Den raude fargen vil prege den utvendige utsjånaden. Som hjå Holiday Inn Express vil frukosten vere inkludert i prisen for overnatting, enkelheit og samtidig høg kvalitet vil vere drivkrafta.
Keith Barr, CEO hjå IHG seier:
“We built our Holiday Inn Express® brand into a hugely successful, leading midscale brand. Now, with the introduction of avid hotels, we’re set to add another one and extend IHG’s leadership position in this segment. With 14 million potential customers looking for the type of hospitality avid hotels will offer, this new hotel brand represents a significant growth opportunity for IHG and our family of owners.”
Romma
Romma vil vere lydisolerte med eit arbeidsbord og opne oppbevaringsrom. Det vil også vere eit innebygd system som gjer det enkelt å koble mobilen til TV-en. Den raude fargen vil også dukke opp på romma.
Vi må nok vente ei stund før det første hotellet i Avid-kjeda opnar. Franchiseprosessen har akkurat begynt og det er endå ikkje gitt ut nokon informasjon om kva som vert først lokalisasjon. Vi avventar spent!
Har du erfaringar med IHG sine hotell og IHG Rewards? Del dei gjerne på vårt forum.
Denne artikkelen vart opphavleg skriven av Theo Sikking for vår systerside Insideflyer.nl.
Foto: IHG
Legg igjen en kommentar